Fantastic = Okay

 


Det er snart to veker sidan Dublin, og hoi som tida går.

Sist innlegg var gamaltestamentlig i form (og farge). Orsak.

Me har kome til det som ofte er høgdepunktet når ein reiser til utlandet og spelar konsert, men det hender at det er omvendt.

The Soundhouse ligg ei gate opp frå elva, veldig sentralt i Dublin. Då me kom dit, med pikkpakket vårt, for å ha lydprøve, verka heile staden dau, og ikkje skjøna me kor me skulle gå inn, men til slutt fekk me fatt på arrangørane, The Nosferatu hadde rangen på lydprøve, og dei var etter skjema, noko som betydde at me var etter skjema me og, og då me kom opp i lokalet, hadde dei ikkje byrja på stortromma enno, og me tenkte vårt.

Etablissementet haldt god Britisk standard, med tepper i trappene, gongar bak toalettet, og golv som var så impregnert i øl at sandalane hang litt igjen, og laga ein slurpeaktig lyd når eg forflytta meg frå A til B. Alt var med andre ord slik det skulle vera.

Klubben er ikkje særskilt stor, eit smalt, men ganske longt lokale, med ein halvhøg scene, utan dei mest spektakulære lyd eller lysriggane. Det gjorde ingenting. Me røykte og drakk. Og venta. Eg poppa strepsils mot ei seig forkjøling. Me venta litt til, og så endå litt til, og det var ingen der blant musikarar eller crew som somla med vilje, men ein må jo liksom vera komfortabel med korleis det høyres ut, slik er det berre.

Det er fordeler og ulemper med å ikkje ha trommeslagar. Då treng ein ikkje ha lydprøve på trommene heller, til dømes. Og då det vart vår tur, gjekk det ganske fort, me hadde ikkje ein gong tid til å gjera soundcheck-songen vår (som er The final countdown av Europe).

Eg trur me brukte et kvarter. Eg var sterk og klar i monitoren, og hadde grei lytting på det andre òg, me spela ein halv song, og overlot scenen til neste band.

Arni og eg gjekk for å byta hotell. Han føre og eg etter (stadsans er ikkje min største styrke). Me kom inn i ei gate som låg i ein liten bakke, og inne i resepsjonen lukta det sterkt av fisk.

- Do you  have a gig tonight?

- Yes.

- What is the venue called?

- The Soundhouse.

- Never heard of it. But the clubs change names all the time. Good luck with the gig then.

Me takkar og får kvar vårt nøkkelkort, og finn rommet - som er eit tremanns - og veldig romslig, og det tykte me var herleg.

Me skulle ete først, på puben i første etasje, det hadde byrja siga på med folk. På puben spelte dei sin musikk, med basis i poprock frå nitti og totusentalet, og frå andre etasje dundra livemusikken frå første bandet, og til saman vart det ein graut, og det var framleis godt og varmt, og eg har aldri matlyst før eg skal på scenen, pritlar berre i nachosen, men drikk av pinten min.

Backstagen er eit stort rom i den øverste etasjen, delt av alle fire banda, vi kjenner Simon - trommeslagaren til Nosferatu litt frå før - og vokalisten deira er i storslag, der eg står og vrikkar meg inn i dressen, eg er usikker på om han disFsar meg.

Excuse me, are you a bassplayer?

No, I'm a singer.

Oh - you're a singer - I've got this great offer for you - you are just the type we are looking for, seier han - halvvegs vendt mot bandkameratane sine.

Eg trur det heng saman med ein rant han har mot musikkbransjen, men heilt sikker er eg ikkje. Eg er ikkje så glad i felles garderobar. 

Ikkje rett før og rett etter at me har spelt. Men som Donald Trump sa ein gong it is what it is.

Det er varmt i salen, og endå varmare på scenen, me er så drilla no, at me ikkje treng settlister.

Eg gløymer å kauka at me er Long Night frå Tau, me er tette og samspelte. Lyden er litt rar frå der eg står, men eg har opplevd verre.

Responsen frå dei frammøtte er overveldande, dei hoier og klappar, og løfter oss vidare i settet. Etter  The Night's Ablaze, som er andre song, ryk dressjakken, sveitten renn nedover andletet, og på bileta ser eg at hårsveisen min liknar litt på den Sam har på veg mot Dommedagsberget i Lord of the Rings, sveitt, klamt, fyldig ved øyrene og flatt på toppen.

Korleis Tommy har det under hatten er det berre Tommy som veit, han ser rimeleg nøgd ut, fram til Tick Tock, der eg snublar i teksten, og syng der eg ikkje skal synga, og eg får det blikket under bremmen, og han kaukar det e feil! inn i øyra mitt, og eg skjønar at han har rett, men publikum kosar seg og syng med, heilt til Sorrow Returns fadar ut, og me er ferdige, og det er fistbumps og skrøyt på ulike språk og fru Olsson er ekstremt begeistra og seier til meg at det var FANTSTIC og eg kontrar med eit thank you og I think it was allright, som er i den øvre halvdelen av breseskalaen min.

Eg er utlada og vil eigentleg ikkje ha noko med så mange andre å gjera.

Med unntak av the boys and girls from back home.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta