ein kugut i frå Randøy


Eg song mykje i fjøset då eg var gut. Det var noko med klangen og stemninga og arbeidet som inviterte til song. Mjølkemaskina som durte inne på silerommet. Organa som tikka og drog mjølka opp igjennom slangane og sende henne inn igjennom røyra med adresse melketanken. Kyrne som sto og tygde drøv og rugga på seg. Dei klaga ikkje. Eg tolka det slik at dei lika at eg song for dei.
Fram til eg var femten, var det eksklusivt kyrne eg song for, men då mor pressa (eg trur ho må ha pressa) den såkalla Køntrigjengen til å la meg syngja på ein cowboyfest på Hjelmeland Samfunnshus i 1986, så vart publikummet mitt utvida til å gjelda tobeinte òg.
Det var Magne Tengesdal og Køntribandet Tennesee som var arrangørar, og så bruka dei lokale Sjødner som solistar, og spela til dans sjølv etterpå.
Det var eit særs populært arrangement, med høg cowboyfaktor og frynser og knallpistolar og boots og dongeribukser over heile linja. Eg utvida synginga, intensiverte øvingane, og song for hunden Laika når eg gjekk tur med henne. Eg song for ugraset på beita; eg song medan eg henta stein, fôra sauene, og medan eg kjørte traktor.
 
You've got to know when to hold them, know when to fall them, know when to walk away, know when to run, you never count your money when you're sitting at the table - there'll be time enough for counting - when the dealing's done.
Bondeyrket er godt eigna for den som likar å syngja for utvalde og firbeinte publikummarar. Songen The Gambler av Kenny Rodgers var som skreddarsydd for ein kugut som meg.
 
Dagen kom nærare, og då han opprann, melde lampefeberen seg for fullt. Og fullt var det òg på samfunnshuset. Både på den eine og den andre måten.  Publikum var i høg stemning alt før dei kom; ein mistenkte at dei hadde leska seg. Tobakksrøyken låg tjukk som skodd i salen.
 
IIIIIIIYYYYYHAAAA! YUP! YUP YUP! IIIIIIIYHAAAAA!
 
Eg sto på sida av scenen og såg Liv Jorunn - doktorfrua - som suverent svinga seg igjennom ein sekstitals-klassikar av Connie Francis. Det koka i salen.
Då det vart min tur, var det såvidt føtene bar meg, der eg halvt snubla meg over kablar og mikrofonleidningar og fann plassen fremst på scenen. Hjarta slo så hardt at kvart enkelt slag sende skjelvingar igjennom kroppen min. Det var far som var konfransier. Han sa noko om eplet og stammen, og at songlæraren hans på skulen hadde sagt til han at dersom stemma hans hadde vore på ein gris, så hadde ikkje "flesje" vore etande. Han hausta grov latter og fleire IIIIIYYYHAA!
 
Sekunda før trommeslagaren talde opp, kjendest som veker. Eg var kledd i kvit cowboyhatt med revehale, lisseslips med ei ørn på og slike metalldingsar på skjortesnippane. I munnen hadde eg ein "tødgjegømmi", som me kallar det på Hjelmeland. Eg togg slik som Nils Arne Eggen gjorde då Rosenborg møtte AC Milan i Meisterligaen.
Det kan ein sjå på VHS-opptaket. Ein kan òg høyra ein frå salen som ropar: SPYTT UD TØDGJEGØMMIEN!
Ein kan sjå at eg svelgde, og høyre at ein annan frå publikum ropar: 'AN SVELLD'AN!
 
Magne bak pianoet blunka til meg, trommeslagaren talde opp, og me var i gong.  Alle endorfinane vart frigjort, det var frigjerande å treffa planken på den første tonen: Eg var i front for eit kugut-orkester, me var på nattoget saman, over den endelause prærien, og då det var over og publikum stormklappa meg av scenen, sveva eg som ein heliumsballong oppunder lysriggen. Eg sver på at dei bare kunne ha bunde ei snor til den eine cowboystøvelen min og drege meg igjennom lufta ut til garderoben.
Det var utan tvil det beste eg hadde opplevd, og då reknar eg med absolutt alt anna som eg bruka mykje tid på i tenåra.
 
Det vart ikkje akkurat noko gjennombrot for meg, dette her. Det vart fort stilt igjen etter at all røyken hadde lagt seg. Eg hadde likevel det trufaste firbeinte publikummet mitt på plass on the island of Randøy, in the hills oppi bakkane.
 
Seinare vart det band og turnering over heile Europa og Sør - Amerika, og artistlivet har mange sider, men kjensla av å vera vektlaus, den har eg berre kjent ein gong, i juni i 1986 på Hjelmeland Samfunnshus.

Kommentarer

Magnus sa…
Countryfest på samfunnshuset var ein höjdare. Særleg den i 1986, då det var publikumsrekord med mellom 500 og 600 innanfor dørene. Brannforskriftene sa maks 230. Sjølv song eg «Proud Mary» med Tennessee på ein countryfest tidleg på nittitalet, og «Always Look At The Bright Side Of Life» med bandet til Bjøro Håland som avslutningssong då eg var konferansier på ein countryfest nokre år seinare, men eg veit ikkje om eg fekk den feelingen av at eg traff på første tonen. Der er eg litt usikker, om ikkje nokon fortel meg at så var tilfelle. Så har eg ikkje turnert Sør-Amerika som artist, heller.
paaskeharen sa…
Haha!Takk for kommentar!

Populære innlegg fra denne bloggen

Lagelig til for høgg

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Om mørke