Mi jobbreise del 2 : Strawberry fields for never

Me skulle ha flytta til Kåda i 1978, familien Dvergbøy, men huset oppi bakken som var under oppføring blei lagt flatt av hauststormen, så det var 1979 før me flytta inn.
Eg fekk sjølv lov til å velja tapet på det som skulle vera 'mitt' rom. Eg gjekk for ein med seglskuter på eit opprørt, flaskegrønt hav. Bergljot valde rosa blomar (forutan dei på badet og grovkjøkenet, er dette den einaste som har overlevd dei 40 åra som har gått).
Det var mørkebrune vindaugskarmar, og huset hadde eit karnappvindauge, ei såkalla velstandsvorte.
Eg var enno glad. Skulearbeidet tok eg ganske lett på.
Sommaren 1980 - eg hadde byrja å få litt plikter på garden - men betaling var det ikkje snakk om enno. Eg lika å vera med dyra, gje kalvane mjølk, og eg lika sauene, som hadde namn som Oddny og Janka, og Grålill, men dei var nok høgt oppi himlaleita i Berdalen då eg tok min andre betalte jobb - som jordbærplukkar. -Eg var 10.
Det var ganske mange av ungane på Randøy som jobba hjå Arne Holmen med jordbærplukking på sommaren. Me vart køyrde dit - Bergljot og eg - vart forklarte prinsippa, og byrja plukka  i kvar vår rast. Det gjekk sånn nokonlunde den første halvtimen, me fylte dei lysegrøne korgene med bær - eg trur eg åt like mange som eg la i korgene, me sette korgene i kvar våre kassar - og så fekk me oppgjer dag for dag. Utover dagen sokk effektiviteten ganske drastisk for min del, eg ville helst vera inni der som det var kjekt, og eg brukte mykje tid på å le av ablegøyane til dei eldre ungane.
Eg var ikkje særskilt effektiv, og heller ikkje noko vidare nøye. Etter to dagar gadd eg ikkje meir, og det var heilt sikkert like greit for Arne òg. Eg fekk løn også denne gongen, og det var like fantastisk som den første gongen. Eg trur eg fekk over 50 kroner i handa då eg var ferdig.
Det som var i ferd med å gå opp for meg var at arbeid handla mykje om å halda ut. At det ofte ikkje var særskilt lystbetont.
Eg tok med meg jordbærpengane til Trøndelag, kjøpte knallpistol på Sainna og Sølvpilen på kiosken. Og mormor degga med meg som om eg var verdas åttande vidunder. Fine, fine mormor.
I dag er det ikkje mange norske ungar som ligg på kne i jordbæråkrane frametter. Eller det vert i alle høve sagt at det er slik.
Eg skjønar godt det., sjølv om eg er temmeleg old School når det gjeld det der med å læra seg samanhengen mellom å yta og å få.
Det ligg mykje lærdom i keisemd, mykje draum. Og kreativitet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta