mandag, oktober 24, 2016

Sjølvmål


Fram til ungane mine vart fem år gamle, kjende eg meg mest som ein målmann. Eg slappa aldri heilt av når eg var aleine med dei. Det var alltid noko som kunne skje. Dei kunne detta ned og slå seg, brenna seg på omnen, drikke heile Sanasol-flaska på styrten, ete katteskit i sandkassen, skjera seg på knivane i skuffa i kjøkenbenken, eller svigermor sin største fobi: setja noko i halsen. Det var alltid noko. Delvis handlar dette om at små ungar ikkje har korkje motorikk eller erfaringsgrunnlag til sjølv å kunne skjøna kva som er farleg. Språket er kanskje heller ikkje fullt utvikla; det er vanskeleg å forklara dei ting.

Eg redda sonen min frå å drukne i sjøen utanfor Lindesnes ein gong. Eg var ein brukbar målmann den gongen. Åtte på spelarbørsen.

Han var to år. Gjekk og putla med eit spann i fjøresteinane. Eg sat inne på land. Då hovudet hans forsvann, var eg alt i fullt firsprang på veg ut i sjøen, treiv den vesle kroppen og løfta han innåt meg. Auga hans var som to enorme klinkekuler: BOBLER!, gispa han. Det vart litt trøyst, litt hosting og harking, og så bar det ned i fjøra igjen.

Men nokre gonger tek me vaksne dårlege avgjerder på vegne av ungane våre. Trass i at me har både erfaring og er (om enn i varierande grad) motorisk utvikla. Me bankar ballen inn i vårt eige nett på det utrulegaste vis. Då ungane var tre og eit halvt år gamle, første vinteren i Saxamarkå, reiste me ut til Sunde og kjøpte to brukte kjelkar med ratt til hundre kroner stykk. Og så bar det ut i akebakken.

Det var vottar og bamsedressar og huver og epleraude kinn, ikkje ulikt Terese Johaug før Lypsylgate. Snøen var enno kvit. Vinteren er kort i Saxamarkå. Ein lyt ta han på alvor når han kjem.

Det var heilt magisk å sjå den gleda dei utstrålte då eg sende dei utfor ein slak bakke. Me gjorde dette fleire gonger, men så vart det kjedeleg, og eg tenkte at det er jo ein litt brattare bakke òg, litt lenger borti "høgget". Ungane var som sagt berre tre og eit halvt år gamle då, og trafikken var stor. Eg våga ikkje sende dei aleine utfor. Derfor stabla eg dei inn på den eine kjelken. Endre og Ingrid var styrmann kvar sin gong, og eg var kaptein, med det overordna ansvaret for kurs, fart og tryggleik.Dei to første turane gjekk kjempebra. Ungane hylte av fryd. Eg anslo vekta til å vera rundt 130 kilo, med last. Me fossa av stad, som ein rakett.

Men den tredje gongen vart fatal. Det byrja med at eg droppa bremsinga i den slake svingen midt i bakken. Dette førte til at farten vart altfor stor, og då eg endeleg tok til å bremsa, var det for seint. Me køyrde rett oppi eit hòl, og velta på trynet ut over ein asfaltert sykkelsti ved foten av bakken.

Eg ser det enno i sakte film: Begge ungane mine som dalar med dei små andleta mot asfalten, og eg som triv tak i dei etterpå, og trykkjer dei inn mot kroppen. Begge hylskrik. Ingrid har skrubbsår på haka, nasen og panna. Endre har skraper i tinningen, og skrubbsår på den eine handa. Dei har snø i munnen og i øyra. Huvene deira ligg att i snøen. Og mens eg forsikrar dei om at dette var min feil, (noko eg mistenkjer at dei har funne ut heilt sjølve), stilnar gråten. Eg set dei tilbake på kjelken, og så tek me ikkje fleire turar denne laurdagen.

Etter denne episoden vurderer eg for alvor å legga keeperhanskane på hylla, men bit meg fast likevel. For tida går - og dei vert litt større - veks heile tida – umerkeleg, og ein dag vil eg kan hende sakna dei åra då eg ikkje kunne sitja i ro utan å ha radaren på.





tirsdag, oktober 04, 2016

I Kaanans land

Vi er plutselig i Oktober.
Det er mange ting som er plutselig for meg, og det fikk vi eksempel på for et par timer siden.
Rållså prøver å orge oss. Vi har en sånn google-kalender, hvor vi (mest hun) legger inn evenementer og den slags, for å få en oversikt over hvordan vi skal angripe saker og ting. Det er bursdager og møter og lagekvelder og Rållså sine yogatimer, og jeg har kanskje lagt inn to ting fram til jul.
Det er førstemann til mølla-prinsippet som gjelder - jeg er aldri først til mølla - og jeg må innrømme at da jeg så kalenderen etter at Rållså hadde lagt inn sitt, så ble jeg en smule andpusten.
Jeg teller under ti dager som er uten rosa streker. Fram til jul.
Det er åpenbare fordeler med et slikt kalendersystem. Blir det brukt på riktig måte så er sjansen for at man får med seg ting mye større.
En svakhet med systemet kan være at. hvis man ikke oppdaterer fortløpende eller lener seg for mye på teknikken, så er det ikke noe annet som gjelder- muntlige beskjeder går ikke inn.


Da jeg våkna i morges - rundt kvart over fem - hadde jeg den bestemte følelsen av at noe ikke var som det skulle.
Det knirka i loftsenga der jeg lista meg ned leideren i mørket. Det hogg i meg.
Hvor er Rållså?
Det sto ingen sko og slang i gangen, det hang ingen jakke over kjøkkenstolene. Det lå ingen på sofaen. Jeg kikka inn på soverommet, og der var hun heller ikke. Ungene lå på kryss og tvers, men ingen Rållsis.
Hjerterytmen økte betraktelig, der jeg tok enda en runde for å sjekke om hun kunne være der likevel.
Kalenderen min hadde riktignok varsla meg om et møte fra ni til ti i går, men ikke noe mer. Hun skulle jo komme hjem.
Hva i kaanans land kunne ha skjedd?
Jeg så for meg alle slags fæle ting, for eksempel at hun hadde kræsja med sykkelen eller var bortført av aliens eller en eller annen psyko. Hva var nå nummeret til politiet igjen?
Jeg sendte først en melding - en klassisk : Hvor er du?
Og så ringte jeg henne, og heldigvis tok hun den. Og heldigvis var hun på Sørpeland.
Det var jeg som skulle følge ungene på skolen, sa hun. Hun hadde jo sagt det. To ganger.
Du må begynna å hørra itte når eg snakke te deg.
Jeg var bare glad for at aliensene ikke hadde tatt henne med i romskipet sitt.