Dubliners



 Det har blitt som ein tradisjon å skriva turnèdagbok her.

Heilt sidan Søramerikaturen med Tristania i totusen og.. seks? Åtte? Noko der omkring.

For ei drøy veke sidan var vi ute og lufta oss med Long Night. 

Flyet frå Sola til Gardermoen gjekk så tidleg på fredagen, at flybussen ikkje hadde byrja å gå enno, og Arni og eg hadde tenkt å dela ein drosje, men så vart Rållså redninga.

Ja vel då, for faen i helvete.

Kvart over fem var ikkje så uvanleg for ti-tolv år sidan. Men no er det jo pissetidleg.

Me køyrde ut til Forus, henta Mr. lead guitar, og køyrde ut til flyplassen, der me møtte Mr. og Mrs. Lead composer.

Og det vanlege styret med pakking og ompakking og kven tek CDane, og kablane, og har nokon plass til Helixen, boardingkort og remser til å henga på handtaka til bagasjen som skulle sendast.

Eg hugser lite frå flyturen, utanom at eg sette meg feil to gonger før purseren (som var svensk) fekk geleida meg til setet mitt. Eg var raud i kinna, var kledd i shorts og sandaler, og kjende på at det nokså strigla klientellet av medreisande stakk hovuda saman og kviskra og smålo over kva IDIOT dette var. Frynsefranz der.

Eg vart sitjande mellom ein tjukkas og ei nett dame i tredveåra, dytta bluetoothproppane inn i øyrene og kobla ut.

Gardermoen er den verste flyplassen eg veit om, og særleg i transitt, men me kom oss ut, og fekk røykt, og gjekk igjennom dagens andre tryggleikskonroll, før me kunne tre inn i parfymevestibylen på internasjonal sone.

Me hadde 3 timar, og fann den plassen i andre etasje, der det ikkje var så mykje folk, og dei selde alkohol og mat til skamlause prisar, slik tradisjonen er.

Me flaug til Dublin, og det tok nesten to timar, og eg tok fram Norwegian Wood - som eg hadde kjøpt i paperback- versjon sidan eg ikkje kunne finne den boka eg eigentleg las i.

Finfin bok. Bra til Gin Tonic og potetgull og øl. Bra til kaffi  og muffins og Neko Case. Bra til tidlege morgonar på anonyme hotellrom i Europeiske storbyar. Og så bortetter. Beste boka eg har lese i år.

Mel landa i Dublin klokka 12, der var varmt i tunnelane inn mot gaten. Mest som i syden. Drosjen køyrde oss til hotellet i Dublin sentrum, eit heilt OK hotell med litt små rom og smale, teppelagde korridorar. Arni og eg fann kvar vår seng, og eg hengde dressen i skapet, og me hadde ein liten dram før me drog ut i den Irske seinsommardagen.

Sjølv har eg dårleg stadsans, så eg let Arni og Tommy å finna vegen, med kvar sin telefon med kvar sine alternative Google Maps- ruter.

Me huka opp med June og gjengen som hadde teke turen frå gamlelandet for å heia på oss, og inntok forfriskningar i mange ulike variantar, og fekk ta del i ein fotosession med og utan selfiestong.

Det var godt der inne i hotellbaren, med aircondition og høge drinkar og Guinness med tjukt skum på toppen. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta