Mi jobbreise del 15: Labourer

Bilderesultat for honeysuckle road southampton
I 2003 søkte eg permisjon og flytta med min dåverande til Southampton i England. meir presist: ho hadde flytta i førevegen, og eg kom etter.
Felleskjøpet hadde innvilga eitt års permisjon, eg hadde ein konto med nokre pengar på, og ein koffert full av bøker og plater.
Eg hadde det ikkje direkte travelt med å finna meg jobb, me budde den første tida i eit såkalla shared house, på eit lite rom i de mindre pene deler av Southampton på sørkytsten. Området vart kalla Flowers estate, og vegen hadde det oppløftande namnet Honeysuckle Road, det var nokså slitent, men billeg, og det var nære universitetet der ekskjerasten studerte.
I huset budde det eit par til, ei dame frå Italia, og ein ung PHD- student frå Middelsborough, og så budde det ein Greker, og ein godt vaksen kar frå Kina. Dette fungerte overraskande godt, alle var vener, og levde sine liv parallelt med kvarandre. Av og til fann me på ting saman. Delte eit par flasker vin i det som var stova, som ikkje var ei stove, men eit såkalt conservatory. Meir som eit drivhus i samband med resten. Det var dessutan det einaste rommet som ikkje hadde veggtilvegg-teppe.
Eg bruka å sjå fotball på ein pub nede på Burgess Road. Valet av pub var tilfeldig. Fotballen var ikkje den beste for Liverpool sin del. Men me slo Manchester United i Ligacupfinalen. Og Owen var ganske bra, men ellers var det ikkje vår sesong. Og så vart Gerard Houllier sjuk, og assistent Phil Thompson leia laget frå sidelinja.
På puben snakka eg sjeldan med folk, men ein dag ute på seinvinteren trefte eg ein raudmussa Walisar som heitte Emrys ein Fellow red, som dei seier. Ein  Han spurde etter kva eg dreiv med, og kvar eg kom frå. Og så gav han meg kortet sitt, og sa at dersom eg var på utkikk etter jobb, så var han formann på eit byggeprosjekt, og løna var ikkje allverdas, men dersom eg var sugen, så kunne han fiksa nokre vekers jobb til meg.
Eg tok mot til meg, og ringde han dagen etter, og dagen etter der igjen, sat eg i varebilen hans på veg til jobb. Han forklarte - i grove trekk - kva jobben gjekk ut på.
Før me gjekk ut av bilen utafor anleggsbrakkene, sa Emrys: If the lads ask you how you got the job - don't tell them you met me at the pub! You see, I had to let their friend go yesterday, he wasn't werking properly, so I had to let him go.
Han hadde gitt ein fyr sparken og gitt jobben hans til meg. Frå eit moralsk perspektiv var dette tvilsamt, men moralen er tvilsam i det britiske arbeidslivet.
Eg var ansatt via eit vikarbyrå. Firmaet hans dreiv med etterisolasjon av kommunale blokker - såkalla Council flats - handverkarar gjorde jobben, Builders, Plasterers, og Painters, og eg joina et lag av Labourers. Stu og Andy var litt yngre enn meg og - rett nok - dei spurde korleis eg hadde fått jobben, og eg sa at vikarbyrået hadde sett meg inn.
Me var lågast på rangstigen, og hadde i oppgåve å forsyna fagfolka med byggjematerial, å rydda og hiva avfall, og vaska vindauga.
På Fredagen var berre halvparten av folka på jobb, og på Mandagen var det heilt likt. Det hang i stor grad saman med drikkevanane til folka. Dei kunne godt lika ein pint eller to.
På dette prosjektet levde alle på Emrys sin nåde, og kvar veke var det folk som måtte finna seg ein annan jobb, fordi tålmodet hans med dei var slutt.
Frå eit norsk perspektiv var det smått absurd at ein kunne ta så lett på dette med jobben. Jobben er det som gjer inntekt. Betaler rekningar, forsørgjer familien og så bortetter.
Stu og Andy såg ingen grunn til å yta noko meir enn det absolutte minimum. På Fredagane (når dei var der) lurte dei seg opp på taket for å røyka gras. Og ein gong eg skulle sitja på med dei heim, utspant det seg ein absurd situasjon framfor auene mine.
Beggje kumpanane var godt fnisete, og det var Andy som køyrde bilen, og så stoppa han på baksida av byggeplassen der det var ein container med materialar i, og Stu smatt ut av bilen men ein skiftenykkel i handa, skrudde opp ein sandwich som heldt byggjegjerdet saman. Bak containeren hadde han lagt tre-fire rullar med bly, som han smugla ut under jakken.
Stu: Fuuucking hell!
Andy: That's beer-money for tonight, mate!
Eg lo med dei, over det absurde i situasjonen, og Andy gjorde ein legendarisk rømningsbil-sladd og sette kursen mot byen, og sin kontakt i skraphandlar-bransjen.
Men Emrys var heller ikkje nøgd med lønna han hadde, så han forsynte seg med sement og belegningsstein som han tok med seg heim til Wales. Den Britiske byggebransjen framsto for meg som gjennomsyra av småkriminalitet, ustabile arbeidsforhold og gjefaen-haldningar.
Og ein kan jo berre spekulera i kvifor, og eg vart litt fascinert over det eg opplevde, men som arbeidstakar ville eg aldri i verda ha byta plass med dei.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Lagelig til for høgg

Om mørke