Mi jobbreise del 10: Rockestjerne

Å bruka tittelen 'Rockestjerne' er alltid litt.. tja, brese, og sit langt inne.
Kva er ei rockestjerne?
Kor går grensa?
Rockestjerne er ikkje synonymt med musikar, for i det uttrykket ligg det først og framst ei forventning av at det er hovudgesjeften, ein musikar lever av å spela inn og framføra musikk for folk.
Til Rockestjerne-nemninga handlar det i stor grad om:

A: Kor kjend ein er
B: Kor utagerande livsstil ein har

Desto meir kjend ein er, desto høgare og klårare lyser ein på den lugubre rockestjernehimmelen.
Øvst lyser Elvis. Og så kjem David Bowie, Tom Waits, Keith Richards, the Beatles, Jim Morrison, Lemmy, og alle dei andre halsande etter.
Det er langt opp dit. Lysår.
Så det å kalle seg sjølv ei rockestjerne, ja, sjølv ei falma rockestjerne, det går det ikkje an å gjera utan eit snev av sjølvironi.
Så no har eg på eit vis forklart kor landet ligg.
Innad i musikarkretsar - i alle høve dei som eg vankar i - vært nemninga Rockstar bruka som eit nedsetjtande begrep.
Ein Rockstar er et krevjande individ, som ventar seg spesialbehandling, som ravar rundt, høg på dop, høg på seg sjølv, veltar seg i groupies på full fart mot stupet, som ein meteor som brenn med ei slik kraft at den snarlege undergangen er det einaste alternativet.
Idoliseringa, beundringa, kjærleiken, krafta frå fansen er bensin på bålet. I den augneblinken eit menneskje kryssar grensa og trur at det er rockestjerne, opphøgd over andre, då vert vedkomande ein pest og ei plage for dei som er rundt.
Eg berre nemner det.

Javel. For ein nokså vanleg mann frå Ryfylke, med eit nokså godt sangtalent, og eit ikkje akkurat oppblese sjølvbilete, 20-30 spelejobbar bak seg, og 5-6 songar på plate, var det uverkeleg å få sjansen til å få dra på Europaturnè med eit band som akkurat hadde sluppe si andre plate - til jubel frå metallpressa.
Eg kjenner at eg vært litt raud i kinna når eg tenkjer attende på den første turneen der. At eg gjekk alt for hardt ut, drakk for mykje, tok for mykje plass.
Og at eg i det heile fekk tilbod om å væra med fleire gonger, vitnar om god høgd under taket. Gode folk. Når dette er sagt, så er det ikkje uvanleg at det tek litt tid å tilpassa seg, eg har sett det frå andre sida òg.
Skal ein vera i eit band, så er det viktig å freista å fungera i eit kollektiv. Gje alle plass. Vera grei med crewet, ikkje gjera narr av fansen, og vera trufast mot musikken. Festen er bonusen, konsertane er jobben.
Rockebransjen er heilt ulik andre bransjar, for alkohol er ein del av lønna. Det vert FORVENTA at du drikk børst. Det er ganske greit dersom det dreier seg om ein enkelt festivaljobb, men straks meir krevjande når du er på turnè på femte veka og har festa kvar dag.
Og inni bobla, på turnèbussen, som dundrar avgårde nedover Autobahn, medan livet heime går i sitt spor. Ungar vert fødd, folk går på jobb, besteforeldre vert sjuke, folk fyller år. Og telefonsamtalane med kjerasten og foreldrene vert kortare. Pausane lenger.
Og når ein kjem heim, så er det to dagar i fosterstilling i senga. For nokon.
Og ein milliard inntrykk som skal fordøyast.
Og dei eg har reist med. Mange av dei kjenner eg  betre enn mine eigne sysken. Og av alle absurde ting eg har vore ein del av, er rockestjernebobla den underlegaste av alle.
Og lenge leve rocken og musikken!
Verdas beste jobb.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta