Eg gløymer aldri 22. Juli

I dag, medan eg køyrde Rållså og ungane til flyplassen, snakka vi om 22. Juli.
Det var Rållså som snakka mest, på eit vis som freista oversetja til ungane - tilpassa det den røynda og den erfaringa som tiåringar har.
Rållså er god til slikt. Det var sterkt å høyra på.
Eg gløymer aldri 22. Juli. At ho som no er kona mi og eg og ungane mine var på vitjing i Kristiansand, hjå besteforeldra hennar på Lund, og det var slikt vèr som i dag. Det regna tett og skodda låg som eit grått teppe over alt det grøne, og halvt skjulte dei sjarmerande trehusa der oppe. Og regnvatnet samla seg i pyttar på vegane, og ungane låg og sov på loftet, med dei små hovuda fylt av alle inntrykka som dagen hadde utsatt dei for, medan me vart sitjande å sjå på nyhetssendingane på fjernsynet, og veksla mellom TV2 og NRK.
Først var det ein eksplosjon i Oslo sentrum, og så kom dei. Bileta frå Utøya, der ungdommar symde i panikk frå øya, medan den høgreradikale terroristen må ha gått rundt inni skodda og freista å drepa så mange han kunne.
Me visste ikkje at han var høgreradikal før etterpå. Det breidde seg ei uhyggjeleg stemning i stova. Vi forsto ikkje kva som skjedde. På eit vis skjønar eg enno ikkje kva som skjedde. At eit enkeltindivid kunne drepa unge menneskje, kaldt og mekanisk. Så totalt blotta for empati.
23. Juli 2011 herska det ei stille over byen. Som om alt var pakka inn i vatt. Og me som skulle vara vaksne snakka med lågare røyster. Eg hugser at Endre og Ingrid hoppa i sølepyttane nede i sentrum, dei vart 2 år gamle berre eit par veker seinare.
Hendingane på Utøya prega heile landet den sommaren, og kvart år når det vert den datoen igjen, så kjem det opp på ny.
Det var sterkt å sjå samhaldet i etterkant. Alle blomane. Rosetoga. Alle erklæringane. Me skal vinna over hatet. Med kjærleik.
Åtte år seinare er det djupt deprimerande å sjå at tankegodset til terroristen spirar og gror i landet vårt. I kommentarfelta. På sosiale medier, og heilt inn i regjeringskontora, der den eine udugelige justisministeren har løyst av den andre, og nørt opp under framandfrykt og mistru mot folk frå andre kulturar. Det er visst aksept for at det skal vera greit at flyktningar druknar i Middelhavet. Ungar. Me må få dei til å skjøna at dei ikkje kan koma hit og ta frå oss alt me eig.
Gjenvald vart dei òg. Så mykje for kjærleiken.
Ungane og Rållså - det kjennes utruleg feil å kalla henne det når eg skriv om noko så alvorleg - dei vart einige om å kjøpa nokre blomar å leggja ned i morgon.
Og det tykkjer eg er ein fin ting å gjera.
Eg skal tenna lys.
Men no må eg leggja meg. For eg skal på jobb i morgon.
Og høgreradikalt tankegods skal eg kjempa med nebb og klør imot til det ikkje er meir. Eller eg ikkje er meir. Det er mange av oss.
God natt, alle saman. Ta vare på kvarandre.







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Om mørke

Mablis 2019