Det føkkings valet

Eg har ikkje vore veldig aktiv i valkampen. Fjernsynet er fortsatt innpakka i bobleplast, og er - så vidt eg veit - lokalisert i kjellaren ein stad.
Alt som har med stortingsvalet å gjera har skjedd litt utanfor bevisstheita.
Slik har det nok ikkje vore før.
Heime i stova på Randøy bruka me å følgja valsendingane ganske tett - far som var Senterpartimann - og mor som sto ein plass imellom senterpartiet og arbeiderpartiet.
Farmor som ikkje klarte å sei arbeidarpartiet: Ho sa Arbesspartiet med ein liten geip kring munnen.
Mormor var AP - det er lett å forstå kvifor - ho kom frå små kår, og det partiet - saman med fagrøyrsla gjorde enormt mykje for å betra situasjonen for arbeidsfolk i dette landet, i kamp mot Høgre - som alltid har stått på kapitalen si side.
I 2017 er det vanskeleg å få auge på det sosiale engasjementet til AP - dei har orientert seg så langt ut til høgre at ein ikkje ser nokon forskjell lenger.
Havreskjorte og graut på veggen er bytta ut med smarte dressar og kanapear. Kor langt til Høgre kan AP gå før dei faktisk VERT Høgre? Det lurar eg på. Kan hende dei skulle ha skifta navn til FP - Funksjonær-partiet, men det vert vel for likt FRP, som dei og har ein del til felles med.
FRP har slagordet for folk flest, noko som er upresist, tykkjer eg, om ikkje direkte feil.
Har du under 16 prosent av stemmene, så representerer du ikkje folk flest.
Per Sandberg og Carl Ivar Hagen kallar dessutan Raudt og Dei Grøne for små tulleparti, og det er ironisk - at det kjem frå akkurat dei - Sandberg er dømt for vald, og hadde han kome frå Syria, så hadde han vorte send ut av landet, men sidan han kjem frå Trøndelag så får han ministerpost i ei Høgre/FRP - regjering. Han har dessutan vore på talarstolen på stortinget i kanakkas tilstand.
Men no ser det ut som eg er ein dårleg tapar. Og det ER eg og.
Det står ikkje til å nekta for.
Det som har hendt er det ikkje noko å gjera med. Men ungdommen har vorte raudare og grønare. Det er då noko.


Det er mykje anna som hender, Champions League dundrar over skjermane igjen, hausten er her, kveldane vert mørkare, og imellom bygene kan me sjå at trea skiftar farge.
Den elektriske bilen vår kjem snart til Tjensvoll, og gjer etter planen logistikken enklare.
Men det får me vel sjå.
Når den tid kjem.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta