Skada gods

Bilderesultat for skada gods


Vi er sånn omtrent halvvegs i sommerferien på Randøy, det regner tett, og alt er grønt grønt grønt, ungane sit på stovegolvet og leikar med lego, og eg les to bøker parallelt - Øst for Eden av Steinbeck - og Skada gods av Tore Renberg. Rållså er ute i regnet og skrapar vindaugskarmar, og me håpar på å få malt dei før ferien er over. Men då må det altså slutte å regne først.
Steinbeck-boka er i to bind, og eg fann dei på gardinbretta i tømmerstua, der bokklubb-bøker frå  70-80 og 90 - talet står tett i tett, med sine fleirfarga ryggar peikande ut mot rommet.
Mor var med i 2 bokklubbar, og las kvar einaste bok.


Skada gods - Renberg si tredje Teksas - roman, fann eg i hyllene på biblioteket i Hjelmelandsvågen, og den har eg kika etter. Eller. Tanken har streifa meg når eg har lese bokmeldingar. Eg har lese dei to første bøkene i serien. Det sprutar av dei, den Renbergske energien er eksepsjonell, så vidt eg veit, utan sidestykke i norsk samtidslitteratur.
Skada gods er ei tjukk bok - 500 sider - ho kom ut i 2017, så eg sånn passe sein til å skriva om den, men det er for så vidt heilt i tråd med alt det andre eg held på med.
I Teksas- serien følgjer vi Hillevågsgjengen - der kjernen består av eit trekløver som bur i eit hus i Hillevåg i Stavanger, og har kriminalitet som levebrød, innbrot, ran, utpressing og svindel.
Som dekke driv dei eit flyttebyrå.
Denne tredje boka foregår i førjulstida i 2012, der alle piler i oljebyen enno peiker rett til værs. Rikdomen flyt over det meste av byen.
Jan Inge - som er gjengen sitt mastermind -  tykkjer dei får for lite av kaka. Jan Inge vert beskriven som ein feit, halvskalla fyr med små blåbæraugo. Til liks med dei to andre sentrale figurane er han KRF - veljar, og elskar hardrock og køntri. Men aller mest elskar Jan Inge skrekkfilmar, som har vore hans store lidenskap sidan barneåra.
I innleiinga på Skada gods, har Jan Inge akkurat fridd til eksotiske Beverly Hinna, ei ferm amerikansk dame som har livnæra seg av svindel og heimeprostitusjon frå ei leilighet på Tasta.
Søster hans heiter Cecilie, ho likar hardrockballadar generelt, og Aerosmith spesielt. Ho er kjærast med Rudi, gjengens galematias, som har ein diger jævla kug.
Og Rudi, altså! For ein fest av ein romanfigur! Måten han snakkar på, og tenkjer på - dialekt ispedd amerikansk slang, med tabuord og banneord. Sterke meiningar blanda med lite kunnskap og tvilsame referanserammer.
Skada gods er ei såkalla fleirpersonroman, korte sekvensar der me får væra med inn i hovuda til mange av karakterane, og det gjer at dei vert fleirdimensjonale, at me vert kjent med dei frå fleire sider. 12-åringen Shaun, som er svikta av foreldra og sin narkomane bror vert teken vare på av Jan Inge og Cecilie og deira skakkjørte fellesskap. Shaun gir lesaren klump i magen.
Det skjer mykje drøye greier i denne boka. Noko er groteskt, noko er surrealistisk, og noko er hysterisk morosamt.
Eg tenker at Skada gods er ei bok for alle som likar å lese, men ôg ei bok eg ville anbefalt til folk som ikkje har lese så mykje.
Det kunne mest ha vore ein teikneserie, og det er action all the way.
Hurra for meg som vert 49 år i dag, og enda meir hurra for Tore Renberg som gjer det så kjekt å lesa bøker, som bobler over av energi og fargar. Eg gler meg til neste bok, og trillar ein sekser for denne.
Løp og kjøp.
Eller løp og lån.










Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta