Innlegg

Viser innlegg fra september, 2017

Electric Avenue - Påskeharen tester den elektriske bilen

Rållså og jeg har kjøpt elbil, og sånn sett så er det kanskje i seineste laget å foreta testen etter at skinnet er skutt.
Det jeg kan gjøre er å dele noen betraktninger med dere, for er det èn ting vi menn har greie på, så er det å snakke om oss selv. Det faller liksom så naturlig. Noen av oss elsker å gi råd også. Jeg er ikke helt der. Det er liksom for mye jeg ikke har peiling på.
Men det er ikke alltid de med mest peil som roper høyest. Sjekk ut kommentarfeltene, og dere vil vite akkurat hva jeg hinter til.
Nåvel elbil: Bra eller drid? Fordeler og ulemper?
Rållserauå og jeg landa på en Mitsubishi Miew - en fireseters sak - en Donaldbil - en trillebår med motor.
I og for seg var det kun denne typen bil vi hadde råd til, valget sto mellom Citroen, Peugeot og Mitsubishi, men det er visst ikke noen forskjell på dem.
Vi har pr nå hatt den i 10 dager, den ruller fortsatt, og den største forskjellen på denne og en vanlig bil er at alt er så mye billigere. Forsikringer, veiavgift, bompen…

Hest er best som pålegg

Bilde
Hesten har hatt og har høg status hjå menneska, det kan det ikkje vera nokon tvil om.
Det har nok ein del med potensialet han har, som ridedyr, trekkdyr og arbeidsdyr, som transportmiddel - den har høgare toppfart enn esel, kamelar og kyr, og reint estetisk er dei overlegne dei fleste andre dyr.
I det norske (og internasjonale) språket er hestens forskjellige eigenskapar ofte brukt for å forklara noko eineståande.
Eg nemner i fleng: Hestekrefter. Å lukte eller sveitte som ein gamp. Gamperiff. Å vera Hæstkuk. Sprek som ein fole, sterk som ein gamp, eller sur som ei gammal merr. Eller din trave.
Eller engelske Hung like a horse, som er referanse til den ekstreme størrelsen på forplantningsorgana til hingsten. Min favoritt er det Trønderske Merrabett- som er å klypa på innsida av låret, og som refererer til hestens infame natur.
Eksen min skreiv ei doktoravhandling om hesten, og brukte meg til å sparra med, og oppgåva handla vel mest om det mytiske frå forne tider, om alt det som desse …

Ride ride ranken

Dotter mi har byrja på riding.
Det måtte vel koma, eg har sjølv vore deleigar i ein hest, ein uregjerlig islandshest døypt Frøya: utspekulert , ondskapsfull og bornehatande.
Frekkesen hadde og hest. Silvana. Eg likte henne ikkje.
Eg likar ikkje hestar så godt. Det er så mykje vibbar og styr. Tjuvtriks og himling med augene.
Eg likar kyr,det forutsigbare, rytmen, lyden. Dei gjer seg ikkje til, bit ikkje etter deg eller stiller seg med rassen til og nektar å samarbeide. Hestar har eit stort register av nedrige triks.
Hest er best som pålegg.
Men hesten er eit dyr, og sidan Rållså har ein teori om at eg kommuniserer best med slikt som ikkje har språk (dyr og små ungar), så er det meg som er utpekt til å vera assistent til hesteeventyret.
Dottera mi er det beste selskapet eg kan tenka meg. Ho er nyfiken, sosial, viljesterk og  har humor. Dessutan kan og veit ho mest alt, og det må ho ha etter mora. Eller kan hende etter farfaren.
Det fins verre måtar å bruka Torsdagsettermidagane på enn å…

Liv - men korleis leva det?

Me er ikkje så mange som bur i dette landet, mange av oss er i slekt, og liva våre, og skjebnane våre er vovne saman med tynne trådar som me ikkje kan sjå med det blotte auget.
I Ryfylke er det vanleg å ha minnestund etter ei gravferd, folk har behov for å koma saman og snakka og, ja - minnasts, og det kan ha lindrande effekt å veta at det er fleire som hugser - og som saknar, og ofte letnar det litt då.
I Anders si minnestund var det mykje folk, og det var ikkje akkurat uventa, og då Magnar og eg sette oss ned ved bordet, sat det et menneskje tvers over som eg drog kjensel på, men frå eit heilt anna hjørne av livet. Det var min gamle sjef på Felleskjøpet. Han hadde gått på jordbruksskulen saman med Anders, og her sat me på Høiland gard saman  - 20 år etter at han hadde gått av med pensjon - og hadde band til det same mennesket.
Kåre Øverhus kjem frå Ryfylke, og då han slutta i felleskjøpet hadde han jobba der i meir enn 40 år - dette var og eit argument han brukte ofte i diskusjonar…

Miksepulten og jævla satans krefthelvetet

Dersom hovudet var ein mottakar med sendar og miksepult som plukka opp signal frå det det las og høyrde og såg og tenkte, og munnen eller pennen eller tastaturet slyngde det ut igjen - i ein litt forstyrra miks - av sanning og oppspinn, av teoriar og konklusjonar, av heilskap og fragmentert erfaring. Dersom det var slik, så har eg ein slags samanheng som har vakse fram i meg den siste veka.
Og her kjem råmiksen.

