Dette er ditt liv

Hausten er tid for å fyra i omnen og mimra over det som har vore.
Båe den faktiske hausten og livets haust.
Setje grillen inn i boden. montere ned trampolina, slik at naboen ikkje får henne inn igjennom stovevindauga. Setje inn hagemøblene eller gambla på å la dei stå ute ein sesong til
Eg var nyleg på eit møte der eg fekk høyre uttrykket 'di jobbreise', og så tenkte eg på mi jobbreise, som - ved sida av å vere prega av 23 år med lite reising - i overført tyding - dei siste 23 - faktisk inneheld ein heil del krumspring og prøving og feiling. Og så tenkte eg at dette eigentleg er båe aktuell og saftig kost å laga ein bloggserie om.
Og lat oss for ein gongs skuld gjere reisa kronologisk, lat oss freista å væra ærlege, og ikkje spare på detaljane.
Slik ser lista ut:


Stiklingplantar
Jordbærplukkar
Julahefteselgar
Avløysar
Skogplantar
Vedselgar
SFO - assistent.
Stillasbyggjar
Rockestjerne
Tekstforfattar
Juletreseljar
Dørvakt
Bygningsarbeidar (Labourer)
Pubservitør (Pub worker)
Silocowboy
Det er kun dei betalte jobbane eg vil ta for meg her. Det er ikkje mange toppjobbar, for å seia det slik, men alle har bidrege til å gje meg livserfaring på den eine eller andre måten.
Eg kjenner at eg gler meg litt til å koma i gong med dette prosjektet., det er mange historier her, mange personlegdommar, og ein del snadder for båe den eine og den andre.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Løa i Tønnevik

Om gåver og sigøynerar og musikken si grensesprengjande kraft