Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2021

Hurra for Rogaland Teater! (Me jule deg opp!)

Bilde
  Det er advent. Jula er tradisjonstung for monge av oss. Forventningar, familie. Snart nytt år. Trass i at koronaen herjar ute og inne, så er folk på leit etter den såkalla julestemninga. Monge artistar reiser på juleturnè eller held konsertar med julete innhald. Vener og medmusikantar held ein konsertserie som dei har kalla Christmas for Cowboys . Det er veldig populært, med god og lun stemnning, bra musikk, og fine folk. Ellers finst eit virvar å velja i - Kurt Nilsen, Kurt Pilsen, Swing thing ringadindingding og så bortetter. Min son Endre går på barneteater inne på teateret sjølvaste, og dette året vart teatergruppa hans hanka inn for å vera med på eit julekonsertkonsept i St. Johannes kyrkje i Stavanger. Eg skal vera ærleg og seie at det at sonen skulle vera med var den einaste grunnen til at me hadde kjøpt billettar, og eg hadde på ingen måte sett meg inn i det øvrige programmet. Eg køyrde sonen ned til prøvane på ettermiddagen, desembermørkret hadde byrja leggja seg. Eg hadde l

Utakt er verdens lønn

Bilde
  Argh. Satans pandemihelvete er ikkje over enno. Akkurat slik som dei fleste av dykk er eg drita lei. Eg er lei av å høyra om han i nyhetene lei av å høyra folk som er eller har vore i maktposisjonar krangla om korvidt det er for tidleg eller for seint å gripa inn, lei av krangelen om kven som skal stå kor i vaksinekøen, lei av dei stygge blikka som er tilbake på bussen, og så kan eg ein song om å vera lei, eller meir som eit vers som vart dikta på direkten av ein medsoldat i jegertroppen på skjold i det hersens år 1989. Det var vel på ein utmarsj, tenkjer eg. Me song ganske mykje i jegertroppen, for då tolte me meir gåing, meir gnagsår, meir ømme aksler. Hovedårsaka til at me song var ein nordlending som på eitt eller anna nivå hadde delteke i det amerikanske forsvaret, eller kanskje han berre hadde sett Full Metal Jacket på VHS trehundretusen gonger.  Han døydde forresten han nordlendingen, i ei tragisk basehoppar-ulukke inni fjorden her, for ein del år tilbake. Han var i alle høve

Venterommet

Bilde
På Onsdagane brukar eg å gå bort til Mariero på ettermiddagen, for å huka opp med Endre, og følgja han ned til byen, til drama på teateret. Dei første vekene gjekk me på pizzabakaren foodcourt og åt først, men sidan det renn pengar ut av hendene mine om dagen, så er det ikkje noko me har råd til kvar veke. I dag hadde eg med meg noko niste, og eg såg han på avstand, og han såg meg òg, for han vinka, og eg vinka tilbake, glad for at dette vesle mennesket er i livet mitt. Eg e gla i deg, Endre Eg e gla i deg og, pappa Kvar dag seier me det. Og meiner det. Du e ein knog, men eg e glad i deg Så tek me bussen saman, Endre passar på at eg tek på meg beltet, og spør om eg har betalt. Han er nøye på at me held oss innanfor strekane. Det er fint det. Mykje betre enn det motsette. Me går av byen i jernbanevegen og kranglar om kva som er kortaste vegen rundt Breiavatnet til Sølvberget. Me går på venstre side, forbi Atlantic og på vegen seier me hei til Alvis som har vorte førsteklassing på sjølva