Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2019

Hurra for NRK og lisensavgifta - verd kvar einaste krone

Akkurat no kjenner eg det som om den poetiske åra i meg er i ferd med å tørka ut, dersom ein kan seia noko så sjølvhøgtideleg når ein kjem frå den staden eg gjer. Orda flyt ikkje av seg sjølv, men nye laup opnar seg, og der tyt det ut musikk og kjensler eg hadde gløymt at fanns. Eg tykkjer likevel at det kan vera greit å minna meg sjølv og min smale lesarskare om at eg framleis har puls, og denne bloggen eksisterer på trettande året, og har på mange vis vore hjørnesteinen i min (rett nok vaklevorne, men likevel) kreative eksistens. I helga var eg på eit fantastisk utdrikningslag, vibbefritt og tilbakelent, vaksne mannfolk - plommetjuvar og gentlemen - i varierande grad. skattebetalarar, småbarnsfedre, lærarar, sosialarbeidarar, fagforeningspampar, oljefolk, shippingagentar, IT - folk, og jobbemenner. Kun ein gong heva eg røysta (som eg kan hugsa i alle høve), og det var i ein krangel om politikk. Mine 48 år, og mitt opphald langt ute på ytterste venstre fløy har lært meg å styra

Sjuande i første totusenognitten

Ettermiddagen den sjuande i første 2019 var seig, med vind og regn ståande som ein vegg inn frå Gandsfjorden. 3 grader og regn, akkurat som vervarslinga på snøggbåten hadde spådd. Slike dagar hender det at eg ikkje orkar tanken på å sykla heim, og spør Ulv om eg kan sitja på med han, Me sit i Mercedesen hans, som er ein eldre modell, og han pattar på elsigaretten sin, og me overgår kvarandre i å lovprisa helsefordelane med å slutta å røykja. Me er gode som nye, ja betre enn nye. 2.0 - versjonar av oss sjølv. Eg seier ingenting om at eg gjekk på min første og største sprekk i helga og røykte med beggje hender i halvanna døger i strekk. Mitt knefall for nikotinen er ein løyndom mellom meg og mine tre lesarar. Ungane er på besøk hjå vener, planlagt og oranisert av Rållså. Trafikken tjuknar ved Mosvangen camping, så eg takkar Ulv for turen og går opp den siste bakken. Heime ventar eit fjell av skittentøy, ein kjellar delt opp i kaos-sonar og ryddige sonar, og sortering av vasken vert

Nyttårstale

Bilde
Nyttårstale 2019   K ongen -   og statsministeren har som tradisjon å tala til folket på nyttårsafta, eller kongen på kvelden, og statsministeren dagen etterpå, der dei oppsummerer året som var, og peiker på muligheter og utfordringar for det året som kjem. Kongen klarte seg godt i går. Tynn suppe, men ganske god. Statsministeren har eg mindre tru på. Det er ikkje alltid eg høyrer så godt etter, og det treng eg vel strengt tatt ikkje heller, for det er journalistar an mass som trekk ut det dei meiner er essensen, og så blir det 2019 og så fortset ting som før – Solberg gjer høyreføkk-ting – og kongen tar et nytt år med konging, og Sonja og ymse oppgaver som han løyser etter beste evne. Og me andre går tilbake til liva våre og jobbane våre, akkurat like dumme eller smarte som før.   Når det gjelder 2018, så vil eg seia at mange ting har gått feil vei. Ekstreme statslederar seier og gjer ekstreme ting. Han i USA, han i Brasil, han i Russland, han i Tyrkia, han på