Mi Jobbreise del 7 - SFO - assistent

Det har skjedd, i livet mitt, at nokon har sett potensiale i meg. Rett nok har dette ofte vore folk som ikkje kjenner meg særleg godt, men likevel, det har hendt. Eg berre nemner det.
Ein av dei som kanskje burde ha kjent meg betre, var far til min forhenverande kjerast.
Han var ein ryddig og flink pedagog, og rektor på ein barneskule. og det var 90 - talet og SFO var ei relativt ny oppfinning, og HVPU - reformen var heller ikkje så gamal, og det var i det landskapet der eg landa. Ein langhåra øyarockar, med svart skinnjakke. palestinaskjerf og the doors - t-skjorte.
Eg var 24. og eigentleg totalt utan retning. Eg hadde blese tyskeksamen til helvete, med eit krampeaktig og gramatikalsk katastrofalt essay om Derrick og Harry Klein, artium gjekk åt skogen, og lysta på studiekompetanse var ikkje overstrøymande.
Eg hadde freista folkehøgskule, men eg var for gamal og ikkje motivert.

Eg song i band. Så det var vel rockestjerne eg ville væra. Der totales Rölp.
Dessutan var eg i opposisjon til alt som var hovudstraums (nynorsk for mainstream), og likte umåteleg godt å gå på fest.
Det kan hende at Kåre tykte at eg kunne ha godt av å prøva noko anna enn gardsarbeid.
Eg sa ja under tvil, og då eg stillte opp på denne barneskulen, så var det utan å ha førebudd meg eller tenkt så mykje på kva som kunne koma.
Eg kom inn i eit lite klasserom med 6-7 gutar i alderen 7-10 år. Dette var ein klasse med overvekt av urokråker. Eg visste ikkje dette frå før.
Det var ei dame der, i 30 - åra, og etter å ha helsa på henne, så skulle ungane ete, men først måtte dei syngja bordverset, og det gjorde dei på denne måten: O DU SOM METTER LITEN FUGL, VÆR SNILL OG STIKK OG PUL! Etterfulgt av ein latter frå 3-4 av dei.
Jeg prøvde å la være å le. Hun som var sjef sa: HAHA, VELDIGT LØYE, NÅ TAR ME AN ME DEN RETTE TEKSTEN. Me fekk vulgærversjonen to gonger til, før me fekk landa originalen sånn nokonlunde.
Eg var ikkje veldig god med ungar, og kva den einskilde av dess gutane bar på har eg ikkje forutsetningar til å uttala meg om. Eit par av dei var veldig støyande. Andre var heilt forsiktige.
Eg var med dei ut og sparka litt i ein ball. Eg røykte, fekk kjeft av ho som var ansvarleg, for det var ikkje slik ein gjorde når ein var saman med ungar.
Dei kalla meg for RÅKKEN RÅLL.
Ein lurte seg opp på taket for å henta ned ballen sin. Det gjorde inntrykk på meg at han byrja å grine då eg løfta han ned. Stikk og pul i den eine augneblinken og skjelven i knea og snørr og tårer i den neste.
Neste gong eg skulle vikariere for denne gjengen såg dei meg koma og ropte til meg NEIII! ME VIL KJE HA DEG, RÅKKEN RÅLL! ME VIL HA HANSI!
Det var ikkje noko stort nederlag for min del. Me fekk det ikkje heilt til saman, og om det var Kåre si tru på meg som minka, eller om det var eg som ikkje gadd meir, det veit eg ikkje. Eg hugser at det var utruleg dårleg betalt. Eg har tenkt mykje på dei ungane etterpå.
Om dei har klara å halda seg flytande eller om straumen der ute i livet har vorte for sterk.
Kan hende hadde eg takla ein slik jobb betre i dag, og ære være Hansi som forsto korleis dei virka.
Og ære være alle SFO-arar og barnehageassistentar, som for ei mindre god løn gjer jobbar som betyr så mykje for så mange.








Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta