Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2019

Arild Nyquist - Ungdom

Eg har ei veke sommarferie att, ei veke me skal væra i Danmark.
Åja, seier folk, kor då.
På Fyn seier eg.
Åja, kor då på Fyn.
Og det er då eg byrjar flakka med blikket, for eg veit ikkje.

Eg har fått lese litt i sommar. Mindre enn eg først hadde tenkt, men det gjer meg godt å lesa. Det er inspirerande..
Eg har vore innom desse bøkene

Ungdom av Arild Nyquist. Ei ganske tung, og ganske sjølvbiografisk bok som handlar om å veksa opp i Oslo på 60 -70 - talet, men heilt annleis enn alle dei andre oppvekstromanane frå Oslo. Heldigvis.
Heiter det spisevegringar på nynorsk? Eteforstyrringar? Eg er jammen ikkje sikker.
Men det har i alle høve han Arilden som er hovudperson i boka, med foreldre frå Oslo vest som er låst i eit ulukkeleg samliv. Etevegringsforstyrringar var neppe snakka så mykje om i Noreg på 70 - talet. Og særleg ikkje blant gutar. Det er vel anoreksi han har.
Nyquist skriv med undring, og det er herleg, tykkjer eg.
Han var visst ein naivist. Ja, men med djup i seg. Boka var ei a…

where you go i go

Bilde
Det er på etterjulsvinteren i 2008. Far min har kledd på seg kjeladressen som det står Norsk Sau og Geitavlslag på ryggen på. Han har trødd i støvlane i halvmørkret. Opna døra slik at hunden kan vera med han ut. Ho spring lukkeleg over singelen, og stega hans høyres tydeleg heilt inn i tømmerstova, der mor sit og sprengfyrer i vedomnen. Han må ha tenkt på meg denne ettermiddagen, og Rållså,. Han har sopt fôrbrettet, og gitt mjøl, og finn bandet til Dalaværen som ber navnet Nordviken.. Me slapp ei lita bombe på julafta. Av det koselege slaget. Først ein tutt - og så - ein tutt til. Tvillingar. Overrasking og gledesutbrot. Rållså var så fin då. Ho skein.

Eg kan vel ikkje huska ein einaste gong at far ba meg om råd. Det var vel ikkje berre meg dette gjaldt. Far var av typen som meinte at han hadde betre peiling enn dei fleste. På det meste. Eller i alle høve like god.
Men det kom seinare fram at han hadde rådført seg med Nordviken, og dei hadde vorte samde: Eg vil riva i tvillingvogn ti…

Eg gløymer aldri 22. Juli

I dag, medan eg køyrde Rållså og ungane til flyplassen, snakka vi om 22. Juli.
Det var Rållså som snakka mest, på eit vis som freista oversetja til ungane - tilpassa det den røynda og den erfaringa som tiåringar har.
Rållså er god til slikt. Det var sterkt å høyra på.
Eg gløymer aldri 22. Juli. At ho som no er kona mi og eg og ungane mine var på vitjing i Kristiansand, hjå besteforeldra hennar på Lund, og det var slikt vèr som i dag. Det regna tett og skodda låg som eit grått teppe over alt det grøne, og halvt skjulte dei sjarmerande trehusa der oppe. Og regnvatnet samla seg i pyttar på vegane, og ungane låg og sov på loftet, med dei små hovuda fylt av alle inntrykka som dagen hadde utsatt dei for, medan me vart sitjande å sjå på nyhetssendingane på fjernsynet, og veksla mellom TV2 og NRK.
Først var det ein eksplosjon i Oslo sentrum, og så kom dei. Bileta frå Utøya, der ungdommar symde i panikk frå øya, medan den høgreradikale terroristen må ha gått rundt inni skodda og freista å dr…

Skada gods

Bilde