Mi jobbreise del 3: Julahefteseljar

Vi er enno heilt i byrjinga på 80 - talet. 1981.
Eg går i storskulen , spelar fotball med faste lag i friminutta. Er så å seie alltid på det laget som tapar, men kvart friminutt er ein ny mogleik.
Randøy skule er ein nynorskskule, og det er det me skriv, og mange held Norsk Barneblad, som kjem ein gong i månaden, og rett før jul får me spørsmål om me vil selja julahefter.
 Smørbukk og Tuss og troll -  som på ingen måte kan samanliknas med Donald, det var ikkje snakkebobler, historia vart fortalt med tekst under kvar einskild teikning, men me ikkje så kresne på 80 - talet, og eg melder meg friviljug til å selga desse hefta - og skjønar ikkje kva motiv eg kan ha hatt.
Det er ikkje klart for meg kven som var arbeidsgjevar, men det vart organisert via skulen, og mitt salsområde var heile Sandanger-sida, til og med Hovda, Kåda, og Randa.
På ei lita øy som Randøy kjente alle kvarandre på 80-talet, og svært ofte var dei ög i slekt, og når ein 11 - åring kom på døra for å selja julehefter, vart han som regel godt teken i mot.
Pengane sat ganske laust, eg gjekk frå hus til hus i Desembermørkret, med kalde fingrar, og ein kvit bærepose med julehefter, og ein liten brødpose til å ha pengane i, og det eg hugsar best er då eg kom til Ola 'på kaien', som var far sin onkel, og gift med syster til farmor.
Det var minst tre som heitte Ola på Sandanger på denne tida, men berre ein dreiv butikk. Han var ein utprega kremmar, hadde allslags i hyllene sine, frå ost og mjølk, brød og andre daglegvarer til spikar, bensin, snop, fiskeutstyr og så bortetter.
http://paaskeharen.blogspot.com/2014/08/det-som-e-i-slanjen.html
Han var ikkje sjølv ein som bruka pengar i tide og utide, så han var ikkje veldig interessert då eg sto inne i butikken hans med dei siste 2 hefta eg hadde igjen.
Han smatta på gulltanna og argumenterte med at han ikkje kunne kjøpa av ein konkurrent. Men han var mild, eg kan ikkje hugsa noko autoritært eller mørkt i han. Og me hadde ein augneblink der, eg nådde inn til han, og han opna skuffa under kassaapparatet og tok fram to femkroningar og skudde dei over disken til meg. Det blinka muntert i auene hans då han tok i mot eit eksemplar av kvart hefte.
Desemberkvelden kraup tettare kring meg då eg gjekk ut, og det regna lett mot andletet.
Alle pengane eg tente bruka eg på abonnement på Norsk Barneblad. Det kom i ein brun konvolutt ein gong i månaden. Det var ikkje så engasjerande, og papirkvaliteten var irriterande, men det var noko med kjensla av å ha betalt dei sjølv.
Det å arbeida med sal var noko heilt anna enn å vera i primærnæringane.  Ikkje veldig avansert. Ein måtte kunne rekne. Og halde styr på vekslepengane, og resten gjekk eigentleg av seg sjølv. Butikken på kaien er ikkje der lenger, men eg trur vekta ligg i kjellaren heime på Kåda.



Kommentarer

sall1234 sa…
ARTIG å lese. Jeg og søstra mi abonnerte også på Magne. Spennende hver gang det kom i posten med navnet vårt på.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta