Innlegg

Viser innlegg fra 2018

Kavalkade

Oppe på hemsen heime på Kåda står det ei bokylle, Ein gong laga på bestilling frå snekkarane frå Hetlandhus som bygde huset. Det hender at eg kikar i henne når eg er heime. Det er for det meste oppslagsverk - eit Aschehoug-leksikon i 12 bind. Nokre tynne blå bøker som heitte Norgesrevyen eller Året i nyhetene eller noko slikt, der år for år står oppsummert mellom permar. Bøkene står kronologisk. Byrjar kring 1980, og dei siste bøkene er vel frå 1996. Dei har ikkje vore ute av bokylla så ofte, korkje før eller no. Årsaka til at dei enno står der er nok at ingen har teke seg tid til eller sett syn på å rydda dei ut og køyra dei til Fretex eller bruktbua eller liknande. Heime hjå oss var det viktig at vi plasserte oss sjølve i tida. At logikken eller forståinga av samtida gjekk kronologisk, og i ein slags raud tråd, frå a på veg mot b. I dag er informasjon tilgjengeleg på ein heilt annan måte. Internett og dei. Dei av oss som er på sosiale medier kan følga kvarandre heilt tett innpå

Føkk åff

Alle forsett om å produsera ein jamn straum av tekstar her inne har vist seg å væra lite fruktbare. Mest av di ein er den ein er, og den eg er er avhengig av flyt for å yta godt. Eg har fått ein ny hobby som er enklare enn blogging, men som eigentleg liknar ganske mykje. Eg tek bilete og legg ut på Instagram. Akkurat som med blogginga, så er det intuisjon som styrer. Eg går og vasar, og så plutseleg ser eg noko, eller det er noko med lyset, eller eit slagord på ein vegg, ein barnevott mista, funnen og lagt på toppen av eit gjerde. Den berømte votten på gjerdet. Eg visste ikkje at eg var interessert i foto, men det er eg visst. Når ein går, tenkjer ein mykje betre enn når ein syklar. I dag har eg gått, og tenkt ganske mykje på dobbeltmoral. Dobbeltmoral er eit sentralt tema her på paaskeharen.blogspot. Og som regel er det min eigen det er snakk om. Heldigvis er eg ikkje aleine om å vera dobbeltmoralist. Dei (vi) fins i alle lag av folket, og di høgare opp på stigen ein kjem, jo m

Namsos og omegn, våren 2015

Bilde
Jeg liker terrenget i Nord - Trøndelag - de runde høydedragene - åkrene fortsatt sovende etter vinteren, i fin veksling med skog. Vett du ka di hette, di kvide huså der, spør jeg Ingrid som sitter i baksetet. Nei. Svarer hun uinteressert. Jeg burde tatt hintet, men kjører på: Trønderlån, sier jeg. Hun gidder ikke svare. Det er en drøy times kjøring til Namsos, til Tino's hotell. Ungene krangler om hvem som er mest kvalm. Det er visst uutholdelig for dem begge. Det er jeg som kjører, og kjører jeg seinere nå, så kan vi like gjerne GÅ den siste biten. Det snakkes så mye om å være kvalm, at jeg blir kvalm jeg også, selv om jeg kjører i 35, på en tilnærma rett vei. Ryfylkemålestokk er det en autostrada. Tino's er under oppussing. I entreen står et bittelite akvarium, med noen ganske røslige fisker oppi. De har en pizzarestaurant vegg i vegg med resepsjonen Fortsettelse følger

Knock eller Knib

Det er kring 2004, eg er ute og drikk Søndagsbayer med vener på Skjenkestuen. Det er ganske bra med folk der, og for ein gongs skuld snakkar eg med eit menneske som ikkje er medbragt. Det er ei dame - litt eldre enn meg - og eg har absolutt ingen intensjonar om noko anna enn å snakka, og kan hende smila litt. Me snakkar om Israel, og eg nemner at mitt dåverande band - stammen min - hadde fått eit spørsmål frå ein Israelsk impressario med spørsmål om me var interesserte i å spela der. Ho er inne i noko innan kulturutveksling, og ho har håp om ein palestinsk stat, og dette er før Gaza vart gjort om til eit fengsel for born og vaksne av okkupasjonsmakta På denne tida var det enno optimistar som trudde det kunne fiksast. Eg var glad for at eg slapp å ta noko standpunkt til om me skulle seia ja til ein slik spelejobb, sidan det ikkje vart noko av. Då eg gjekk ga eg henne ein klem. Ho vart ståande stiv som ein staur, med armane rett ned, og dette sa meg at ho hadde mistolka kva som eigen

Meir

Mi jobbreise har vore temmeleg omfattande, og kvar post har gjeve erfaring og innsyn, og utfordra ulike sider ved meg. Dei akademiske yrka har eg ikkje direkte kjennskap til, av di eg ikkje har høgskuleutdanning. Men akademikarar har jo vore borti. På den eine og andre måten. Helsesektoren kjenner eg berre frå pasient/pårørande - sida, og skule & barnehagevesentet og. Dermed kan ein trygt seia at eg ikkje har full oversikt. På mange vis har eg alltid hatt sterke ambivalente kjensler overfor dette å velja jobb - eg såg ikkje akkurat noko yrke som var skreddarsydd for meg - eller omvendt. Og i den grad eg vart dytta nokon plass - så var det nok i retning landbruket - for det å synga vart ikkje rekna som jobb, og stort sett ikkje det å skriva heller (eg visste vel knapt at eg kunne skriva då eg var 15). Ikkje var eg særskilt interessert i noko, heller. Ikkje bakar, ikkje smed, ikkje mekanikar, ikkje lærar, ikkje... fyll gjerne inn alle yrke du kan koma på, og set inn slik

5 Songar om det maritime

Bilde
1. In the Navy av Village People https://www.youtube.com/watch?v=InBXu-iY7cw 2. The Ship song av Nick Cave and the Bad Seeds https://www.youtube.com/watch?v=rKlaV-9Vzsk 3. Eg hadde eingong ein båt av ein eller annan svensk visedude (eller Cornelis Vreesvijk som han heiter). https://www.youtube.com/watch?v=OSy8Ti2rh7Y 4. Karl Alfred, Fritjof Anderson och Jag av Evert Taube https://www.youtube.com/watch?v=EFooUhQ7pVk 5. I'm shipping up to Boston av Dropkick Murphys https://www.youtube.com/watch?v=x-64CaD8GXw

Mi jobbreise del 16: Pub staff

Bilde
Engasjementet mitt som håndmann ebba ut på forsommaren i 2003, og eg reiste heim og vart fulltids avløysar for ein månads tid. Då eg kom tilbake på sommaren søkte eg jobb på ein pub. Eksen og det Engelsk/Italienske paret hadde funne eit nytt husvære i St. Deny's (framleis Southampton). Det var eit mykje finare hus enn det i Honeysuckle. Det hadde endå til 3 soverom, 2 bad, stove og kjøkken. Og tepper sjølvsagt. Vegg til vegg. Puben på biletet her - The Junction  var berre to minutt unna, og var ein såkalla local pub. Opprinneleg vart han bygd for å stilla mat og drikke - behova til dei som bygde jernbanen i 18 pilogbue. På den tida var baren delt i 2 - slik at funksjonærane slapp å blanda seg med vanlege arbeidarar. Eg tenkjer at dette er relevant for den raude tråden her - om det fins ein slik - klasseskillet som gjorde at funksjonærane var betre enn arbeidarane - sjølv på puben. Det er ein streng som dirrar djupt i botnen av sjala mi når eg høyrer slikt. Eg har kun forakt t

Viking te me dør

Jon Evil hadde invitert meg med for lenge sidan, og eg hadde drøya med å svare, fordi det var farsdag, og fordi Liverpool- Fulham gjekk på same tid, og fordi Ingrid skulle spela si andre handballturnering, og fordi Rållså var vekke deler av helga. Mellom anna. Det var ein event som var hypa så kraftig regionalt, at Aftenbladet sende live i 48 timar på førehand, og stadion var utseld for første gong sidan 2014. Eg snakkar om Viking - Kongsvinger i Obos-ligaen, på SR- bank arena (Viking stadion). Hovudårsaka til at eg nøla var likevel at i tilfellet Viking fotballklubb har eg ikkje vore ein trufast tenar. Eg har vel strengt tatt ikkje vore nokon tenar i det heile. Det er komplisert. Eg var på beggje cupfinalane - den dei tapte mot Odd Grenland i 2000 - og den dei vann mot Bryne i 2001. Eg var på stadion i 2006 når dei sikra plassen på mirakuløst vis, og Peter Iljeh scora 4 mål. Det var mykje kjensler då, og fotball skal vera kjensler. Gråt, raseri, samhald, botnlaus fortviling og 

Mi jobbreise del 15: Labourer

Bilde
I 2003 søkte eg permisjon og flytta med min dåverande til Southampton i England. meir presist: ho hadde flytta i førevegen, og eg kom etter. Felleskjøpet hadde innvilga eitt års permisjon, eg hadde ein konto med nokre pengar på, og ein koffert full av bøker og plater. Eg hadde det ikkje direkte travelt med å finna meg jobb, me budde den første tida i eit såkalla shared house, på eit lite rom i de mindre pene deler av Southampton på sørkytsten. Området vart kalla Flowers estate , og vegen hadde det oppløftande namnet Honeysuckle Road, det var nokså slitent, men billeg, og det var nære universitetet der ekskjerasten studerte. I huset budde det eit par til, ei dame frå Italia, og ein ung PHD- student frå Middelsborough, og så budde det ein Greker, og ein godt vaksen kar frå Kina. Dette fungerte overraskande godt, alle var vener, og levde sine liv parallelt med kvarandre. Av og til fann me på ting saman. Delte eit par flasker vin i det som var stova, som ikkje var ei stove, men ei

Mi Jobbreise del 14: Dørvakt

Bilde
Av alle dei jobbane eg har vore lite egna til, er gjerninga som dørvakt på to av Stavanger sine mest belasta utestader den som står fram som mest feil. Min veldig gode ven og våpendragar Runar hadde jobba som bartender i Bergen, og no hadde han flytta til Stavanger, og tok skift på Christian Bodega i Øvre Holmegata. I Stavanger er det slik at nokre få menn sit på skjenkeløyva, og han som eigde eller dreiv Bodegaen eigde eller dreiv òg Korvetten, og eit par andre uteplassar. Beggje desse stadane hadde 18 års aldersgrense, og rimeleg øl, og resulatet av dette var eit høgst blanda klientell, ein miks av eldre, litt slitne sjeler, og pur unge folk i alderen 16 - 19 år. Runar passa godt til å jobba i utelivsbransjen, han var smart, kjapp i vendinga, utadvendt, og passeleg rocka. Desutan hadde han mest ubegrensa sjøltillit, det virka mest som han trudde han kunne gå på vatnet, og nokon gonger var det akkurat det han gjorde. På eitt eller anna vis hadde han fått det for seg at eg òg kunn

Mi jobbreise del 13: Felleskjøp-mann

Bilde
Far min var av den gamle skulen fedre. Av typen som viste omsorg med handling meir enn ord. Og så kjende han mykje folk. Eg har tenkt ein del på kor eg hadde vore i dag dersom han ikkje hadde framsnakka meg for Jåsund på lageret på Kvalaberg i 1996. Kanskje eg måtte ha funne meg noko å gjera sjølv. Eg hadde flytta til byen, budde i lag med min gode ven Skjærtil. Litt for sentralt for ein som var såpass glad i ein rangel. På førehand fekk eg veta at løna var kring hundre kroner i timen . Det viste seg at 'kring hundre' var 81, og det var longt frå nok, og hadde ikkje Skjærtil fått det meste av husleiga dekka av millitæret, så kan det hende at eg hadde sklidd ut i rus og kriminalitet. Det var TO Jåsundar på Felleskjøpet i 1996, og eg gjekk til feil mann - han som dreiv traktorverkstaden - og etter ein del om og men vart eg send ned på fabrikken med ein flau smak i munnen. Felleskjøp-jobben rekna eg for å vera midlertidig, for det var kun snakk om kort tid før bandet ville

Mi jobbreise del 12: Juletreselgar

Ein del jobbar dukkar berre opp på grunn av vennskap og kjennskap, tilfeldigheiter eller som resultat av andre sine val. For ein konstant blakk 24-åring, som i all hovudsak bruka pengar på moralsk og kroppsleg nedbrytande ting, som lo høgt av alle som spara studielåna sine, og trudde BSU var eit prevensjonsmiddel, så var alt som minna om lette pengar freistande. Gamlekjærasten min hadde kontaktar i juletrebransjen, ei ekstremt sesongbetinga næring, med djupe tradisjonar i Ryfylke og på Hillevåg torg. Det er fin stemning der borte på torget før jul, i laupet av 3-4 veker skiftar tusenvis av juletre eigar. Det luktar kvae, og asfalten blenkjer våt i den milde stavangervinteren. Salet går best når klokka passerer fem på ettermiddagen, og vinden kjem inn frå fjorden og kundane er mest opptekne av 'å få det gjort', og dermed ikkje stiller urealistiske krav til pris eller kvalitet. Eg var blitt ein dårlegare seljar enn då eg selde julahefte, den store entusiasmen var der ikkje,

Mi jobbreise del 11: tekstforfattar

Eg har alltid lika å skriva. Skriva brev, små vers, store vers, historier, songtekstar. Eventyr. Eg likar betre å skriva enn å snakka, for det eg skriv ofte er nærare sanninga enn det eg seier. Og så slepp eg å sjå folk inn i auene, og bryta mot andre sine meiningar. Prosjektet med jobbreisa er begrensa til arbeid som eg har fått ei eller anna form for betaling for. Mitt første betalte skriveoppdrag var i 2006 - eg hadde skrive blogg i nokre månader - og så fekk eg ein ganske genial idè: Eg skreiv eit kåseri som eg sende til Bondevennen. Kåseriet heitte Byasar og Lannasar , og innheldt finter mot far, som eg visste var fast lesar, og dessutan tidlegare redaktør av det ærverdige tidsskriftet. Og innlegget signerte eg Haren , og på førehand sa eg ingenting. Eg gjekk og venta på ein reaksjon. Heile Fredagen (som er utgivingsdag) gjekk. Og heile Laurdagen. På Søndagen var Rållså og eg på veg heim frå austlandet i 'ny' bil. Og då ringde far på mobilen, og han lo. Høgt. Og særle

Mi jobbreise del 10: Rockestjerne

Å bruka tittelen 'Rockestjerne' er alltid litt.. tja, brese, og sit langt inne. Kva er ei rockestjerne? Kor går grensa? Rockestjerne er ikkje synonymt med musikar , for i det uttrykket ligg det først og framst ei forventning av at det er hovudgesjeften, ein musikar lever av å spela inn og framføra musikk for folk. Til Rockestjerne-nemninga handlar det i stor grad om: A: Kor kjend ein er B: Kor utagerande livsstil ein har Desto meir kjend ein er, desto høgare og klårare lyser ein på den lugubre rockestjernehimmelen. Øvst lyser Elvis. Og så kjem David Bowie, Tom Waits, Keith Richards, the Beatles, Jim Morrison, Lemmy, og alle dei andre halsande etter. Det er langt opp dit. Lysår. Så det å kalle seg sjølv ei rockestjerne, ja, sjølv ei falma rockestjerne, det går det ikkje an å gjera utan eit snev av sjølvironi. Så no har eg på eit vis forklart kor landet ligg. Innad i musikarkretsar - i alle høve dei som eg vankar i - vært nemninga Rockstar bruka som eit nedsetj

