Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2019

#gothsinbluejeans

Bilde
Flyet landar på flyplassen i Düsseldorf, meir eller mindre i rute. Me har god tid, me skal ikkje spela før på Laurdagen. Men Tommy skal ha si første øving med october burns black. Me går og går, finn utgongen, og så stiller me oss der drosjar og minibussar køyrer inn, på eit smalt fortau med overbygg, og der står me med den vesle bagasjen me har, og det vert ringt til organisatorar og sjøførar og what not, men det drøyer, og eg lar meg freista til å ta ein røyk. Han smakar slik dei gjorde då eg var 13, og var på u-klubb på Hjelmeland ungdomsskule, og mest alle gutane i klassen var ute i septemberkvelden, og det byrja å mørkna, og det vart delt ut sigarettar til alle som ville ha. Geir, Magnar, Kjetil, Bjørn Asle, Loyee, Rolf Arne og meg. Der og då. Eit brorskap i plommetjuveri. Glørne som ga andleta våre eit mystisk, maskulint drag. Me var faen så tøffe. Me var gutta i røyken. Det var forbudt å røyka. Og kan hende var det akkurat det som gjorde at det smakte så fantastisk godt.

SAS pluss pluss litt til

Eg tykkjer tog er verdas beste framkomstmiddel. Det har sin eigen rytme, toget. Det går ikkje fort, men fort nok. I ein vanleg stol er det ikkje så lett å sova. Eg ligg med dongrijakken over fanget som eit teppe, og i eine lomma ligg telefonen, og når eg tek han opp for å sjekka klokka, så ser skjermen ut som om ein kulepenn har ejakulert på innsida av han. Han er mørkeblå. Det er typisk upraktisk, og typisk slikt som kan skje, og det passar utruleg dårleg akkurat no. Eg trur eg har vore av og røykt då toget hadde ein kort pause i Kristiansand, men eg er ikkje sikker, eg har slutta å røyka, så eg vonar at eg tar feil. Arni og Eva har hengt i restaurantvogna og kome i snakk med nokon. Me er alle vakne i det med passerer Drammen. Men har eit vindauge på 30 minutt på sentralbanestasjonen. Til Gardermoen-toget skal gå, og me reiser oss, litt støle og ikkje akkurat utkvilte, rydder etter oss og dreg handbagasjen etter oss ut på perrongen og tek avstigning på høgre eller venstre side

Gitarkameratar

Det er 14 år sidan eg skreiv mi første turnèdagbok. Den gongen var me 5 veker på vegen med Trail of Tears og Therion. I bobla, i nightlinerbussen som tok inn vatn. Svein Terje på taket med silikontuba ein stad i Sveits. Opp og ned autobahn, og London, Paris, Praha, Budapest. Tyskland, Tyskland, Tyskland. Lukta av sveitte, øl og sigarettar. Og folka. Jaari og Rippe, Kjetil og Kjell og Terje. Runar. Og oss. Arnstein, Vibeke, Rune, Kenneth, Kjetil, og Svein Terje. Meg med pennen på føremiddagane. Kladdeboka med plastomslaget. Freista å setja ord på kva som eigentleg hende i stjernetåka. I det parallelle universet. Post Tristania har eg vore utanlands på speleoppdrag to gonger, og sist gong gjelds ikkje, for mor var så sjuk då, ho låg på Haukeland og fekk utført ein operasjon ho aldri skulle ha tatt. Og eg klarte ikkje å vera der eg var. Eg var i eit vakuum, hjelpelaust svevande, utan evne til å gjera noko som kunne endra lagnaden. Utan kraft til å stengja det ute. Helvetes jævla