Jernvegen 12.12.19

Eg må ha nemnt igjennom dei snart 14 åra eg har blogga, at eg er svak for tog.
Ikkje på same viset som Fleksnes, som likar at toget går inn av tunellar og ut av tunellar, men på det viset at det går passeleg fort, og er passeleg behageleg, og bind stader og folk saman på ein betre måte enn det vegar gjer.

Då eg kom ned på Paradis stasjon.
Paradis stasjon er det mest misvisande namnet i verda. Han ligg ikkje på, i, eller ved Paradis. Paradis er de penere deler av Storhaug.
Den bibelske forestillinga av paradiset er at det er grønt, bekymringsfritt, og har frukt nok til alle.
Stort lenger vekk frå jernbanestasjonen på Lagårdsvegen er det vanskeleg å koma, og særleg på ein Desemberdag klokka halv ni, med svært skiftande vær, og intense byger som skyljer inn over fjorden og båthamna og tømer seg over Våland så slukane slit med å svelga unna alt vatnet.
Den islamske varianten av paradis - eller martyrane sitt paradis - inneheld visstnok noko om 100 jomfruer pr. martyr (eg er på tynn is her).
Eg har aldri skjøna det der martyrgreiene, og båe det og dei der jomfrugreiene er middelalderske begrep som ikkje har noko i 2019 å gjera.

Men altså - den store idyllen glimra med sitt fråvere - kaffikoppen var ikkje ordentleg tett - så halvparten rann ut oppi datasekken, og farga nedre del av notatbøkene mine brune. Eg måtte isolera med refleksvesten slik at eg kunne fortsetja reisa. Datamaskina slapp med skrekken.

Eg skriv dette i den eine notisboka: Ho bar eit refleksband kring eine ankelen, utanpå strømpebuksa, over dei låge skoa.
Mest av alt fekk det henne til å likna ein ringmerka vadefugl, der ho sto. 
Eg venta halvegs at ho skulle byrja å nippa etter smular på den fuktige perrongen.
Eller kan hende det var ei fotlenke.
Det er monge grunnar til å reisa med toget.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta