Innlegg

Viser innlegg fra september, 2023

U 18

Bilde
  Endre sit band - Wragh - har øvd tett heile sommaren - 2-3 gonger i veka, og hatt fleire konsertar, og torsdag spelte dei support for Sløtface på ein gratis under 18-konsert på ungdomsklubben Metropolis. Det var første gongen eg var på Metropolis etter at dei flytta frå Nytorget i vår. Eg er ikkje i målgruppa heller, for å sei det sånn. Dei har flytta til St. Olav. Salen er større, det er høgare under taket, og inngongen er frå ei gågate. Eg heiar ubetinga på Metropolis, måten dei legg til rette for ungdommar som vil halda på med kultur. For Endre og gjengen har det betydd utruleg mykje. Og for kvar gong eg ser Wragh!, er dei litt betre enn gongen før. Denne gongen hadde dei på førehand diskutert at dei skulle ha opp energinivået. Endre sa til meg at dei skulle spela ti minutt, og då sa eg HÆ? Ti minutt e jo bare to sangar. Nei, det e fira sangar, sa Endre. Galnaste eg hadde høyrt. Det var vel ein plass mellom femti og hundre ungdommar der, Wragh byrja på sitt sett i det dørene vart

Fantastic = Okay

Bilde
  Det er snart to veker sidan Dublin, og hoi som tida går. Sist innlegg var gamaltestamentlig i form (og farge). Orsak. Me har kome til det som ofte er høgdepunktet når ein reiser til utlandet og spelar konsert, men det hender at det er omvendt. The Soundhouse ligg ei gate opp frå elva, veldig sentralt i Dublin. Då me kom dit, med pikkpakket vårt, for å ha lydprøve, verka heile staden dau, og ikkje skjøna me kor me skulle gå inn, men til slutt fekk me fatt på arrangørane, The Nosferatu hadde rangen på lydprøve, og dei var etter skjema, noko som betydde at me var etter skjema me og, og då me kom opp i lokalet, hadde dei ikkje byrja på stortromma enno, og me tenkte vårt. Etablissementet haldt god Britisk standard, med tepper i trappene, gongar bak toalettet, og golv som var så impregnert i øl at sandalane hang litt igjen, og laga ein slurpeaktig lyd når eg forflytta meg frå A til B. Alt var med andre ord slik det skulle vera. Klubben er ikkje særskilt stor, eit smalt, men ganske longt lo

Screwdriving

Og dei vakna klokka 0400 om morgonen av ein voldsom varme, og Arni fiksa Airconditionanlegget, og dei la seg til å sova igjen, og det var godt. Og dei vakna såpass tidleg igjen at dei kunne rekka frokosten, og Arni spurte Øystein om dei skulle ta ein dram før eller etter, og Øystein sa før og etter, og dei lo, og slik vart det, og det var godt. Dei gjekk ned i frokostsalen, der det var båe egg, champignon, tomatbøner og bacon, og dei åt og drakk i vrimmelen av røyster frå fjerne land som Italia, Spania og Nordland, og dei drakk kaffi og røykte utanfor, der det såg ut til å vera ein slags fristad på ei lita løkkje av grus, der festen var i gong alt, og det var rett ved eit gudshus som kanskje var ein moskè. Og dei tykte at det var meinsleg at dei måtte byta hotell, og etter kvart fekk dei tak i Tommy og Yevheenia, som hadde gjort turistting og vore på museum og sett Book of Kells, som er ei særs gamal bok. Dei dreiv nedover byen, mot elva, og med eitt kom det ein parade som feira eller

Dubliners

Bilde
 Det har blitt som ein tradisjon å skriva turnèdagbok her. Heilt sidan Søramerikaturen med Tristania i totusen og.. seks? Åtte? Noko der omkring. For ei drøy veke sidan var vi ute og lufta oss med Long Night.  Flyet frå Sola til Gardermoen gjekk så tidleg på fredagen, at flybussen ikkje hadde byrja å gå enno, og Arni og eg hadde tenkt å dela ein drosje, men så vart Rållså redninga. Ja vel då, for faen i helvete. Kvart over fem var ikkje så uvanleg for ti-tolv år sidan. Men no er det jo pissetidleg. Me køyrde ut til Forus, henta Mr. lead guitar, og køyrde ut til flyplassen, der me møtte Mr. og Mrs. Lead composer. Og det vanlege styret med pakking og ompakking og kven tek CDane, og kablane, og har nokon plass til Helixen, boardingkort og remser til å henga på handtaka til bagasjen som skulle sendast. Eg hugser lite frå flyturen, utanom at eg sette meg feil to gonger før purseren (som var svensk) fekk geleida meg til setet mitt. Eg var raud i kinna, var kledd i shorts og sandaler, og kjen