Screwdriving


Og dei vakna klokka 0400 om morgonen av ein voldsom varme, og Arni fiksa Airconditionanlegget, og dei la seg til å sova igjen, og det var godt.

Og dei vakna såpass tidleg igjen at dei kunne rekka frokosten, og Arni spurte Øystein om dei skulle ta ein dram før eller etter, og Øystein sa før og etter, og dei lo, og slik vart det, og det var godt.

Dei gjekk ned i frokostsalen, der det var båe egg, champignon, tomatbøner og bacon, og dei åt og drakk i vrimmelen av røyster frå fjerne land som Italia, Spania og Nordland, og dei drakk kaffi og røykte utanfor, der det såg ut til å vera ein slags fristad på ei lita løkkje av grus, der festen var i gong alt, og det var rett ved eit gudshus som kanskje var ein moskè.

Og dei tykte at det var meinsleg at dei måtte byta hotell, og etter kvart fekk dei tak i Tommy og Yevheenia, som hadde gjort turistting og vore på museum og sett Book of Kells, som er ei særs gamal bok.

Dei dreiv nedover byen, mot elva, og med eitt kom det ein parade som feira eller markerte noko dei kalla for Recovery day.

Dei gjekk i varmen, over brua, og igjennom turststroket og fann ein stad der dei selde brennevin og svart, Irsk øl, og det var eit orkester der, ein duo, med ei dame som spelte fele, og ein mann som song og spelte gitar, og etter den første songen spurde han publikum: Good morning! Are You hung over?

Og dei fann seg eit bord i skyggen, og dei tykte dei hadde det godt.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta