Mi jobbreise del 11: tekstforfattar

Eg har alltid lika å skriva. Skriva brev, små vers, store vers, historier, songtekstar. Eventyr.
Eg likar betre å skriva enn å snakka, for det eg skriv ofte er nærare sanninga enn det eg seier. Og så slepp eg å sjå folk inn i auene, og bryta mot andre sine meiningar.
Prosjektet med jobbreisa er begrensa til arbeid som eg har fått ei eller anna form for betaling for.
Mitt første betalte skriveoppdrag var i 2006 - eg hadde skrive blogg i nokre månader - og så fekk eg ein ganske genial idè: Eg skreiv eit kåseri som eg sende til Bondevennen.
Kåseriet heitte Byasar og Lannasar, og innheldt finter mot far, som eg visste var fast lesar, og dessutan tidlegare redaktør av det ærverdige tidsskriftet. Og innlegget signerte eg Haren, og på førehand sa eg ingenting. Eg gjekk og venta på ein reaksjon. Heile Fredagen (som er utgivingsdag) gjekk. Og heile Laurdagen.
På Søndagen var Rållså og eg på veg heim frå austlandet i 'ny' bil. Og då ringde far på mobilen, og han lo. Høgt. Og særleg over setninga min eldgamle skrukkete far. Og så sa han at eg var like god til å skriva som storesyster Bergljot - som er journalistutdanna - og eg vart så glad som eg sjeldan hadde vore.
Til alt overmål fekk eg PENGAR - hundrevis av kroner - for noko som var såpass lystbetont, og det trudde eg ikkje gjekk an. Å få betalt for noko som var hundre prosent kjekt. Det var mest for godt til å vera sant.
Sidan den gongen har eg levert mange harar - til 3 forskjellige redaktørar - og svigermor har vore rettskrivingskonsulent. Og i byrjinga handla innlegga om far og  meg, og garden og arbeidet. Og då far døydde av hjarteinfarkt for åtte år sidan, og verda stod og dirra i fleire veker, då måtte eg skriva om det og.
Eg har skrive nesten 1600 bloggpostar over 12 år, og dette er kan hende det næraste eg har vore til å skapa noko som det er kontinuitet i, som er mitt, og som ikkje innheld så mange kompromiss, og det er eg nøgd med.
Eg har og eit og anna diktet og nokre songtekstar under beltet. Og dei beste er dei som kjem av seg sjølv, og dei dårlegaste raudnar eg litt når eg høyrer, og tenkjer aldri meir.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta