Mi Jobbreise del 14: Dørvakt

Bilderesultat for christian bodega stavanger
Av alle dei jobbane eg har vore lite egna til, er gjerninga som dørvakt på to av Stavanger sine mest belasta utestader den som står fram som mest feil.
Min veldig gode ven og våpendragar Runar hadde jobba som bartender i Bergen, og no hadde han flytta til Stavanger, og tok skift på Christian Bodega i Øvre Holmegata. I Stavanger er det slik at nokre få menn sit på skjenkeløyva, og han som eigde eller dreiv Bodegaen eigde eller dreiv òg Korvetten, og eit par andre uteplassar.
Beggje desse stadane hadde 18 års aldersgrense, og rimeleg øl, og resulatet av dette var eit høgst blanda klientell, ein miks av eldre, litt slitne sjeler, og pur unge folk i alderen 16 - 19 år.
Runar passa godt til å jobba i utelivsbransjen, han var smart, kjapp i vendinga, utadvendt, og passeleg rocka. Desutan hadde han mest ubegrensa sjøltillit, det virka mest som han trudde han kunne gå på vatnet, og nokon gonger var det akkurat det han gjorde.
På eitt eller anna vis hadde han fått det for seg at eg òg kunne passa i denne gesjeften. Og så trakk han i nokre trådar, og plutseleg sto eg utanfor Korvetten ein Fredagskveld, og var ein del av eit vaktlag.
Dørvaktene i Stavanger hadde på denne tida ei primæroppgåve: Å sørga for at eigaren ikkje mista skjenkeløyvet sitt. Typiske ting som kunne setja skjenkeløyvet i fare var at ein slapp inn og serverte alkohol til mindreårige, eller serverte overstadig berusa gjester.
Dei færraste har råd til å vera på byen frå tidleg til seint. Og i MIN omgangskrets var det vanleg med tung Vorsing før ein gjekk ut, og nokon gonger var vorsinga for tung, og dørvakten stempla deg som overstadig berusa. Ja, me ser alle dilemmaet her?
Dørvaktene er førstelinja i utelivsbransjen. Sjekkar legitimasjon. Hiv ut bråkebøtter og dei som søv eller vært kranglevorne.
- Koss e formen din då?
- Jo, heilt fine
- E du sikker på det?
- Jaja, superform! Heilt topp!
Og så var det slutt.
- Sorry, du e for full!
Eller enda bedre: Ta deg ein ronde å kom tebage seinare!
Nattelivet i Stavanger sett med edru auger er ikkje noko vakkert syn.
Den første natta der, på Korvetten, saman med veteranen, som var kraftig og nokså kjip, gav ikkje meirsmak. Han kvalma seg blant anna til mot ei som hadde falsk leg, og truga med politiet. Eg måtte ned i diskoteket og halvt bera ein kanakkas fyr opp trappene og senda han ut i den vasskalde Stavangervinteren, Jobben var terningkast to, men dagen etter skulle verta mykje verre.
Eg såg fram til å jobba med Runar.
Me var eit veldig bra team på den andre sida av bardisken. Runar tok oppstilling bak disken, rulla Stones på stereoen, og plasserte meg i døra. Det seig på med folk. Mest unge, men og eit par av dei gamle kjenningane. Mellom anna han på krykker som tidlegare hadde hatt karantene i to år av di han hadde dratt kniven der inne. Innramma på veggen bak baren hang ei falma restaurant-anmelding som hevda at Christian Bodega er den røffeste havnekneipa nord for Hamburg. 
Ein kald vind seig inn frå fjorden, gatene og fortaua var blaute. Det var 2-3 varmegrader og regn, og eg slapp stort sett folk inn , og det var toleg god stemning inne, og så kom det ein fyr bort til meg - peika på ei jente og sa: Du, eg e vakt på Jazzhjørna, og hu der e bare sytten år. Du bestemme sjøl ka du vil gjørr, men kåmme skjenkekontrollen så...
Satan.
Jeg gikk bort til bordet - hvor hun satt med en skokk venner - og spurte om jeg kunne få se aldersbevis.
-KA? FAEN! DIN JÆVLA TOG! EG E ATTEN! EG E ATTEN, ALTSÅ! EG LOVE!
- Sorry, du e bare sytten år, du e kje gammale nok te å ver her.
Eg tok henne (nokså) vennlg i armen og drog henne mot utgangsdøra, medan ho stritta i mot og auste skjellsord over meg, ho prøvde og å vinne gamlekarane over på si side: BJØRN! SANT EG E ATTEN! HAN HER HELVEDES IDIOTEN VIL KJE TRO MEG! EG E ATTEN! SANT EG E ATTEN!
Eg tenkte at dersom eg berre fekk henne ut, så ville ho nok gå, og då ville det verste vera over, men det skulle visa seg at eg tok skammeleg feil.
Ho gjekk nemleg ikkje. Ho vart ståande ute på fortauet og ausa forbannelsar over meg. Ho var kledd i alt for tynne klede, og skjørtet hennar var så kort at det såg ut som eit litt breidt belte, og etter ein halv time var eg så sleten av å verta hundsa av dette mennesket, at eg gjekk inn til Runar og spurde han om råd.
- Vent litt, så ska eg fiksa det! Sa han.
Så gjekk han ut til henne, med meg i helane og sa: LOVE du å ikkje drikka? 
- Ja.
- Ok, då kan du komma inn igjen!
Eg kunne ikkje tru det eg høyrte. Snakk om kniv i ryggen!
Han fortsatte å vera den kule og rocka bartendaren, og eg inntok rolla som den nazistiske dørvakt-pikken. Og kvar gong eg gjekk forbi henne så ropte ho JÆVLA PIKK! Og då me hadde stengt utpå natta, slengde eg dørvakt-skiltet mitt på disken til Runar og betakka meg for vidare samarbeid.
Jobben får terninkast 1. Aldri meir.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Lagelig til for høgg

Om mørke