Logistikksjef


Det er den tida på året då Rållserauå er på sitt aller travlaste, med intensive øvingar med ymse teatergrupper.
Det at Rållså er travel betyr også noko for underteikna, som overtek rorkulten og overoppsynet med lekser, rutinar, besøk, fritidsaktiviteter og så bortetter.
Eg disponerer og eigen bil for å gjera transportoppgåver enklare.
Eg kjenner ingen som har slike morgonrutinar som oss.
Sidan alle er A-menneskje, vert leksene gjort på morgonen før kvart på åtte.
Dette gjeld òg lekser i piano, gitar og blokkfløyte.
Eg skjønar ikkje korleis B-menneskje kjem igjennom leksene på ettermiddagane.
For då er det fritidsaktiviteter. Symjing og handball og drama og teikning og den slags. Klokka fire og fem og kvart på seks og sju. Kva tid et De? I bilen på veg til treninga?

Når eg er heime, så freistar eg å ikkje vera kjelda til stress. Men det kan vera vanskeleg. I går hadde eg ei fin oppleving på morgonen, då det vart stilt i andre etasje etter frukost og dusjing for den eine ungen sin part, og eg gjekk opp trappa og kika inn til dottera mi som sto påkledd og smilte sitt finaste smil og song Ka gjør du her, du lille pappa? Med forsiktig, men klår røyst.
Det er veldig fint å vera nokon sin lille pappa.
Det er julemarked òg til helga. Og så er det verneombudsamling på Torsdag, som eg har ansvar for. Og julebord på Fredag, der eg skal synga og lesa. Og i morgon har eg klemt inn nokre timar med overtid, og då er det uunnværlege svigers som tek over her heime.

Og no skal eg snart køyra Endre på barneteateret, så no må eg pigga. God Tysdag!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta