Ogna scene 7. Mars



Stein Torleif Bjella oppdaga eg saman med Trønderdegosen og Lars Magnus på Ramp på Svartlamoen for 12-13 år sidan, og seinare har eg fått oppleva han live ei rekkje gonger.
Det brukar alltid å vera meir enn middels bra, han er ein særs god formidlar og låtskrivar, og i sentrum står tekstane, om bygda, om jordsjuke, einsemd og kjærleik.

Det var Rållså som hadde kjøpt billett til meg denne gongen.. Eg stussa rett nok då eg såg at konserten skulle vera på Ogna scene.
He? E kje det faenivold sørigjønå?
Jo. Det er akkurat det det er.
Eg hadde selskap i verdsklasse, med Arnstein og Russerdegosen. I denne samanhengen vert han heitande Olstein.
Me sette oss på Toget kring seks, og ein time seinare sto me på perrongen på Ogna, heilt sør på Jæren. Det var 6-8 andre som og skulle på konsert, og Arnstein hadde GPSen på telefonen, og det var kolande mørkt, og regna og blæs, og me gjekk under kvar vår hette som regnet knitra mot, Me gjekk langsmed noko som må ha vore ein golfbane, på ein  ustelt grusveg med grove sølepyttar, og så - midt inni ingenting kom me inn på ein parkeringsplass som var mest full med bilar, og det stod ein fyr i refleksvest og styrte parkeringa. Og framom oss låg det eit bygg med tømmerfasade, og me vart tekne i mot og fekk stempel, og då me kom inn måtte eg mest klypa meg i armen.
Det var eit ganske stort lokale, fullt med bord og folk, og med ein scene midt på, pryda med vinylplater kring opninga, og denne estetikken gjekk igjen.
Og det var farga lampar, og framme på kanten av scenen sto dei fem akustiske gitaane til Stein Torleif Bjella.
Tenk deg at du hadde sove, og då du vakna så var du i eit rom som var 50 prosent Roadhouse frå Twin Peaks, og 50 prosent Mongoland.
Då er du omtrent der. Betre rammer for ein Stein Torleif Bjella - konsert finnst ikkje.
Men kven er det eigentleg som er galen nok til å satsa på ein konsertscene på ein slik stad? I midten av ingenting?
Det kunne parkeringsvakten fortelja meg, men eg høyrde ikkje så nøye etter, for eg var så pissetrengd, og doen låg i eit eige bygg tvers over tunet.
Men han sa noko om kor imponerande det var, dette han hadde fått til, han eg ikkje hugsar kven var, som eg rett nok kunne ha googla, men honnør skal han ha, for visjonane sine, og for estetikken, og for denne bookinga.
Det var ingen stad eg heller ville vera ein mørk og kald Torsdagskveld i mars, enn her, med desse folka, og denne fantastiske artisten frå Øvre Ål.
Han rusla på scenen, plukka opp gitaren og såg seg aldri tilbake,
Han var lun og, og publikum var lyttande, og ga han den varmen han fortente, og tidde for å få med seg alt han song, spelte og sa.
Sidan me satt bak, men likevel nære nok, så braut eg prinsippet eg har med å ikkje filma eller ta bilete når eg er på konsert.
Stein Torleif Bjella spelte songar frå alle platene sine, inkludert favorittsongen min som heiter Heidersmenn, og då han var ferdig var det ikkje for seint til èi øl til, og etter den sette me oss på det grøne toget mot Stavanger.
Eg tenkjer at dette gjer eg gjerne igjen, for totalopplevinga er ei av dei beste på lenge.
Hurra for Ogna scene!
Og han fyren, kva han no heiter.

Kommentarer

Anonym sa…
The earth is covered by 70% Water, the rest is covered by Van Dijk!
YNWA

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta