Kri, Kra og Kro

I dei eldste Donaldblada har oppfinnar-ugla Petter Smart ei såkalla tenkehette.
Denne brukar han ta på seg dersom det er særleg avanserte oppfinningar som skal klekkast ut.
Hetta er forma som eit møne frå eit tak, med ein skorstein på. Oppi skorsteinspipa bur kråkene Kri og Kra. Petter set hetta på hovudet, og det virkar alltid. Får fram det heilt geniale.
Eg fann nett ei nerdeside på internett, der ei liste over oppfinningane til Petter Smart vart oppført. Det er ikkje småtteri. Eg fann dessutan ut at det var 3 kråker i tenkehetta. Ikkje 2. Og at kråkene var Ravnar. Det betyr at den tredje kråka - den som ikkje heiter kri eller kra - og visstnok ikkje er ei kråke ein gong - at ho ikkje har noko navn. Eg døyper henne Kro, slik at det ikkje vert meir forvirring.
Ein annan ting eg fann ut på Donald - nerdesida var at det er eit par Carl Barks - og Don Rosa - fanatikarar som var til dels ufine i ordbruken der dei vert motsagt.
Det er ei nettside som heiter Duckipedia. Smak på den.
Eg held på at nerdar - som oftast - gjer verda til ein trivelegare og skakkare stad, og tek vare på krikane og krokane av kulturhistoria, medan slike som meg berre er inne og rører litt rundt og serverer upresise påstandar og subjektive tydingar før eg finn noko anna.
Walt Disney og gjengen hans må ta sin del av skulda for den forskrudde måten me menneskje ser på dyr. Torbjørn Egner sitt forsøk der han tvinger Mikkel rev til å verte vegetarianar er eit anna døme.
Petter Smart (ugla) finn i ei historie opp ein maskin som gjer dyr i stand til å snakka med eigarane sine. Det vert heilt krise, og katten Miss får ein skikkeleg runde med veska til eigaren sin (som er ein fugl med klede) når ho klagar på kattematen. Og i det heile, så er dyra temmeleg irriterte på det regimet som er. Fuglesongen frå buskar og tre er ein samanhengande forbanning over 'menneska', og det vert så dårleg stemning når 'menneska' får høyra det, at det vert fullstendig kaos, og Petter Smart får skulda, og må øydelegga maskinen før alt går til helvete.
Verda er ikkje klar for det 'framskrittet' det er å la dyra få seie det dei meiner.


Eg fekk meg ikkje til å hiva det bladet der denne historia sto, sjølv om det var frå 1983, og mangla permen.










Kommentarer

jamesfo8376 sa…
you might have a great weblog here! would you prefer to make some invite posts on my weblog? slots for real money

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta