Mi jobbreise del 9: Stillasbyggjar

Bilderesultat for Mongstad
I 1995 frigjorde eg meg frå gardsarbeid og tok ein fråhofta-jobb i oljeindustrien. Det var min gode venn Jørund som sa at han kjende nokon som trong folk i eit stillasfirma.
Eg heiv meg rundt, og før eg visste ordet av det, sat eg saman med ein annan fyr i ein Citröen, på veg mot Mongstad.
Fyren og eg fann tonen med det same. Han var tungt tatovert, kledd som ein rockar, og var prøvemedlem i ein berykta motorsykkelklubb. Eg var 25, hadde akkurat vorte vokalist i eit band som skreiv sin eigen musikk. Eg hadde lånt med meg ein discman som åt batteri som om dei var smågodt, og 2-3 CD - plater.
Me kjørte i mange timar, til me kunne sjå pipene på Mongstad oljeraffineri. Det lukta surt av gass, men landskapet var aldeles storslagent. Himmelen vid og open, nakne, blankskurte skrentar sa noko om at det kunne vera værhardt.
Eg har alltid likt synet av det industrielle i direkte kontrast til det naturskjønne, og Mongstad stod ikkje tilbake for Sauda eller Odda i så måte. Det er noko der som rører meg. Det er vanskeleg å setja ord på.
Me vart innkvarterte på ein brakkerigg - som besto av enkeltrom - dusjar på gongen - og ei fjernsynsstove der God Morgen Norge gjekk døgnet rundt på skjermen oppunder taket.
Me fekk utdelt oransj kjeledress, vernesko, hjelm, briller, hanskar, og verkty, og så vart me innrullerte og tok eit tryggleikskurs, og me fekk helsa på han som var formann, som var frå  Moi, og digga Amerikanske bilar, og hadde verdas lengste og styggaste bart, og aller helst ville han nok ha budd i Unaiten, men det gjorde han ikkje, og han var ikkje den einaste stillasbyggjaren i det firmaet som ønska seg til ein annan plass, for å seie det slik, men det kjem eg tilbake til.
Årsaka til at dei trong mykje folk på Mongstad var at det skulle være ein såkalla Stans.
Dei fleste industri-installasjonar har behov for gode vedlikehaldsrutinar, og oljeindustrien, som er underlagt ekstra strenge krav på grunn av risiko for liv og helse, og utslepp til miljøet og så bortetter er ikkje noko unntak. Så under ein slik Stans, så vert drifta steng, og nødvendig vedlikehald og utskiftningar av sletne deler vert utført. Dette arbeidet skal gjerne gjerast så snøgt som mogleg, slik at ein kan starta opp igjen, og tena pengar så kjapt som mogleg.
Eg hadde aldri bygd eit stillas i mitt liv, men eg hadde vore handtlangar sidan eg var gut - og stillasbyggjing er ein jobb for folk med god fysikk, og eg sto ikkje så mykje tilbake for dei andre karane. Om eg får vera så fri å sei det slik.
Arbeidsdagen var på 9 timar - 7 - 17, med lunsjpause inni. Og turnusen var 12-9.
Eg treivst utruleg godt saman med stillasbyggjarane. Dei var ein herleg, brokut gjeng, og det einaste alle hadde til felles var at dei heller ville vera ein annan stad, og den andre staden var i Nordsjøen, og dei tok det personleg at dei måtte arbeida her, der lønna var så utruleg dårleg, og maten i kantina var så drit.
Mellom oss sagt - 23 år etter - eg skjønar godt kvifor leiinga i firmaet helst ikkje ville sende dei fleste av desse karane i Nordsjøen.
Ein er for gammal, han kan knapt stå
Ein er litt tørst, han lyt vi flyga frå
Men alle andre skal vi ta med offshore
Og smørja rikeleg med pengar påååå

Eg tykte faktisk ikkje lønna var så dårleg. På brakkeriggen bruka eg ingen pengar på anna enn røyk. Eg hadde ikkje huslån eller familie å fø på. 9 timar arbeidsdag er ingenting for ein bonde. Ferdig fem? Klokka fem var då ein pleidde starta kveldsstellet.
Og NI dagar fri på 3 veker var pur luksus. Det var ikke anna ord for det.
Om eg ikkje kunne byggja stillas, så kunne eg løfta, surra sparkelister, langa spir og vangar, og eg var ganske god til å riva.
Under ein stans er det mykje folk, og dei lokale - som jobba der oppe til vanleg - dei hadde lite sans for oss innleigde. Dei jobba i Statoil, og bruka å brøla dersom ein hadde hjelmen litt på halv åtte, eller ein hadde gløymt å ta på seg vernebrillene.
Ein gong var vi ute på Lindås hotell, som vart eit lokalt etablissement, og han med barten sto utanfor og ropte WHITE POWER, og strekte høgrearmen ut i været, og eg sa til han at han måtte holde kjeften på seg, og at han var ein jævla idiot, og nokon ga han den julinga han fortente, og same kveld var det nokre ganske røffe britiske arbeiderar som hadde havna i slagsmål med dei lokale, og det eine hadde ført til det andre, og toppa seg med at engelskmannen banka kloa på ein hammar i ballane på den lokale.
Rykta sa at lensmannen sto på ein topp og følgde opptrinnet i kikkert, og venta med å gå inn før han fekk forsterkningar frå Bergen.
Eg var stillasbyggjar i cirka 6 månader, hadde min siste tur før jul i 2005. Raffineriet var på sitt vakraste i Oktober, i silhuett når sola gjekk ned og farga himmelen raud.
Og med dette var min flørt med oljenæringa over.





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta