Knock eller Knib

Det er kring 2004, eg er ute og drikk Søndagsbayer med vener på Skjenkestuen. Det er ganske bra med folk der, og for ein gongs skuld snakkar eg med eit menneske som ikkje er medbragt. Det er ei dame - litt eldre enn meg - og eg har absolutt ingen intensjonar om noko anna enn å snakka, og kan hende smila litt. Me snakkar om Israel, og eg nemner at mitt dåverande band - stammen min - hadde fått eit spørsmål frå ein Israelsk impressario med spørsmål om me var interesserte i å spela der.
Ho er inne i noko innan kulturutveksling, og ho har håp om ein palestinsk stat, og dette er før Gaza vart gjort om til eit fengsel for born og vaksne av okkupasjonsmakta På denne tida var det enno optimistar som trudde det kunne fiksast. Eg var glad for at eg slapp å ta noko standpunkt til om me skulle seia ja til ein slik spelejobb, sidan det ikkje vart noko av.
Då eg gjekk ga eg henne ein klem.
Ho vart ståande stiv som ein staur, med armane rett ned, og dette sa meg at ho hadde mistolka kva som eigentleg låg i denne klemmen.
Og så merka eg det, men det gjekk ikkje an å snakka om det etterpå, utan at det vart kleint.
Liknande ting har skjedd seinare, sist for berre nokre veker sidan.
Klemmarar er sterkt misforståtte vesen

Men korleis er det med intimsoner, korleis omgås me - og andre- reint kroppsleg, og då meiner eg stadia før eventuell klining eller hekking, eller anna form for utveksling av kroppsvæsker.
Eg er ein klemmar. Som born lika eg godt å få klemmar - eigentleg av kven som helst - sjølv av damer som lukta sterkt av Marlboro og parfyme, og menner med håse sandpapirkjakar.
Mine mjuke bollekinn var nok relativt ettertrakta som knibeobjekt.

Då puberteten kom, vart det jamnt slutt. Eg har skrive ein heil del om mannsideala på 80 - talet. Morgan Kane, Rambo, Clay Allison. Karar med sigarett i munnviken og hår på bjellene.
Kroppskontakt var alltid knocking - eller knepping. ALDRI knibing.
Knibing mellom MENN - det var lenger vekke enn det NASA styrer med på Mars om dagen.
Den mjuke mannen - han sto ikkje høgt i kurs på bygda.
I den grad det fanns knibarar - som meg sjølv - så var me i skåpet. Heilt innforbi dei kvite tennissokkane.

Eg veit ikkje heilt kva tid eg kom ut av skåpet. Det var kan hende kring årtusenskiftet. Min ven Pål Øystein var knibens apostel i vår omgangskrets. Bamseknibens Johannes døyparen.
Å få ungar hadde heilt klart ein forsterkande effekt. Dei vert rolege. Eg vert roleg av ein skikkeleg knib. Mot angst er det ingenting som er betre. Mot sorg. Klem til.


Det November 2010, det er minnestund i far sin begravelse. Eg har stått og burgrene på den vesle gravplassen oppunder Randåsen, og eg var ikkje aleine om det.
Eg klemmar alle dei godt vaksne kompisane og kollegaene til far, og dei veit ikkje kva dei skal gjere. Berre vente til eg slepp taket. Men eg er på sett og vis oppløyst i sorg og har funksjonen som heiter impulskontroll slegen av.
Eg tykkjer alle burde kniba litt meir, og knocka litt mindre.
Så var det sagt.

Kommentarer

Astrid sa…
Mange tak. :)

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta