Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2023

Ich Liebe Rock`n Roll

Bilde
Det var meininga at eg skulle på Pål Flåta på fredagen, saman med Flanellskjortemannen, Lars Magnus, Bjarth Vader og Beelzebub, man så vart båe Flanellskjortemannen og Flåta sjuke, og konserten avlyst. Saka er den, at det er gode tider for dei som likar god livemusikk i oljehovudstaden, for på Folken skulle nemleg Spidergawd og Årabrot dela scene. To rockeband av god sort til under 400 kroner, det er mest for godt til å vera sant, og sjølv om mange av dei som ville på Flåta sto over Folken-pakken, så stilte Lars Magnus og eg, saman med nokre hundre andre. Scenen såg nokså liten ut, for det var mykje utstyr, og Årabrot sitt sto framst, og bak det hadde dei sett opp eit krusifiks med lyspærer rundt, og då dei gjekk på var klokka nøyaktig 2100, og dei auste på, med masse energi, ein mann i kvite klede og ein rar hatt i kolonist-stil (hvis det er lov å sei) på høgre side av scenen, og eit fyrverkeri av eit kvinnfolk (hvis det ) er lov å sei, som spant rundt, spelte på to synthar på ein gon

Banging uten hår

 - Neste gang du blogge må du skriva om banging uden hår! Det er Olaus som sier dette, eller brøler, for på scenen i maskinhallen på Tou scene står Slomosa fra Bergen, og de spiller så høyt at det singler i hodet. Rock skal jo være fysisk. Banging uten hår går jo ikke. Teknisk sett er det bare nikking, Men nikking er jo også en måte å vise at man er 'med' i musikken og liker det man hører. Slomosa spiller bra og blytungt, og frontmannen er morsom også. - Beklager at eg e litt hes i dag, vi va i Haugesund i går. Det e ætt eller aent med den byen, en blanding av amfetamin og olje.  - Og klamydia, smeller det fra der framme, og det blir gjentatt fra scenen til godmodig humring fra salen. Sønnen har deltatt på ungdommens kulturmønstring tidligere på dagen, og heldigvis sa ikke HAN noe om klamydia. Jeg tviler på om han vet hva det er også, sånn sett. Sønnen synger i et rockeband som heter Wragh, og de framførte sin selvkomponerte låt Public Enemy  med stort alvor, som det ble skreve

Bensin eller Diesel?

 I svemnen er vi aleine. Heilt aleine , tenkte eg då eg vakna på soverommet sjølv om Rållså låg ved sida av meg,  klokka var ti på seks. Og eg kom til å tenka på Arnstein og May Helen som hadde ein passiar ute på Hidle sist, under frukosten, der ho seier at ho ikkje treng noko tid i det heile om morgonen. Ho kan berre fyra på, stå opp, setja seg i bilen og gå ut i livet, så å seie utan førebuingar. Her kjem eg. Arnstein treng helst eit par timar, til å drikka kaffi og (ser eg for meg) sjå tenksamt ut i lufta, høyra musikk, og sikkert gjera seg nokre tankar om korleis dagen skal utarta seg.  Ho er bensinmotor, og han er diesel. Sjå, no snakkar han mekanikarspråket, han som knapt veit korleis ein forbrenningsmotor virkar. Eg er mest diesel eg med. Eg må ha greit med tid om morgonen, for alt er øydelagt dersom eg må skunda meg. Dersom eg må leita etter noko, dersom eg gløymer noko. alle desse tinga skjer. Med ujamne mellomrom, At eg må snu og gå heim igjen og henta det eg har gløymt. Gløy

Nynorsk er språkets vinyl

 Det å uttrykkja seg skriftleg har alltid vore lettare for meg enn muntleg, for ved å skriva kan ein tenka undervegs i formuleringane, og med litt flaks så heng orda saman og dannar tankerekker som gjer meining. Ein annan ting er at verbale utsagn ikkje kan viskast ut (dersom ikkje samtalepartnarane er heilt demente, men uansett om dei er det, så er det alltid sjans for at ein eller annan veiver med ein mobiltelefon og  dermed filmar, og kan laga eit frekt potpurri av alt det uheldige ein har plumpa ut med, eller ein tiktok). Eg hatar det nye språket. Så i dag har eg gjort det kunststykket å starta eit innlegg med ein digresjon. Eg hatar det nye språket. Det gamle språket - det som var norsk - er døyande i både munnleg og skriftleg form, det er erstatta med engelske frasar og emojiar. Ok har vorte K for å spara tid. Eit vanleg, nøytalt 'ja' med eit punktum bak vert - av den yngre generasjonen - oppfatta som passivagressivt, og i alle høve dersom ein ikkje har strødd på eit anta

Eg treng ein helt

 Jungelen av seriar og filmar tilgjengeleg på det uendelege intranettet har sendt meg attende til klassikarane frå min ungdom. Blues Brothers, Pulp Fiction, Lock, Stock & Two Smoking Barrells. Og Patrioten med Mel Gibson. Då eg såg Patrioten tenkte eg at denne filmen er så lik Brave Heart, at det mest ikkje er nokon forskjell. Han likar godt å spela helt, han der Gibson. Jesus og Willam Wallace og ein eller annan Amerikansk frigjeringshelt. Og Mad Max. Helting og kriging med moral, mot ein ond,ond fiende. Perfekt for Hollywood. Eg  har vore på ein runde på sørlandet, under HMS-fana. Ordet HMS i seg sjølve har sløkt lyset i mangt eit kremmarblikk. Ein helsikes mykje styr. Og ein helsikes lang veg frå Mel Gibson. På måndag før eg reiste, var eg deltakar i eit familiedrama som handla om eit manglande pennalihus, og dramaet nådde slike høgder at då eg vart lei og herma etter personen som hadde leita og ikkje funne, så fekk eg kjeft både frå Rållså på badet og personen, og så toppa det