Mi jobbreise del 4 - Avløysar

Dei som har lese stykka mine i Bondevennen eller her, eller kjenner meg sånn nokonlunde, veit om bakgrunnen min som andre ledd i odelsrekka.
Eg har skrive mykje om prosessen, om nærleiken til dyra, om arbeidet, og om far som sto over meg som ein temmeleg autoritær figur, og eg trur noko av den naive, barnslege gleda vart knust i meg i denne prosessen. Men samstundes lærde eg meg å bita tennene saman. Å tåla å få skit under neglene.
Og ikkje klaga for mykje.
Eg trur eg vart ganske flink, men ikkje eksepsjonell. Første gongen eg hadde ansvaret for molking og stell heilt aleine var eg 12 år. Dagen før far reiste til Island, hadde det kalva ei ku.
Det var ekstra.
Eg arbeidde som avløysar hjå andre og. Heiltid og deltid, feriar og helger. Siste gong i 2004. Det var ikkje veldig fett, men det hadde sine sider.
Eg legg inn ei liste med linkar dersom nokon vil lesa meir.

http://paaskeharen.blogspot.com/2013/11/begge-tapte.html
https://paaskeharen.blogspot.com/search?q=den+gr%C3%B8ne+sauen
https://paaskeharen.blogspot.com/search?q=gult+kort+og+tilsnakk
https://paaskeharen.blogspot.com/search?q=landmenn

Det finns sikkert hundre postar til som handlar om gardsarbeid og denslags, og kan hende dei ikkje er så lette å finna, særleg no som eg har endra frontane, og arkivet ikkje er på framsida lenger, og hadde tankar om å samla dei ein gong.
Ingen veit kor haren hoppar.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta