where you go i go


Det er på etterjulsvinteren i 2008.
Far min har kledd på seg kjeladressen som det står Norsk Sau og Geitavlslag på ryggen på. Han har trødd i støvlane i halvmørkret. Opna døra slik at hunden kan vera med han ut. Ho spring lukkeleg over singelen, og stega hans høyres tydeleg heilt inn i tømmerstova, der mor sit og sprengfyrer i vedomnen.
Han må ha tenkt på meg denne ettermiddagen, og Rållså,. Han har sopt fôrbrettet, og gitt mjøl, og finn bandet til Dalaværen som ber navnet Nordviken.. Me slapp ei lita bombe på julafta. Av det koselege slaget. Først ein tutt - og så - ein tutt til. Tvillingar.
Overrasking og gledesutbrot. Rållså var så fin då. Ho skein.

Eg kan vel ikkje huska ein einaste gong at far ba meg om råd. Det var vel ikkje berre meg dette gjaldt. Far var av typen som meinte at han hadde betre peiling enn dei fleste. På det meste. Eller i alle høve like god.
Men det kom seinare fram at han hadde rådført seg med Nordviken, og dei hadde vorte samde: Eg vil riva i tvillingvogn til dei nye verdsborgarane.

Eg vart glad då han fortalte dette. Eg hadde enno ingen innsikt i kva babyutstyr mon kunne kosta, eller kva ein skulle sjå etter. Kva utstyr som var naudsynt, og kva som var berre bullshit, men vogn måtte me ha.
Rållså var - og har alltid vore - innkjøpssjef, og stort sett har det vore ein suksess. Kvar detalj har vore gjennomtenkt, og har det ikkje vore blink, så har det vore å reisa tilbake for å byta i noko anna.
Hadde eg vore innkjøpssjef, så hadde me nok mangla meir. Det hadde vore mindre system og mindre overflødig.
Når det gjeld vogna, så vurderte vi 3-4 forskjellige. Sprell nye variantar. Klådde oss i hovudet og prøvetrilla. Vi landa til slutt på ei blå vogn av merket easy walker, med lettmetallunderstell. Lett å trilla, lett å snu. Smal, men samstundes stor nok. Og eg kan seia det no, at denne hadde me nok ikkje kunna kjøpa dersom skulle ha betalt henne sjølve. Til det var ho alt for dyr. Ho kosta like mykje som me fekk for den todørs Nissan Almeraen (den som me no laut selja av di han var for liten til to bakovervende bilsete).

Av alle køyrety far og eg hadde felles eigarinteresser i, så var dette det aller mest vellukka. Betre enn DBS - racersykkelen med 5 gir som me kjøpte på Sand i 1982, og Tempo Tiger - mopeden som me kjøpte på same stad nokre år seinare. Betre enn 15 - hestaren som eg fekk til konfirmasjonen til å setja bakpå den 16 fot longe Selcoen. Betre enn Toyota Carinaen som vart kræsja av Bells natt til 17. Mai i 1990. Betre enn Nissan Kingcab'en som far kjøpte til meg då eg gjekk på vidaregåande, og til og med betre enn mor sin volvo 242 som eg arva og totalvraka på glatta ein gong på vinteren i 1993.

Vogna kom uten heftelsar, utan baktankar, utan arbeidsplikt eller renter, og ho var heilt fantastisk. Det einaste ho mangla var eit askebeger til å ha på styret, ellers var ho perfekt til vårt bruk.
Då ungane var babyar bruka me bagane til å bera dei opp og ned til fjerde etasje i blokka i Rekkefaret. Rållså bar ein og ein frå platting til platting. Når eg var åleine, bar eg begge.
Og vogna var med oss overalt, klikk, klakk, inn i bilen. Klikk, klakk, ut igjen turar kring mosvatnet, turar på Randøy, turar i Danmark. Mil etter mil med dobbelt opp av baby, og sidan toddler. Tunge augo. Små mjuke andlet som stakk fram frå dunposar. Knising og småsnakk. Suring og grining. Heile registeret

Where you go, I gogo with you, I go with you, Yeah.

Den siste gongen eg kan hugsa at vogna var i bruk, var første nyttårsdag 2013.
Me hadde feira nyttår hjå Mari og Alf, og på vegen heim - rett før busstoppet i Slaskamarkå, inntraff spysjuka. Og det vart vasking og dilling og bæbubæbu, og etterpå at alt var plukka frå kvarandre og vaska, så gadd eg faen ikkje setja det saman igjen, me trengde ikkje vogna lenger, og alt vart kasta oppi ei pappøskje for seinare montering.

Så her endar altså historia, for seinare montering var i går. Og det var heilt merkeleg. At hendene mest visste kva dei skulle gjera av seg sjølv, og det dukka opp ting i hovudet, og eg måtte ropa på Rållså, og ho hadde det og litt slik, og eg trur at på heile den timen eg bruka for å kneppa og borrelåsa henne saman, og pumpa luft i dekka, så banna eg berre to gonger (junior som låg i senga og var sur og lei og kjeda seg, humra godt beggje gongene), men to gonger på ein time var longt mindre enn ein kan forventa av ein passe treneva mann på 49 år, i 30 varmegrader.

Vogna er til sals, eller givings, for ho er - som Rållså seier - for god til å hiva.

Og dei som donerte vogna - far og Nordviken er beggje gått i frå oss - men beggje har etterkommarar over heile sørvestlandet, og det er vemodig, men fint å tenka på, og kan hende nokon treng ei barnevogn å trilla ungane sine i, som ikkje er særskild pent brukt, men ho er ein draum å trilla på enno, i 2019.







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta