Innlegg

Viser innlegg fra 2019

SAS pluss pluss litt til

Eg tykkjer tog er verdas beste framkomstmiddel.
Det har sin eigen rytme, toget. Det går ikkje fort, men fort nok.
I ein vanleg stol er det ikkje så lett å sova. Eg ligg med dongrijakken over fanget som eit teppe, og i eine lomma ligg telefonen, og når eg tek han opp for å sjekka klokka, så ser skjermen ut som om ein kulepenn har ejakulert på innsida av han.
Han er mørkeblå.
Det er typisk upraktisk, og typisk slikt som kan skje, og det passar utruleg dårleg akkurat no.
Eg trur eg har vore av og røykt då toget hadde ein kort pause i Kristiansand, men eg er ikkje sikker, eg har slutta å røyka, så eg vonar at eg tar feil.
Arni og Eva har hengt i restaurantvogna og kome i snakk med nokon.
Me er alle vakne i det med passerer Drammen.
Men har eit vindauge på 30 minutt på sentralbanestasjonen. Til Gardermoen-toget skal gå, og me reiser oss, litt støle og ikkje akkurat utkvilte, rydder etter oss og dreg handbagasjen etter oss ut på perrongen og tek avstigning på høgre eller venstre side.
Neste…

Gitarkameratar

Det er 14 år sidan eg skreiv mi første turnèdagbok.
Den gongen var me 5 veker på vegen med Trail of Tears og Therion.
I bobla, i nightlinerbussen som tok inn vatn. Svein Terje på taket med silikontuba ein stad i Sveits.
Opp og ned autobahn, og London, Paris, Praha, Budapest.
Tyskland, Tyskland, Tyskland.
Lukta av sveitte, øl og sigarettar. Og folka. Jaari og Rippe, Kjetil og Kjell og Terje. Runar.
Og oss. Arnstein, Vibeke, Rune, Kenneth, Kjetil, og Svein Terje.
Meg med pennen på føremiddagane. Kladdeboka med plastomslaget. Freista å setja ord på kva som eigentleg hende i stjernetåka. I det parallelle universet.
Post Tristania har eg vore utanlands på speleoppdrag to gonger, og sist gong gjelds ikkje, for mor var så sjuk då, ho låg på Haukeland og fekk utført ein operasjon ho aldri skulle ha tatt. Og eg klarte ikkje å vera der eg var. Eg var i eit vakuum, hjelpelaust svevande, utan evne til å gjera noko som kunne endra lagnaden. Utan kraft til å stengja det ute.
Helvetes jævla satans …

Herregud så dumt

Av alle dumme ting vår nåværende regjering har gjort, framstår regionsreformen som noe av det mest uforståelige.
Under mantraet stort er bedre enn smått, har man forsøkt å lage konstellasjoner og sammensetninger av kommuner og fylker på en så amatørmessig måte at jeg ikke kunne ha gjort det stort verre selv.
En serie med absurde folkeavstemninger - hvor ALLE innbyggere tenker med navlen (eller rompa) - og stemmer for det de ser for seg at er best for dem selv.
Ingen ser ut til å ha noen overordnet plan, men i følge Høire er stort best. Uansett.
Derfor har man for eksempel slått sammen Troms og Finnmark. For da blir det stort. Og robust.
En kjøretur under optimale forhold fra Kirkenes - øst i det nye fylket - til den nye fylkeshovedstaden - Tromsø (787 kilometer) vil da ta rundt tolv timer hver vei. Hvis man skal ha et par stopp, så er vel 14 mer realistisk. Da blir det effektivt, vettu.
I Rogaland har vi slått sammen Stavanger med Finnøy og Rennesøy. Ombo - som er en utkant selv i Hje…

Intimsoner og misjonsbefalingar

Det er Laurdag kveld.
Eg har lese Likfunn, og sunge den imaginære radiohiten Flickering Lights saman med Jon Eirikpå 50 - årsjubileumet for Strand Vgs. Det har vore fint. God stemning. Veldig proft leia av konfransierane. Litt mykje lokalpolitikar-talar, men det må vel til ein slik gong.
Eg kunne nok tenkt meg å snakka med fleire, av båe gamle lærarar og elevar, men settinga er kan hende akkurat så..eg veit ikkje..uoverstigeleg at eg ikkje finn det naturleg, og særleg ikkje etter at eg har sunge og lese.
Det har vore monge som har kome bort og sagt fine ord om songen. Det er fint. Eg veit at dei fleste ikkje gjer det av di dei kjenner at dei må. Men eg veit ofte ikkje kva eg skal seia utanom takk. Så kjekt at du likte det.
Me går - Jon Eirik og eg - først i retning puben. Det har regna heile dagen. Det luktar overjordisk av takknemlege planter og tre. Puben er lagt ned. Me går mot hotellet i staden.
Forbi høge, kalde, grå fasadar. Ein studie i dårleg byggeskikk.
Men hotellet er eit va…

Krabbe i frå Nessa

For 8-9 veker sidan fekk eg ein telefon frå Eskil Dalidensen, Eller Eirik Danielsen som han eigentleg heiter, no som eg ikkje bloggar semianonymt lenger.
det er mange ting som er annleis etter at alt vart offisielt.
Radøy har vorte Randøy.
Pillevåg = Hillevåg
Horhaug = Storhaug, Sørpeland har vorte Jørpeland og så bortetter.
Det er på ein måte heilt OK. Me influenserar må tola å seia ting slik dei er, og stå i det dersom det vert oppfatta som kontroversielt.
Eirik Danielsen er rektor på Strand Vidaregåande skule, og (trur eg) den einaste som er igjen av kollegiet som styrte showet då eg var elev der for 25 år sidan.
Det er ikkje så ofte at eg snakkar med Eirik på telefonen. Han er kompis med svigerfar, så eg har treft han nokre gonger, men me ringes ikkje så ofte.
Eirik var gymlærar back in the days, og dessutan primus motor for skulekoret, og alltid aktiv på arrangørsida når det var juleavslutningar som fordra underhaldning frå scenen, og der var eg ôg som regel med, og det var allti…

Sånn går no dagan

Bilde
Det er Tirsdag etter påske, og en tilfeldighet at Rållså oppdaget at ungene ikke skulle på skolen i før i morgen.
Brorparten av påsken har jeg tilbrakt utslått av halsbetennelse, først på mitt gamle gutterom hjemme på Kåda, og seinere på soverommet på Tjensvoll.
Det som er typisk etter langhelger er at det har hopet seg opp med jobbeting, og at man starter på igjen med litt høye skuldre, og hos oss skulle vi over på skift, og mitt skift begynte klokka 06, og jeg gikk igjennom en sammenhengende morgenkonsert fra sprengkåte småfugler, og sola var ved å stå opp, Og disse vårmorgenene er så vakre at de er vanskelige å beskrive.
Det er noe reint og uskyldig over lyset.
Å dele dem bare med en og annen katt (som har som mål å kverke hver jævla småfugl i byen), og en hundeeier som tålmodig ventet på sin smellfeite lille hund med en rull sorte poser i hånda - det opplevdes som et enormt privlegium.
Jeg blei IKKE angrepet av måker heller, men jeg ser at de driver og bygger på de flate hustaken…

Hei, Morten P

For ei tid tilbake vart Ole Gunnar Solskjær ansett som trenar i Manchester United - 'verdas største og beste fotballklubb' - i følgje nokon - og særleg norske journalistar var heilt i frå seg over kor fantastisk dette var. Større eufori og sportsnasjonalisme har ein knapt sett sidan 1994, under OL på Lillehammer og We kill Whales for fun and greenpeacers and what not.
At det vert mersemd kring ein slik jobb er ikkje unaturleg. At Manchester United dobla medlemstala sine i Noreg, og flybillettane til Manchester vart rivne vekk på kort tid var så si sak. irriterande for alle nordmenn som støtta naboklubben, sjølvsagt, som reiser til same flyplass for å sjå sitt lag, og må konkurrera om billettane.
At det vert skrive ein del er heller ikkje unaturleg. Det er friviljug å lesa norsk sportsjournalistikk. Han er ikkje særleg god heller. Dei av oss som beherskar engelsk sånn nokonlunde finn det me treng andre stader. Så longt alt vel.
Det som eg ikkje tykkjer er greit er når slike …

Tre tøffingar med fletter

Bilde
1: Greta Thunberg, klimaaktivist.




2: Sitting Bull, Urfolksaktivist






3: Willie Nelson, Outlaw-legende.






Neste gong: Ubrukelege Justisministrar frå framstegspartiet
















Ta det piano

Bilde
Jakta etter struktur og jamnt driv held fram.
Me menneskje kan delas inn og sorteras i mange ulike kategoriar, og sjølv om alle har mykje til felles, er det òg ein del som skiljer oss frå kvarandre.
Eg har ofte tenkt at det å vera nyfiken er ein slik eigenskap som nokon av oss har fått i rikeleg monn, medan andre er heilt utan.
Ein avart av det å vera nyfiken er det å ønska å prøva noko nytt.
Det fins dei av oss som trivst best i den såkalla komfort-sona, som finn ein type øl (for eksempel), eller brød eller middag, eller kva som helst dei likar, og held seg til variantar av dette trygge, dette kjende, av di det funkar for dei.
Andre er igjen tykkjer det er kjekt å læra seg nye ting, oppleva nye smakar, å verta utfordra på eit vis. KVA MED DETTE?
Eg er nok mest i den første båsen der, eg vert ganske fort stressa, og det andre reknar for utfordringar, det kan eg ofte klassifisera som problem. Uoverstigelege hinder kan dukka opp i synsranda og veksa seg store som fjell..
Hm. Eg slår ikk…

Ogna scene 7. Mars

Bilde
Stein Torleif Bjella oppdaga eg saman med Trønderdegosen og Lars Magnus på Ramp på Svartlamoen for 12-13 år sidan, og seinare har eg fått oppleva han live ei rekkje gonger.
Det brukar alltid å vera meir enn middels bra, han er ein særs god formidlar og låtskrivar, og i sentrum står tekstane, om bygda, om jordsjuke, einsemd og kjærleik.

Det var Rållså som hadde kjøpt billett til meg denne gongen.. Eg stussa rett nok då eg såg at konserten skulle vera på Ogna scene.
He? E kje det faenivold sørigjønå?
Jo. Det er akkurat det det er.
Eg hadde selskap i verdsklasse, med Arnstein og Russerdegosen. I denne samanhengen vert han heitande Olstein.
Me sette oss på Toget kring seks, og ein time seinare sto me på perrongen på Ogna, heilt sør på Jæren. Det var 6-8 andre som og skulle på konsert, og Arnstein hadde GPSen på telefonen, og det var kolande mørkt, og regna og blæs, og me gjekk under kvar vår hette som regnet knitra mot, Me gjekk langsmed noko som må ha vore ein golfbane, på ein  ustelt gr…

Struktur

Livet som influencer er opp og ned og hit og dit, og i det siste har eg pusla med tankar om å leggja opp faste tema/spalter på faste dagar.
Ein slik timeplan kunne til dømes sjå ut slik som dette her:

Mondag Suring
Tysdag  Grining
Onsdag Sminke
Torsdag Produkttesting
Fredag  Bokspalte
Laurdag Fotball
Søndag  Rock

Spørsmålet er om korvidt faste rammer vil gagna kvaliteten.
Alle tips og forslag til tema vert seriøst vurderte og vert belønna med 5lodd i pengelotteriet. Heider og ære og den slags.
Ynskjer alle ein strålande Torsdag!


Om superhelting

Tres Amigos frå 1986 er ein film alle burde sjå.
Det er noko så sjeldan som ei absurd amerikansk komedie. Det var (sjølvsagt) Magnus som introduserte meg for denne, i VHS-format - i stova i Schmidtakrossen, ¨på ein Akai videomaskin og verdas minste fjernsyn.
Det er ein scene i filmen eg har tenkt mykje på i det siste: Scenen der den Meksikanske landsbyen står i umiddelbar fare for å verta totalt utsletta av bandittar, og Steve Martin (den eine av amigoane) desperat freistar å finna ein måte å redda landsbyen på.
Ivrig står han framfor landsbybuarane og spør:
- KVA ER DET DYKK ER VERKELEG GODE PÅ?
- Nei.. Kva skulle no det vera....
- TENK NØYE ETTER!
- Jaaaa...Vi er ganske gode til å SY, men...
Og så syr landsbyfolket Tres Amigo - kostymer til alle, og brukar dei i ein spektakulær plan for å forvirra bandittane og frelsa byen for desperadosane sine klør.
Det å sy er altså desse landsbybuarane si kollektive SUPERKRAFT, dette kan dei så godt at det vippar oddsen over i deira favør.
Me h…

# Du må halda siå

Til dame i sekstiåra i grønn bil som small inn i spegelen min i Dalekleivå i går: Unnskyld for at eg skreik til deg.
I Noreg køyrer me på høgre side av vegen.
Ikkje midt i.
I ettertid ser eg at eg overreagerte.
Det var berre ein spegel .
Vonar dottera di fekk ein fin film, men at ho har sletta han no.
Ha ei fin helg, og overlat gjerne rattet til nokon andre. Ø.

Dorullnissen

Berre for å parkera det skåpet: Eg har verdas beste jobb. Ein av. Og ein veldig bra familie. Og eit - om ikkje alt for spennande, så i alle høve - eit godt liv.
Sånn.
No kan eg skriva om ting som irriterar, som er ganske små, men likevel...
Foreldrerolla er mangslungen, og etterkvart som ungane veks til, så er det opplese og vedteke at ungar skal ha fritidsaktivitetar som gjer at dei får vener, eller finn noko dei likar å halda på med, at dei kjenner mestring og kan utvikla seg.