ein kugut i frå Randøy

Eg song mykje i fjøset då eg var gut. Det var noko med klangen og stemninga og arbeidet som inviterte til song. Mjølkemaskina som durte inne på silerommet. Organa som tikka og drog mjølka opp igjennom slangane og sende henne inn igjennom røyra med adresse melketanken. Kyrne som sto og tygde drøv og rugga på seg. Dei klaga ikkje. Eg tolka det slik at dei lika at eg song for dei. Fram til eg var femten, var det eksklusivt kyrne eg song for, men då mor pressa (eg trur ho må ha pressa) den såkalla  Køntrigjengen  til å la meg syngja på ein cowboyfest på Hjelmeland Samfunnshus i 1986, så vart publikummet mitt utvida til å gjelda tob ein te òg. Det var Magne Tengesdal og Køntribandet Tennesee som var arrangørar, og så bruka dei lokale  Sjødner  som solistar, og spela til dans sjølv etterpå. Det var eit særs populært arrangement, med høg cowboyfaktor og frynser og knallpistolar og boots og dongeribukser over heile linja. Eg utvida synginga, intensiverte øvingane, og song for hunden L

Mi jobbreise del 9: Stillasbyggjar

Bilde
I 1995 frigjorde eg meg frå gardsarbeid og tok ein fråhofta-jobb i oljeindustrien. Det var min gode venn Jørund som sa at han kjende nokon som trong folk i eit stillasfirma. Eg heiv meg rundt, og før eg visste ordet av det, sat eg saman med ein annan fyr i ein Citröen, på veg mot Mongstad. Fyren og eg fann tonen med det same. Han var tungt tatovert, kledd som ein rockar, og var prøvemedlem i ein berykta motorsykkelklubb. Eg var 25, hadde akkurat vorte vokalist i eit band som skreiv sin eigen musikk. Eg hadde lånt med meg ein discman som åt batteri som om dei var smågodt, og 2-3 CD - plater. Me kjørte i mange timar, til me kunne sjå pipene på Mongstad oljeraffineri. Det lukta surt av gass, men landskapet var aldeles storslagent. Himmelen vid og open, nakne, blankskurte skrentar sa noko om at det kunne vera værhardt. Eg har alltid likt synet av det industrielle i direkte kontrast til det naturskjønne, og Mongstad stod ikkje tilbake for Sauda eller Odda i så måte. Det er noko der som

Mi Jobbreise del 7 - SFO - assistent

Det har skjedd, i livet mitt, at nokon har sett potensiale i meg. Rett nok har dette ofte vore folk som ikkje kjenner meg særleg godt, men likevel, det har hendt. Eg berre nemner det. Ein av dei som kanskje burde ha kjent meg betre, var far til min forhenverande kjerast. Han var ein ryddig og flink pedagog, og rektor på ein barneskule. og det var 90 - talet og SFO var ei relativt ny oppfinning, og HVPU - reformen var heller ikkje så gamal, og det var i det landskapet der eg landa. Ein langhåra øyarockar, med svart skinnjakke. palestinaskjerf og the doors - t-skjorte. Eg var 24. og eigentleg totalt utan retning. Eg hadde blese tyskeksamen til helvete, med eit krampeaktig og gramatikalsk katastrofalt essay om Derrick og Harry Klein, artium gjekk åt skogen, og lysta på studiekompetanse var ikkje overstrøymande. Eg hadde freista folkehøgskule, men eg var for gamal og ikkje motivert. Eg song i band. Så det var vel rockestjerne eg ville væra. Der totales Rölp. Dessutan var eg i op