Kavalkade

Oppe på hemsen heime på Kåda står det ei bokylle, Ein gong laga på bestilling frå snekkarane frå Hetlandhus som bygde huset.
Det hender at eg kikar i henne når eg er heime. Det er for det meste oppslagsverk - eit Aschehoug-leksikon i 12 bind. Nokre tynne blå bøker som heitte Norgesrevyen eller Året i nyhetene eller noko slikt, der år for år står oppsummert mellom permar.
Bøkene står kronologisk. Byrjar kring 1980, og dei siste bøkene er vel frå 1996.
Dei har ikkje vore ute av bokylla så ofte, korkje før eller no. Årsaka til at dei enno står der er nok at ingen har teke seg tid til eller sett syn på å rydda dei ut og køyra dei til Fretex eller bruktbua eller liknande.
Heime hjå oss var det viktig at vi plasserte oss sjølve i tida. At logikken eller forståinga av samtida gjekk kronologisk, og i ein slags raud tråd, frå a på veg mot b.
I dag er informasjon tilgjengeleg på ein heilt annan måte. Internett og dei. Dei av oss som er på sosiale medier kan følga kvarandre heilt tett innpå Sjå det me vil. Meir enn det me vil.
Dette er status for 2018. Året det var så varmt at den grøne øya eg kjem frå såg ut som Hellas.
Det kjem eg attende til .
Det er Januar 2018. Eg hugsar ingenting frå Januar 2018. Jo, me feira nyttår her - hjå oss - og så køyrde me opp til Ullandhaugtårnet for å sjå på rakettane, men det var mest som å vera midt i ei krigsssone. For det var nokre lyse hovud som hadde rigga fleire batteri kring sjølve tårnet, og skota laga ekko i dei enorme betongveggane, og redsla i Ingrid sine auger kjem eg aldri til å gløyma.
Me drog heim før røyken hadde lagt seg.
Og etter det var det havreskjorta og strilefsa. Kvardagar som i alle familiar som har ungar.
Dans og riing og symjing. Vennegrupper, Lesesirkel, øvingar med bandet.
I mars var eg i Liverpool sammen med gode vener, for første gang på 10 år. Det var stort. Sylvi Listhaug måtte trekkje seg som justisminister og det var pressen som knebla og mobba henne frå embetet.
Liverpool tapar Champiobs League - finalen den 26. Mai, og det er ikkje ufortent.
Eg har skrive 78 bloggpostar. 79 med denne, og det er 10 meir enn i 2017. Eg har fått publisert mitt første dikt i Bondevennen. Det var ikkje mitt beste.
På jobb har me bygd ny fabrikk. Det har vore krevjande for mange, og litt for meg og.
Eg ser at innhaldsmessig så har eg sett mykje bakover, og skrive få kvardagsskildringar, og det er det fleire grunnar til. Først og fremst av di ungane har vorte såpass store at dei kan kjennast igjen, og livet og internettet kan væra så nådelaust.
Rållså og eg var på Bergenfest og fekk sjå mellom anna ein Nick Cave i storform.Festival er kjekt i 2018 og.
Me var på Randøy heile sommaren. Ungane bada kvar dag. Så kom hausten og Per Sandberg måtte gå av som justisminister av di at pressa henretta han politisk. Det var urettvist.
Og i Iran har dei ikkje så mykje sharia, altså. Berre bittelitt,
Me spelte på visefestivalen i Eigersund. Det var fantastisk kjekt.
Den 6. August slutta eg å røyke. Skal ein tru appen, så er det 139 dagar sidan. I følgje den same appen har eg spara sju tusen kroner. Kvar no dei har vorte av. Årsaka til at eg sluttar heng saman med ein lovnad eg ga Endre året før.
Ute i den store verda ristar det i grunnvollane når #metoo- kampanjen tar mannsgriser i maktposisjonar med buksene nede. I Noreg òg.
Målingar viser at åra med Høgre/FRP - regjering gjer fleire rike og fleire fattige. Høgre-helten Hood Robin slår til igjen.
Seint i Desember vert Long Night ferdige med plata si. Eit år på overtid, minst.. Ho vert fin. Heil. Og verdt å venta på.
I den næraste familien har me ikkje mysta nokon dette året. Og ikkje har det kome nokon nye til. Det er ikkje alle som har det slik. Ekstra god klem til dei.
Me skriv vesle julafta 2018. Det har vore eit år på det jamne.
Bloggmessig kanskje litt meir enn midt på treet.
Takk til dei som har lese i 2018. Utan dykk er eg berre rop inn i skogen.
God Jul og Godt nytt år!






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta