Mi jobbreise del 12: Juletreselgar

Ein del jobbar dukkar berre opp på grunn av vennskap og kjennskap, tilfeldigheiter eller som resultat av andre sine val.
For ein konstant blakk 24-åring, som i all hovudsak bruka pengar på moralsk og kroppsleg nedbrytande ting, som lo høgt av alle som spara studielåna sine, og trudde BSU var eit prevensjonsmiddel, så var alt som minna om lette pengar freistande.
Gamlekjærasten min hadde kontaktar i juletrebransjen, ei ekstremt sesongbetinga næring, med djupe tradisjonar i Ryfylke og på Hillevåg torg.
Det er fin stemning der borte på torget før jul, i laupet av 3-4 veker skiftar tusenvis av juletre eigar. Det luktar kvae, og asfalten blenkjer våt i den milde stavangervinteren.
Salet går best når klokka passerer fem på ettermiddagen, og vinden kjem inn frå fjorden og kundane er mest opptekne av 'å få det gjort', og dermed ikkje stiller urealistiske krav til pris eller kvalitet.
Eg var blitt ein dårlegare seljar enn då eg selde julahefte, den store entusiasmen var der ikkje, og i motsetnad til ein del av konkurrentane, så fekk eg meg ikkje til å hiva meg over moglege kundar:
JA? SÅ DU VIL HA DEG ET FINT TRE?
JA, DESSE HOGG EG SJØL HEIMA  I GÅR KVELD, SÅ DEI HELLE GODT PÅ NÅLEDN.
JA; DEI KAN STÅ TE PÅSJE OM DU SÅ VIL!
JANEI; DET E BARE ME SÅ HAR GODT UDVALG I EDELGRAN, SÅ NÅ VA DU HELDIGE!
SKEIVE? Å LÅNGST I FRÅ! DEN GRANÅ HER E SNORBEINE!
SKA ME SEI SJU HONDRE?



Det er ikkje alle som er skapt til å selja ting til andre, og heldigvis hadde eg timeløn, og ikkje akkord.
Eg hadde ikkje RFSU - konto likevel.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta