Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2019

Tre tøffingar med fletter

Bilde
1: Greta Thunberg, klimaaktivist. 2: Sitting Bull, Urfolksaktivist 3: Willie Nelson, Outlaw-legende. Neste gong: Ubrukelege Justisministrar frå framstegspartiet

Ta det piano

Bilde
Jakta etter struktur og jamnt driv held fram. Me menneskje kan delas inn og sorteras i mange ulike kategoriar, og sjølv om alle har mykje til felles, er det òg ein del som skiljer oss frå kvarandre. Eg har ofte tenkt at det å vera nyfiken er ein slik eigenskap som nokon av oss har fått i rikeleg monn, medan andre er heilt utan. Ein avart av det å vera nyfiken er det å ønska å prøva noko nytt. Det fins dei av oss som trivst best i den såkalla komfort-sona, som finn ein type øl (for eksempel), eller brød eller middag, eller kva som helst dei likar, og held seg til variantar av dette trygge, dette kjende, av di det funkar for dei . Andre er igjen tykkjer det er kjekt å læra seg nye ting, oppleva nye smakar, å verta utfordra på eit vis. KVA MED DETTE? Eg er nok mest i den første båsen der, eg vert ganske fort stressa, og det andre reknar for utfordringar, det kan eg ofte klassifisera som problem. Uoverstigelege hinder kan dukka opp i synsranda og veksa seg store som fjell.. H

Ogna scene 7. Mars

Bilde
Stein Torleif Bjella oppdaga eg saman med Trønderdegosen og Lars Magnus på Ramp på Svartlamoen for 12-13 år sidan, og seinare har eg fått oppleva han live ei rekkje gonger. Det brukar alltid å vera meir enn middels bra, han er ein særs god formidlar og låtskrivar, og i sentrum står tekstane, om bygda, om jordsjuke, einsemd og kjærleik. Det var Rållså som hadde kjøpt billett til meg denne gongen.. Eg stussa rett nok då eg såg at konserten skulle vera på Ogna scene. He? E kje det faenivold sørigjønå? Jo. Det er akkurat det det er. Eg hadde selskap i verdsklasse, med Arnstein og Russerdegosen. I denne samanhengen vert han heitande Olstein. Me sette oss på Toget kring seks, og ein time seinare sto me på perrongen på Ogna, heilt sør på Jæren. Det var 6-8 andre som og skulle på konsert, og Arnstein hadde GPSen på telefonen, og det var kolande mørkt, og regna og blæs, og me gjekk under kvar vår hette som regnet knitra mot, Me gjekk langsmed noko som må ha vore ein golfbane, på ein 

Struktur

Livet som influencer er opp og ned og hit og dit, og i det siste har eg pusla med tankar om å leggja opp faste tema/spalter på faste dagar. Ein slik timeplan kunne til dømes sjå ut slik som dette her: Mondag Suring Tysdag  Grining Onsdag Sminke Torsdag Produkttesting Fredag  Bokspalte Laurdag Fotball Søndag  Rock Spørsmålet er om korvidt faste rammer vil gagna kvaliteten. Alle tips og forslag til tema vert seriøst vurderte og vert belønna med 5lodd i pengelotteriet. Heider og ære og den slags. Ynskjer alle ein strålande Torsdag!

Om superhelting

Tres Amigos frå 1986 er ein film alle burde sjå. Det er noko så sjeldan som ei absurd amerikansk komedie. Det var (sjølvsagt) Magnus som introduserte meg for denne, i VHS-format - i stova i Schmidtakrossen, ¨på ein Akai videomaskin og verdas minste fjernsyn. Det er ein scene i filmen eg har tenkt mykje på i det siste: Scenen der den Meksikanske landsbyen står i umiddelbar fare for å verta totalt utsletta av bandittar, og Steve Martin (den eine av amigoane) desperat freistar å finna ein måte å redda landsbyen på. Ivrig står han framfor landsbybuarane og spør: - KVA ER DET DYKK ER VERKELEG GODE PÅ? - Nei.. Kva skulle no det vera.... - TENK NØYE ETTER! - Jaaaa...Vi er ganske gode til å SY, men... Og så syr landsbyfolket Tres Amigo - kostymer til alle, og brukar dei i ein spektakulær plan for å forvirra bandittane og frelsa byen for desperadosane sine klør. Det å sy er altså desse landsbybuarane si kollektive SUPERKRAFT, dette kan dei så godt at det vippar oddsen over i deira favø