Mi jobbreise del 13: Felleskjøp-mann


Far min var av den gamle skulen fedre.
Av typen som viste omsorg med handling meir enn ord.
Og så kjende han mykje folk. Eg har tenkt ein del på kor eg hadde vore i dag dersom han ikkje hadde framsnakka meg for Jåsund på lageret på Kvalaberg i 1996.
Kanskje eg måtte ha funne meg noko å gjera sjølv. Eg hadde flytta til byen, budde i lag med min gode ven Skjærtil. Litt for sentralt for ein som var såpass glad i ein rangel.
På førehand fekk eg veta at løna var kring hundre kroner i timen . Det viste seg at 'kring hundre' var 81, og det var longt frå nok, og hadde ikkje Skjærtil fått det meste av husleiga dekka av millitæret, så kan det hende at eg hadde sklidd ut i rus og kriminalitet.
Det var TO Jåsundar på Felleskjøpet i 1996, og eg gjekk til feil mann - han som dreiv traktorverkstaden - og etter ein del om og men vart eg send ned på fabrikken med ein flau smak i munnen. Felleskjøp-jobben rekna eg for å vera midlertidig, for det var kun snakk om kort tid før bandet ville slå igjennom for alvor, og verda ville ligga open for våre føter.
Eg vart gåande saman med ein elektrikar som heitte Trond, som lika jakt og røykte Prince og var pisselei av Felleskjøpet, og vi laga branntettingar på det eine blanderiet dei første månadene, det var ein uinispirerande jobb, men me tok oss gode pausar. Eg fekk løn kvar fjortande dag, og var blakk annakvar veke. Kvar dag gjekk eg Hjelmelandsgata over Storhaug, forbi Jehovas-bastionen Rikets Sal, som var eit digert murhus overgrodd av slyngplantar, og likna meir på eit festningsverk enn eit gudshus.
Eg likte særleg det siste stykket, over Hillevågsvatnet, der eg kunne sjå på båtane som låg tett i tett og gynga i takt med fjorden sine monge luner.
Til alt overmål heiter området Paradis.
Etter seks månader på kne i Blanderi 2, vart eg flytta til Siloen.
Eg klora meg fast der. Lossa kornskip og arbeidde i tankar. (Legg merke til at eg ikkje fell for billige ordspel som 'alle mine tankar', eller 'gjekk i eigne tankar', eller 'det er lov til å ha fleire tankar i hovudet på ein gong'). Så den løyste eg elegant.
Etter eit par år som innleigd vart Firmaet tvungen til å gje meg fast jobb, og eg flytta til Hillevåg, og vart næraste nabo, i rarehuset  med übergunstig husleige og kort veg til jobben.
Eg hadde så kort veg til jobb, at eg ein gong var komen halvvegs ned på industriområdet får eg oppdaga at eg fortsatt gjekk i tøfler.
Rarehuset og tida der er godt dokumentert her, særleg i dei første 2-3 årgongane.
Eg fekk etterkvart sjansen til å turnera, men vart ikkje rik, og det vart eg ikkje av jobben heller, men eg hadde fleksible sjefar som gjorde det mogleg å vera båe Felleskjøp-mann og Rockestjerne. Jobben vart rekkverket som eg haldt meg fast i når turnèlivet gynga under føtene mine.
I 2003 flytta eg til England, der eg over eit års tid hadde to jobbar, og kan hende opplevingane i desse yrka gjev eit perspektiv på dette med jobb. Det får me sjå når me kjem dit.

Kommentarer

Unknown sa…
Klappelek laget av din datter og venninne:
Miiiiin far han er en Felleskjøpetmann, en Felleskjøpetmann en Felleskjøpetmann. Min far han er en Felleskjøpetmann og vet du hva han sa: BLANDE BLANDE. Miiiin mor hun er en.... Osv

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta