U 18

 


Endre sit band - Wragh - har øvd tett heile sommaren - 2-3 gonger i veka, og hatt fleire konsertar, og torsdag spelte dei support for Sløtface på ein gratis under 18-konsert på ungdomsklubben Metropolis.

Det var første gongen eg var på Metropolis etter at dei flytta frå Nytorget i vår. Eg er ikkje i målgruppa heller, for å sei det sånn.

Dei har flytta til St. Olav. Salen er større, det er høgare under taket, og inngongen er frå ei gågate. Eg heiar ubetinga på Metropolis, måten dei legg til rette for ungdommar som vil halda på med kultur. For Endre og gjengen har det betydd utruleg mykje.

Og for kvar gong eg ser Wragh!, er dei litt betre enn gongen før. Denne gongen hadde dei på førehand diskutert at dei skulle ha opp energinivået.

Endre sa til meg at dei skulle spela ti minutt, og då sa eg HÆ? Ti minutt e jo bare to sangar.

Nei, det e fira sangar, sa Endre. Galnaste eg hadde høyrt.

Det var vel ein plass mellom femti og hundre ungdommar der, Wragh byrja på sitt sett i det dørene vart opna, og det har eg ikkje vore med på før, folk stimla fram mot scenen, monge frå klassen, nokre emokids, søsken, foreldre, et par dongrivestar med Iron Maiden på ryggen.

E EG GAL? ELLER NORMAL?, kaukar Endre, mens han småspring fram og tilbake over scenen, det er velvilje i massevis fra salen, det er litt feedback - eg gissar på at det er pluggen til bassen - men dette er jo pønk - Jesper dundrar laus på trommene og Viktor spelar hardt og konsentrert på bassen.

Google Hypokonder er neste låt, og så den nye, og Endre slenger frå seg skinnjakken, og så er det slutt.

Dersom ein reknar med introsongen, kan ein seie at det var tre songar, så både Endre og eg hadde litt rett. Eg har spela i band der me klarte 3 songar på ein halvtime, men meg om det.

Eg tykte ti minutt var litt for lite.

Deponi frå Bekkefaret var neste band ut, og Rållså og eg hadde trekt oss litt attende i lokalet, og dei spela meir metal - vokalisten instruerte lydmannen i å justera monitorane - dei klarte seg godt dei òg.

Hadde vener og kjende i salen som heia og sikkert 150 i puls.

Me som var foreldre, eller i alle høve eg, då - kjende oss litt som eksamensvakter - sto å kika på ungdommane der framme, som var publikum på rockekonsert. Alle var redde får å verta ståande aleine, nokon gjorde mykje utav seg, andre mindre, og alt dette vart forsterka då Sløtface gjek på ein snau halvtime seinare.

Haley, eller kva ho heiter som syng i Sløtface er fullblods frontfigur, naturleg når ho snakkar, tøff og inderleg når ho syng, eg dreg kjensel på henne som spelar bass - ho spelar og bass i Slomosa, eit steintøft stonarrock-band, og heile bandet her er enormt friskt og stødig, sjølv om lyden er litt låg og boksete.

Dei får gang på ungdommane, og me gamle trekk bakover, i frykt for å havna i moshpiten som vert dregen i gang framfor scenen. Det kunne like godt vore ei glassplate mellom oss og dei der framme. Denne konserten er ikkje for oss. På eit punkt kjem bandet ned i salen for å laga liv, og det ser ut som om det fungerer, 

Under 18- publikum er nok fullt på nivå med dei fleste vaksne publikum. Det er minimalt med jabb, og mobilane kjem berre fram når Haley ber om det, det er stødigare applaus, for her står det ingen med ølglas i den eine handa.

Når me skal gå, ligg det fire eller fem fjortisjenter i formasjon ute i gågata.

Temmeleg crazy.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta