Disney

Heime på Randøy i sommar, fekk eg det for meg at eg skulle sortera i Donald - blada.
Donald - blada er lødd inn i eit skap på det rommet som Frøken Frekkesen brukar å sova på.
Me abonnerte på Donald Duck & co frå ca 1977 til longt ut på 2000 - talet, og då eg var born, bruka blada å koma tilkøyrt i ei pappeske med daglegvarer frå Randøy handel - kvar Tysdag - rulla inn saman med Norsk Ukeblad og Hjemmet, med ein strikk rundt.
Og inni bladet var det alltid noko attåt - klistremerke eller små hus som kunne klyppast ut, limas saman og verte til ein juleby dersom det snart var jul. Dette måtte sjølvsagt fordelas - dei første åra mellom Bergljot og meg - og seinare fekk og Frøken Frekkesen ta del i turnusen. Eg opplevde stort sett all slik demokratisk fordeling som urettvis. Eg hata å dele.
Eg hadde mykje glede av Donald i oppveksten.
Av Donald sjølv, men ög av Onkel Skrue, Ole, Dole og Doffen, av Dolly og tantongane Hetti, Letti og Netti, av Bestemor Duck og Guffen. Av politimester Fiks, Mikke Mus, Langbein (og superlangbein), av Tipp og Topp og Klaus Knegg og Minni Mus og Madam Mim.
Av Magika frå Tryll og Storeulv og resten av skurkeklubben, av Spøkelseskladden, Mikro Midas, Farlige Fiffus, Svarte-Petter og Skaftetryne, men no vert dette ei oppramsing, nærast ei slags briefing med kor mange navn eg kan frå Disney-universet.
Og enno har eg ikkje nemnt Guldbrand Gråstein, Heldige Anton eller Rikerud.

Det var ikkje så lett å sortera vekk blad til hiving, sjølv om mange av dei var prega av bortimot 40 års hard bruk frå  mange ungar. eg er ein sentimental fyr, og så vart eg sitjande og bla, og det er snodig kor godt eg hugsa mange av historiane. Men dei nyare blada - dei som Jørg-1 og Dagobert hadde disponert - dei hadde eg rett nok ikkje så god kjennskap til.
Eg vann ein leikelastebil ein gong eg sende inn svar på ein rebus i Donald. Det var eit jævla mirakel.
Donalduniverset er rikt og humoristisk. Boblande av små detaljar og finurlege rim. Det er mykje glede der.
Dessutan er mange ting som ein berre tek som god fisk, sjølv om det ikkje heng på greip.
Dei aller fleste figurane i Donald er dyr som har klede på, men berre på overkroppen. Underkroppen er naken. Dei reknar vi som personar, dei har menneskelege kjensler, eit blomstrande språk, bur i hus og søv i senger, og så vidare.
Ingen av desse figurane har eigne ungar. Berre Nevøar og Nieser. Og alt dette er jo litt underleg, men det som er underlegare er at til dømes Bestemor Duck - som er ei AND - driv gard. Husdyr har husdyr. Mikke Mus har ein hund som ikkje kan snakka og søv ute og heiter Pluto.
Donald Duck har ein svær St. Bernardshund som heiter Bolivar.
Men no må eg fôra ungar. Eg kjem tilbake med meir i morgon!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta