Nyttårstale



Nyttårstale 2019

 Kongen -  og statsministeren har som tradisjon å tala til folket på nyttårsafta, eller kongen på kvelden, og statsministeren dagen etterpå, der dei oppsummerer året som var, og peiker på muligheter og utfordringar for det året som kjem.
Kongen klarte seg godt i går. Tynn suppe, men ganske god. Statsministeren har eg mindre tru på.



Det er ikkje alltid eg høyrer så godt etter, og det treng eg vel strengt tatt ikkje heller, for det er journalistar an mass som trekk ut det dei meiner er essensen, og så blir det 2019 og så fortset ting som før – Solberg gjer høyreføkk-ting – og kongen tar et nytt år med konging, og Sonja og ymse oppgaver som han løyser etter beste evne.

Og me andre går tilbake til liva våre og jobbane våre, akkurat like dumme eller smarte som før.

 Når det gjelder 2018, så vil eg seia at mange ting har gått feil vei. Ekstreme statslederar seier og gjer ekstreme ting. Han i USA, han i Brasil, han i Russland, han i Tyrkia, han på Filippinene, han i Ungarn, han i Polen. Han i Nord Korea. Og i mange andre land.

Det legg på mange vis lista for kva andre kan få seg te å seia, og jakta på ein – eller fleire – syndebukkar – som kan pekas på som truslar mot etnisk eller nasjonal idyll – den er felles for alle desse.

I Norge skylder frp-føkksa på muslimane eller polakkane (polakkane og andre aust-europearar er strengt tatt dei som byggjer landet om dagen) eller elitane (som dei sjølv ikkje er ein del av, sjølv ikkje dei i leiinga), eller Støre, som har ein cunning plan om å snikislamifisera oss.

Det tykkjer eg dei skal slutta med i 2019.

 Den voldsomt tørre og varme sommaren me hadde i 2018 er ei påminning om at det er på tide å ta skeiå i ei aen hånd (sitat Øyvind Bergøy), og innsjå at klimatrusselen er reell, global oppvarming kan bevisas, og same kor bilglad, gammal, tjukk i hovudet eller konspiratorisk du måtte vera anlagt, så må du no vera i stand til å sjå at dette ikkje er normalt. Det å nå klimamåla er alle sitt ansvar. Alle må belaga seg på å legga om livsstilen, inkludert kongen og statsministeren og hvis det medfører at ein må betala meir bompenger, kjøra mindre bil, eller kutta ut ein sydentur eller to i året, eller sortera søpla, eller betala meir i skatt, så tenkje eg at det bare er noko me må bita i oss.

At klimaeendringane medvirkar til at folk må rømma sine heimland er og bevist. Me – som sit heilt på toppen av fløydekagå, midt i den suraste kremen – me er – som medmenneskje forplikta til å hjelpa dei som slit. Våre drømmar er ikkje verdt meir enn deiras.


Det einaste positive eg ser fra nokernok-gjengen, som har aksjonert mot bompengar og rushtidsavgift i stor skala i året som gjekk – er at det i 2018 faktisk var noko som kunne rugga desse folka ut ut av likegyldigheten.

Det som er trist er sjølsagt at saka ikkje er fjerning av feriepenger t dei som er arbeidsledige, og det er heller ikkje at breddetilbudet innen kultur til ungar gradvis vert tatt vekk, eller fengsling av mindreårige asylsøkerar, eller sosial dumping på arbeidsmarknaden som utløyste desse reaksjonane, som sprang ut i landets rikaste provins.
Det var ikkje så mange som gjekk i tog når det blei kjent at dei som er trygda er dei einaste som har ungar som ikkje får auking i barnatrygdå heller

 Eg vil gjerne få minna alle dei som trur at har det godt kun fordi dei har jobba hardt, at dei først og fremst har fortjent det om at det er bare tull. Dei (me) er der me er først og fremst fordi me har hatt ein helvetes flaks, det gjelde både deg, Kong Harald, og deg Erna Solberg, men mange av oss andre og.

Alle dei andre som sat der og gulpa på nyttårsmiddagen sin, medan dei skreiv noko drit om skatt eller Arbeiderpartiet: kan eg få minna dykk om at dykk ikkje hadde hatt korkje fridagar, rett til sjukeløn eller ferie dersom det ikkje hadde vore for Arbeiderpartiet og fagbevegelsa.


 I fem år har me hatt ei regjering som systematisk har tatt frå dei fattige og gitt til dei rike, og per i dag så eig dei ti rikaste prosenta av Noregs befolkning over halvparten av all eigedom i dette landet.

Sånn skal det sjølvsagt ikkje vera. At me akseptere at det er forskjellar e ein ting.

Men skatt på arv og kapital ska sjølvsagt vera minst like høg som skatt på arbeid.


Eg syns at me ska vera litt greiare med kvarandre i 2019, seia litt finare ting til kvarandre og om kvarandre. Ja, det er jo ikkje alltid så lett, men hugs at purreløkane er folk die og. Det er lov å håpa på at dei kan endra seg

Det fins sjølsagt purreløkar som ikkje er folk og. Og dei ska få lov te å fortsetta å vera grønnsaker som før.
Med dette ønskjer eg alle - venner og uvenner - rållsekoppar, purreløkar, plommetjuvar og andre eit voldsomt godt nytt år.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lagelig til for høgg

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Om mørke