Innlegg

Viser innlegg fra august, 2019

Fjernlyset

Det er noko med måten lyset frå billyktene sveipar over landskapet på ein vinterkveld. Der dei blottlegg alt dei lyser på i nokre små augneblinkar, før dei overlet det til mørkret igjen. Det er noko med snøen som opnar terrenget. Det hender at det glimtar i augo på dyr, som vert ståande dørgande stilt, som om dei er tekne på fersken i noko ulovleg. Men lyset frå månen og stjernene gjer sine egne skuggar, for det er kaldt og klårt, og så stilt at det einaste ein kan høyra er den dempa brumminga frå dieselmotoren som akkurat har køyrt forbi. Og så ligg det berre att ein mjuk, oljemetta, grå røyk over landskapet og over vegen. Lyktene leiter seg vidare etter vegen. Og ho som køyrer har kan hende radioen på, og ho køyrer seinare enn ho ville ha gjort dersom vegen var bar. Og ho tenkjer vel ikkje over at ho er heldig som får vera her, som får køyra igjennom vinterlandet, for det som er nærast oss, det som er der heile tida er det fort gjort å ta som ein sjølvsagd ti