Arild Nyquist - Ungdom

Eg har ei veke sommarferie att, ei veke me skal væra i Danmark.
Åja, seier folk, kor då.
På Fyn seier eg.
Åja, kor då på Fyn.
Og det er då eg byrjar flakka med blikket, for eg veit ikkje.

Eg har fått lese litt i sommar. Mindre enn eg først hadde tenkt, men det gjer meg godt å lesa. Det er inspirerande..
Eg har vore innom desse bøkene

Ungdom av Arild Nyquist. Ei ganske tung, og ganske sjølvbiografisk bok som handlar om å veksa opp i Oslo på 60 -70 - talet, men heilt annleis enn alle dei andre oppvekstromanane frå Oslo. Heldigvis.
Heiter det spisevegringar på nynorsk? Eteforstyrringar? Eg er jammen ikkje sikker.
Men det har i alle høve han Arilden som er hovudperson i boka, med foreldre frå Oslo vest som er låst i eit ulukkeleg samliv. Etevegringsforstyrringar var neppe snakka så mykje om i Noreg på 70 - talet. Og særleg ikkje blant gutar. Det er vel anoreksi han har.
Nyquist skriv med undring, og det er herleg, tykkjer eg.
Han var visst ein naivist. Ja, men med djup i seg. Boka var ei av mor sine bokklubb-bøker.

På det første ministortinget var eg med og underhaldt - på kvelden i bankbygget på Tau. Eg trur det må ha vore 1993. Då las eg eit dikt av Nyquist som heitte Skjeggbulbul, og det var ein moderat suksess, den opplesinga, og sikkert ei moderat oppleving òg.
Skjeggbulbulen er ikkje å finna på verdsveven, så difor vil eg dela dette her diktet. Ensomhet.
God Tysdag!


ENSOMHET
Ensomhet, sier du.  Det
er greit med litt
ensomhet bare det ikke
blir for mye.  Da åpner jeg døren
og roper ut i natten kom inn
kom inn – her er ensomhet nok
for to! ja for fire! Og
på riktig ille dager brøler
jeg: her er ensomhet nok
for et helt orkester!

Arild Nyquist



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta