Sjuande i første totusenognitten

Ettermiddagen den sjuande i første 2019 var seig, med vind og regn ståande som ein vegg inn frå Gandsfjorden. 3 grader og regn, akkurat som vervarslinga på snøggbåten hadde spådd.
Slike dagar hender det at eg ikkje orkar tanken på å sykla heim, og spør Ulv om eg kan sitja på med han,
Me sit i Mercedesen hans, som er ein eldre modell, og han pattar på elsigaretten sin, og me overgår kvarandre i å lovprisa helsefordelane med å slutta å røykja.
Me er gode som nye, ja betre enn nye. 2.0 - versjonar av oss sjølv.
Eg seier ingenting om at eg gjekk på min første og største sprekk i helga og røykte med beggje hender i halvanna døger i strekk. Mitt knefall for nikotinen er ein løyndom mellom meg og mine tre lesarar.
Ungane er på besøk hjå vener, planlagt og oranisert av Rållså. Trafikken tjuknar ved Mosvangen camping, så eg takkar Ulv for turen og går opp den siste bakken.
Heime ventar eit fjell av skittentøy, ein kjellar delt opp i kaos-sonar og ryddige sonar, og sortering av vasken vert utført utan at den vaskeansvarlege har heile oversikten.
Så lagar han ei skikkeleg midt på treet kyllingsuppe etter inspirasjon frå ei oppskrift på verdsveven.
Mitt eine born kjem heim. Et mesteparten av suppa eg auser opp til han og seier: Det va i hvert fall bedre enn sardiner! Eg ler litt og takkar for komplimentet.
Den eine fortel om kva dei held på med på skulen, at no har dei byrja på Bergmennene, og at det var noko for fire hundre år sidan, og då var det tungvint å hogga i fjellet. Men enno er det berre overskrifta som er på plass.
Eg hiv på ein vask til, og meldar mitt andre barn om å byrja på heimvegen. Til protestar. Men me vert enige til slutt.
Me går ut i Januarkvelden for å gå mitt andre barn i møte. Lita hand i stor hand. Enno tillit. Enno er det ikkje flaut.
Det er eg glad for.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta