Mi jobbreise - del 1: Stiklingar

I 1977 var Oddvar Nordli statsminister i Noreg, Sex Pistols ga ut ikoniske Never mind the Bollocks, familien Dvergbøy hadde akkurat flytta frå Ås i Akershus til Randøy i Ryfylke. Me budde i eit hus som vart kalla lerarboligen, 300 meter frå skulen.
Far, mor, Bergljot (8), Frekkesen (1), labradoren Donna, og meg. Eg blei sju år dette året, og skulle byrja i første klasse. Eg minnest ikkje så mykje frå denne tida. Eg blei kompis med Knarven som var jamngammal med meg. Han var ein livleg fyr, med god teknisk innsikt. Han lurte meg til å pissa på eit straumgjerde ein gong, og så introduserte han meg for bygdeskikken med å helsa på folk ein kjende. Helsa mandig til bilar som køyrde forbi.
Og så var det episoden med å halshogga høner. Det har eg blogga om før.
Knarve var og med då eg hadde min første betalte jobb. Den gjekk over to dagar, og var i regi av han som skulle verte læraren vår. Jobben besto i å planta ut solbærstiklingar, og eg hugser det berre vagt, men eg trur me fekk betalt ein fast pris for kvar stikling, og eg hadde tjukke, korte fingrar, og eg var nok neppe nokon reser, lett å distrahere, ingen hardhaus, og sist men ikkje minst: Fullstendig uten arbeidstrening. Men eg var berre ein liten gut. Lukta av jord var ganske ukjent for meg(men det skulle endra seg radikalt seinare). Det eg hugser alller best er kjensla av å få løn.
På dei to dagane eg var med på dette tente eg den svimlande summen av 30 kroner. 3 blå tikronessetlar i handa. Som var mine. Kjensla var uslåeleg.
For pengane kjøpte eg fiskeutstyr på Randøy Handel. Eg har alltid tenkt på det som om det var ei harpe, men det kan ikkje stemma, for me hadde ikkje båt, så ei harpe ville vera heilt ubrukeleg for meg. Kan hende det var ei fiskestong eg kjøpte, i glasfiber, med raud Møresild til sluk.
Det var i det heile ei fin tid, syttitalet, for ein pjokk som vaks opp på Randøy, naturen var alltid nære, som om sola skein igjennom eit lysegrønt tak av lauv. Eg trur eg var glad.
På vinteren slapp Bergljot og eg Frekkesen på akebrett ned ein bakke slik at ho kveltra i ein bekk. Men det var berre eit hendeleg uhell.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta