Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2019

And THEN some 2006 - 2019 - takk for seg

Bilde
På sitt beste har det vore utviklande å skriva blogg. Morosamt. Engasjerande.
Eg skriv i preteritum av di det ikkje  er det lenger.
Det kan henda at kreativiteten - når han kjem attende - finn andre årer å renna i. Som flaumvatnet om hausten. Det veit vi ikkje.
Ikkje eg. Og ikkje du.
Takk til alle som har følgt meg, kommentert og kome med innspel. Særleg Frøken Figen, Rållså, Monstermamma, Frekkesen, Flanellskjortemannen. Monge nemnt, monge gløymd.
Det er tusen måtar å ta livet av ein blogg på, og denne her har eg gjort ende på ved å seigpina han, og til slutt fisla han ut med eit knapt høyrbart fzt, som ein skvett brus i ei litt for stor plastflaske.
Ein nokså vanleg måte å drepa ein blogg på, trur eg.
Det er heilt tilfeldig at dette skjer på same dagen som Sylvi Listhaug vært Oljeminister.
Det er òg heilt tilfeldig at det er same dagen som Søviknesen vært eldreminister.
Det er skjer ikkje fordi ungdommane til Liverpool tapte 5-0 mot Aston Villa i går.
Det er ikkje fordi det er mor …

Jernvegen 12.12.19

Bilde
Eg må ha nemnt igjennom dei snart 14 åra eg har blogga, at eg er svak for tog.
Ikkje på same viset som Fleksnes, som likar at toget går inn av tunellar og ut av tunellar, men på det viset at det går passeleg fort, og er passeleg behageleg, og bind stader og folk saman på ein betre måte enn det vegar gjer.

Då eg kom ned på Paradis stasjon.
Paradis stasjon er det mest misvisande namnet i verda. Han ligg ikkje på, i, eller ved Paradis. Paradis er de penere deler av Storhaug.
Den bibelske forestillinga av paradiset er at det er grønt, bekymringsfritt, og har frukt nok til alle.
Stort lenger vekk frå jernbanestasjonen på Lagårdsvegen er det vanskeleg å koma, og særleg på ein Desemberdag klokka halv ni, med svært skiftande vær, og intense byger som skyljer inn over fjorden og båthamna og tømer seg over Våland så slukane slit med å svelga unna alt vatnet.
Den islamske varianten av paradis - eller martyrane sitt paradis - inneheld visstnok noko om 100 jomfruer pr. martyr (eg er på tynn is her…