Om gåver og sigøynerar og musikken si grensesprengjande kraft




Når ein har vore saman  i over tjue år, så er det der med å kjøpa gode presangar til jul og fødselsdagar noko som ikkje vert lettare.

Eller det er i alle høve mi erfaring. 

Det varierer nok ein heil del kva forventningar ein har til gåver, både dei ein gjer og særleg dei ein får. 

Kva slags type par ein er vil sjølvsagt bety noko. Ei god gåve KAN vera ein fin måte å seia til den andre at ein set pris på hen. At ein ser henne eller han.

To gonger var eg med far min på julegåvehandling på litla julafta. 

Gåva til mor var  den einaste julegåva som var hans ansvar. Begge gongane var det noko dyrt og stort og blankt frå ein gullsmedbutikk. Begge gongene var det suksess heime hjå mor, og mor var vel verdt dei blanke tinga, det er det ikkje tvil om.

Eg kjøpte drill til Rållså ein gong. For det var det ho ønska seg. Sa ho.

Det som er Rållserauå og meg sin felles plattform, før ungar og hus og alt det der som fort vert hovudprosjekt og vel så det, det er musikk, tekst, humor og film. Ymse kulturuttrykk.

Eg er kanhende litt meir rock, og ho litt meir klassisk. 

Eg kjøpte to billettar til Gjertruds Sigøynerorkester med Helge Jordal på gjestevokal. Britt Synnøve Johansen var òg på gjestevokal, skulle det visa seg.

Me kom til Påfyll ein liten time før konsertstart. Det var mest heilt fullt allereie, men me fann to barkrakkar heilt innst i ein krok, og hadde det me på godt norsk kallar 'restricted view'. Men det var kort veg til baren, og inne på Musikkstuen Påfyll er det skjermar som heng rundt om, for at alle skal ha ein sjans til å sjå litt.  Me er heilt i yngste enden av publikum. Rållså drakk kvitvin og eg Guinness.

Bandet vart stifta i 1989, og spelar i hovudsak austeuropeisk folkemusikk. Det er Cello, klarinett, kontrabass, fiolin og bratsj, og det svingar som berre faen.

Britt Synnøve Johansen kjem på. Eg tykkjer ho syng svingodt, og ho kallar bandet for verdas beste band, drar ei Piaf-vise på norsk og det er tydeleg at ho trivst på scenen, syng eit par songar til, og så er det cellisten som overtar mikrofonen. Det er enormt fint det og.

Vi i publikum trivst godt. Det er ei som gjer seg til å skravle i baren, og ho som står bak der gjer henne beskjed om å lukka nebbet med ein peikefinger over munnen.

Det er leik og vedmod i repertoaret til Gjertruds Sigøynerorkester, det går frå veldig sakte til bånn gass, og musikarane trakterer instrumenta sine med stor presisjon og sødme. Eg tykkjer lyden er litt for låg, men Rållså meiner at me kan høyra nyansane, noko som i og for seg er sant.

Når Helge Jordal entrar manesjen, kjem han mumlande på ein slags svensk, i vest og svart hatt, ein høg og lut mann på snart åtti år. Eg har forventningar til denne mannen som var landets mest kjende (og brukte) skodespelar på åttitalet. Han fomlar litt i byrjinga, eg får liksom ikkje tak på han under hatten, men utover i settet skjønar me at han berre har varma opp. Eit par av dei visene han syng: Mellom anna ein vakker og humoristisk versjon av Om eg var ein rik mann frå musikalen Spelemann på taket, han introduserer songen på ein måte som strekk banda heilt attende til Russland, til antisemittismen som rådde. Han er ein historieforteljar som står i ein tradisjon. Skodespelarar er ofte fantastiske songarar, ofte betre enn dei som 'berre' er songarar. Skodespelarar kan formidla tekst, som eigentleg er det viktigaste. Å halda ein tone er det mange som kan.

I ein vise-og folkemusikktradisjon er Jordal ein stor historieforteljar og songar, og eg kjenner meg priviligert over å få vera med på dette her. 

Og så fortel Helge Jordal at han ein gong blei spurd om han ville synga ein Tom Waits-song på ei plate som skulle gjes ut  til inntekt for Frelsesarmeen. Eg kunne jo ikkje si næi te å spille me et fullt hornokæster, men så fikk eg det jo ikkje til, så då dro eg hem og oversatte sangen te Bærgensk, så sang vi han inn på norsk, og Waitsen vettu, han syntes det va hel græit, jaja, bare gje han ut.

Jordal syng sin versjon av In the neighbourhood, eller Hær i gaten vår (som han kaller den) og vi syng etter beste evne med på refrenget. Det er nært og fint og småskakt og ellevilt bra.

Innimellom sit Jordal på ein stol i kanten på scenen mens han (mistenkjer eg) freistar å memorera tekst, medan bandet spelar andre songar frå repertoaret.

Og når ein og ein halv time er gått er det slutt. Me tek ein Gammel Dansk for the road, og takkar orkesteret for musikken og ho bak baren for hysjinga.

Og når me går til 4-bussen seier Rållså til meg at det var verdas finaste julepresang.

Biletet har eg knabba frå arrangementet, det er frå ein tidlegare konsert.







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Løa i Tønnevik