Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2021

Tiing og liding

  Tia og lia   Du mysta nokon Som sto deg nære Den tyngste børa som Nokon kan bera Halda på maska Og gøyma tårer Grina i regnet Der ingen såg deg   Du krumma ryggen Og bøygde nakken Drog med deg børa Kom deg opp bakken Sparte deg aldri Sa ikkje stort Akk, dette livet Seint eller fort   ta ikkje opp stor plass Meir enn dei andre Jobba og stria Bita det i seg Tia og lia   Ugla i fjellet Tuta om kvelden Skar igjennom mørkret Kle lik! Kle lik! Fekk ikkje sova då Inn under teppa Mykje å grunna på Ville kje sleppa   Den kalde handa di, mjuk oppi mine Endeleg kvila no No har du fred Alt det du ikkje sa sette seg i meg Alt det du gjorde Orda du valde   Alle dei tønnene, dei som er tomme Ramlar og skramlar mest Gjallar i rommet Dei kunne lert av deg, snudd seg mot vinden Lert litt om korleis ein Tier og lider