Sist Onsdag var eg på eit såkalla fokusmøte, i eitt av desse halvfulle kontorbygga på Forus. Det var representantar med ulike roller i arbeidslivet, og stoffet var turt som ørkenen før regntida, og eigentleg var det eit fokusmøte heilt på det jamne, utan særleg diskusjon, det var vel mest som ei forelesing, tenkjer eg - med lite nytt å spora - heilt til me kom til siste del, når klokka var fem på ti, og forelesaren drog fram eit arbeidsreglement frå eit kontor. Frå 1872.
1872 er jo ei stund sidan, det har skjedd uhorveleg mykje på mest alle plan sidan 1872. Noreg var ikkje ein…

Det føkkings valet

Eg har ikkje vore veldig aktiv i valkampen. Fjernsynet er fortsatt innpakka i bobleplast, og er - så vidt eg veit - lokalisert i kjellaren ein stad.
Alt som har med stortingsvalet å gjera har skjedd litt utanfor bevisstheita.
Slik har det nok ikkje vore før.
Heime i stova på Randøy bruka me å følgja valsendingane ganske tett - far som var Senterpartimann - og mor som sto ein plass imellom senterpartiet og arbeiderpartiet.
Farmor som ikkje klarte å sei arbeidarpartiet: Ho sa Arbesspartiet med ein liten geip kring munnen.
Mormor var AP - det er lett å forstå kvifor - ho kom frå små kår, og det partiet - saman med fagrøyrsla gjorde enormt mykje for å betra situasjonen for arbeidsfolk i dette landet, i kamp mot Høgre - som alltid har stått på kapitalen si side.
I 2017 er det vanskeleg å få auge på det sosiale engasjementet til AP - dei har orientert seg så langt ut til høgre at ein ikkje ser nokon forskjell lenger.
Havreskjorte og graut på veggen er bytta ut med smarte dressar og kanapea…

Norske kjendiser, Volum 2

Bilde
1:Tv-kjendisen  Chartersvein






2: Den avdøde svana 'Havnesjefen'






3: Blåkvalen 'Keiko'






4 : Multimegastjerne, Artist og realitykjendis Lothepus






5: Skiløperen og Ikke-dopingtatte Ove Aunli - en hedersmann.  Også kjent som 'Han lange på shellen'.















Norske kjendiser

Bilde
Vi tar en oppsummering av norske kjendiser!  5 om dagen til vi går tomme


1: Therese Johaug (Leppa fra Dalsbygda)  - ikke så angrende dopingtatt langrennsutøver.





2 : Børge 'Chinese Whispers' Brende - Utenriksminister og menneskerettsforkjemper Høiremann.
















3:Martin 'no va du jævla smart Schancke - Rallykonge




4: 'Svein' fra hotel Cæsar



5: Eva Joly: norskfransk Jurist og politiker





Om Sommeren - Vi Knauser avgårde

Jeg leser Knausgård.
Og selv om (som flanellskjortemannen poengterte) jeg på ingen måte er på Knausgårds nivå, verken intellektuelt eller formidlingsmessig, så blir jeg veldig truffet av tekstene hans, og måten han skriver på. Hvordan han finner måter å trenge inn i det nære på, det som omgir oss, og leter etter substans.
Jeg trodde at jeg var ferdig med Knausgård - og han med meg - etter å ha lest 5 bind av Min kamp.
Han skulle jo slutte å skrive og greier, og jeg skulle endelig lese noen andre.
Men han er jo forfatter - det er det forfattere gjør - de skriver.
I lesesirkelen Bok & Kneg leser vi omtrent ei bok i måneden, gjerne den samme boka, og for min del har det vært fint. Det er riktignok ikke alle bøkene jeg har fått lest ut, men det ligger en felles intensjon der - om å lese akkurat den eller den boka.
Onde tunger vil ha det til at hele greia bare er et skalkeskjul for fyll og fanteri og bohemsk adferd, men det er det ikke. Det ene trenger nemlig ikke å utelukke det andre…