Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2018

Kavalkade

Oppe på hemsen heime på Kåda står det ei bokylle, Ein gong laga på bestilling frå snekkarane frå Hetlandhus som bygde huset.
Det hender at eg kikar i henne når eg er heime. Det er for det meste oppslagsverk - eit Aschehoug-leksikon i 12 bind. Nokre tynne blå bøker som heitte Norgesrevyen eller Året i nyhetene eller noko slikt, der år for år står oppsummert mellom permar.
Bøkene står kronologisk. Byrjar kring 1980, og dei siste bøkene er vel frå 1996.
Dei har ikkje vore ute av bokylla så ofte, korkje før eller no. Årsaka til at dei enno står der er nok at ingen har teke seg tid til eller sett syn på å rydda dei ut og køyra dei til Fretex eller bruktbua eller liknande.
Heime hjå oss var det viktig at vi plasserte oss sjølve i tida. At logikken eller forståinga av samtida gjekk kronologisk, og i ein slags raud tråd, frå a på veg mot b.
I dag er informasjon tilgjengeleg på ein heilt annan måte. Internett og dei. Dei av oss som er på sosiale medier kan følga kvarandre heilt tett innpå Sjå…

Føkk åff

Alle forsett om å produsera ein jamn straum av tekstar her inne har vist seg å væra lite fruktbare. Mest av di ein er den ein er, og den eg er er avhengig av flyt for å yta godt.
Eg har fått ein ny hobby som er enklare enn blogging, men som eigentleg liknar ganske mykje.
Eg tek bilete og legg ut på Instagram.
Akkurat som med blogginga, så er det intuisjon som styrer. Eg går og vasar, og så plutseleg ser eg noko, eller det er noko med lyset, eller eit slagord på ein vegg, ein barnevott mista, funnen og lagt på toppen av eit gjerde. Den berømte votten på gjerdet.
Eg visste ikkje at eg var interessert i foto, men det er eg visst.
Når ein går, tenkjer ein mykje betre enn når ein syklar. I dag har eg gått, og tenkt ganske mykje på dobbeltmoral.
Dobbeltmoral er eit sentralt tema her på paaskeharen.blogspot. Og som regel er det min eigen det er snakk om. Heldigvis er eg ikkje aleine om å vera dobbeltmoralist.
Dei (vi) fins i alle lag av folket, og di høgare opp på stigen ein kjem, jo meir…