Innlegg

Viser innlegg fra april, 2016

IV

Kvart jegerlag er sett opp med eit knappetelt. Ein såkalla 'sjudukar', knappa saman av 7 separate dukar i eit såkalla vatn-avstøytande materiale. Dette teltet er bustaden vår når vi er i felt (ute i naturen for å trena på å drepa sovjetrusserar) og det var vi mykje av tida. For å spara tid er sjudukaren knept saman heile tida, og rulla opp, for så å verte plassert på ein sekk. Eg vert esel. Det er mi oppgåve å bera teltet. Det veg 15 kilo når det var tør, og kring 40 når det er blautt. I tillegg ber eg AG 3 - geværet over brystet. Kombinasjonen tung last og dårlege ferdigheter på ski er nok eit syn for medsoldatane mine. Eg dett i nedoverbakkane, eg dett i oppoverbakkane, får snø i geværet, i øyrene, i nakken, i buksa. Vekta av teltet lager blemmer på akslene. Syt syt syt. Det vart mykje lengt der oppe i snøen. Eg er god på lengt. Me hadde vel eit slags samhald. Nokre av gutane levde i ein slags illusjon om at me var elitesoldatar - dette sto i sterk kontrast til det de