Her er ei liste over kva me har prøvd til no.

Knøttekor
Piano
Dans for gutar (2 gonger)
Jazzdans for jenter
Symjekurs - mange forskjellige
Riing
Handball
Koding
Drama
Teikning (2 gonger)

Alt dette har hatt eller har ein pris på eit eller anna plan. Ein ting er at det skal tilpassas livet ellers. At ein skal få tid til lekser og familiesamvære, tid til å eta, tid til å køyra og henta og så vidare.
Og så skal ein ha utstyr. Sko eller hjelm eller ball eller knebeskyttarar eller støvlar eller ei pumpe, eller drakt…

Gullfisken

Eg hadde ein gong ei venninne. Ho åtte ein gullfisk som hata henne. Kvar gong ho gjekk forbi akvariet, symde han mot botnen, vart heilt svart, plukka opp ein stein med munnen og symde i full fart mot henne og spytta steinen mot glaset der ho sto. Eg tenkjer at det er mest for godt til å væra sant. Men eg VONAR at det er sant. God helg!

Hurra for NRK og lisensavgifta - verd kvar einaste krone

Akkurat no kjenner eg det som om den poetiske åra i meg er i ferd med å tørka ut, dersom ein kan seia noko så sjølvhøgtideleg når ein kjem frå den staden eg gjer.
Orda flyt ikkje av seg sjølv, men nye laup opnar seg, og der tyt det ut musikk og kjensler eg hadde gløymt at fanns.
Eg tykkjer likevel at det kan vera greit å minna meg sjølv og min smale lesarskare om at eg framleis har puls, og denne bloggen eksisterer på trettande året, og har på mange vis vore hjørnesteinen i min (rett nok vaklevorne, men likevel) kreative eksistens.


I helga var eg på eit fantastisk utdrikningslag, vibbefritt og tilbakelent, vaksne mannfolk - plommetjuvar og gentlemen - i varierande grad. skattebetalarar, småbarnsfedre, lærarar, sosialarbeidarar, fagforeningspampar, oljefolk, shippingagentar, IT - folk, og jobbemenner.
Kun ein gong heva eg røysta (som eg kan hugsa i alle høve), og det var i ein krangel om politikk. Mine 48 år, og mitt opphald langt ute på ytterste venstre fløy har lært meg å styra unna …

Sjuande i første totusenognitten

Ettermiddagen den sjuande i første 2019 var seig, med vind og regn ståande som ein vegg inn frå Gandsfjorden. 3 grader og regn, akkurat som vervarslinga på snøggbåten hadde spådd.
Slike dagar hender det at eg ikkje orkar tanken på å sykla heim, og spør Ulv om eg kan sitja på med han,
Me sit i Mercedesen hans, som er ein eldre modell, og han pattar på elsigaretten sin, og me overgår kvarandre i å lovprisa helsefordelane med å slutta å røykja.
Me er gode som nye, ja betre enn nye. 2.0 - versjonar av oss sjølv.
Eg seier ingenting om at eg gjekk på min første og største sprekk i helga og røykte med beggje hender i halvanna døger i strekk. Mitt knefall for nikotinen er ein løyndom mellom meg og mine tre lesarar.
Ungane er på besøk hjå vener, planlagt og oranisert av Rållså. Trafikken tjuknar ved Mosvangen camping, så eg takkar Ulv for turen og går opp den siste bakken.
Heime ventar eit fjell av skittentøy, ein kjellar delt opp i kaos-sonar og ryddige sonar, og sortering av vasken vert utf…

Nyttårstale

Bilde
Nyttårstale 2019
Kongen -og statsministeren har som tradisjon å tala til folket på nyttårsafta, eller kongen på kvelden, og statsministeren dagen etterpå, der dei oppsummerer året som var, og peiker på muligheter og utfordringar for det året som kjem. Kongen klarte seg godt i går. Tynn suppe, men ganske god. Statsministeren har eg mindre tru på.


Det er ikkje alltid eg høyrer så godt etter, og det treng eg vel strengt tatt ikkje heller, for det er journalistar an mass som trekk ut det dei meiner er essensen, og så blir det 2019 og så fortset ting som før – Solberg gjer høyreføkk-ting – og kongen tar et nytt år med konging, og Sonja og ymse oppgaver som han løyser etter beste evne.
Og me andre går tilbake til liva våre og jobbane våre, akkurat like dumme eller smarte som før.
Når det gjelder 2018, så vil eg seia at mange ting har gått feil vei. Ekstreme statslederar seier og gjer ekstreme ting. Han i USA, han i Brasil, han i Russland, han i Tyrkia, han på Filippinene, han i Ungarn, han i Po…