Magnar Egil Riveland


Eg vart kjend med Magnar på Nessa ein gong kring 1987, han var blidare enn dei fleste andre på arrangementet. Han er den einaste eg har vorte kjent med på Nessadans. Ok, det var ein gong eg hadde friska meg at eg klinte med to forskjellige jenter, men eg reknar ikkje med å verta invitert i deira 50-årsdagar, for å seia det på den måten. Like greit, kan hende.
Magnar var heilt forskjellig frå alle dei eg kjende frå før.
For det første var han mykje blidare, han tulla og lo, og yppa ikkje til bråk eller tafsa på jentene i buskane.
Men det var feelgood 0ver heile linja. På same dans trefte eg Tvitten for første gong, han var meir tilbakehalden enn Magnar.
Han såg hånleg på meg og sa: Javel. E det litle Bergøyen så e ude å fere.
Seinere har Tvitt sagt: Eg likte deg ikkje, eg likte deg ikkje i det heila tatt. 
Dette var - etter dette møtet - milt sagt gjensidige kjensler.

Det gjekk vel enno eit par år før eg vart skikkeleg kjend med Magnar. Eg hadde jo vore med i teaterlaget. Ikkje av di eg var så talentfull, men fordi både mor og far og Bergljot var med. Magnar gjorde sin debut i revyen Papegøyen e lause, og det året var ikkje eg med, for eg var i millitæret, men eg høyrte gjetord om den talentfulle og morosame unge mannen frå både mor og far, og det var heilt opplagt at han hadde kome på rett hylle.
Etter at eg var ferdig i militæret fekk eg jobb som fulltidsavløysar i Årdal, med hus inkludert i løna, og det var så sentralt som det går an å få det i den bygda, med 300 meter til GEA, og 150 til Handelslajet, og det var stas å ha eit heilt hus for seg sjølv.
Og eg hadde ein liten dum TV, og så reiste eg til Jørpeland og handla eit stereoanlegg MED CD-spelar og to digre, buldrande JAMO høgtalarar og ein VHS - spelar av merket AKAI.
Magnar var min hyppigaste gjest, og på mange måtar ga han meg sårt tiltrengt grunnkurs i humor. Vi sat ofte foran det vesle fjernsynet og såg Monty Python, ting med Chevy Chase, og Steve Martin, Fleksnes, og så vidare. Fleksnes var for så vidt allemannseige i 1990.
Men dei andre var det Magnar som spelte inn for meg. me røykte ein milliard sigarettar og drakk litervis med kaffi.
Eg ga han Kenny Rodgers i retur.
Eg fekk mange vener i den perioden, og fleire av dei har eg enno kontakt med.
Den første vinteren - 89-90, sette me opp Evert Taube - kabareten Så lenge skuta kan gå med teaterlaget. Det var kan hende den kjekkaste forestillinga eg har vore med på.
Og for første gong fekk eg litt å jobba med og, eit par solosongar, pluss mykje anna.
Magnar var ikkje med på scenen under denne forestillinga, men han hang mykje rundt, og så hadde han eit opptak av heile forestillinga på MC - Music Cassette, som han spelte i den kvite Audien sin når me var ute og køyrde, og det var me ofte. Og mange av dei andre kompisane hans - særleg Kjetil Valheim - hadde sterke meiningar om denne kassetten.
Seinare sto me på scenen saman og, og Magnar viste seg å vera ekstremt talentfull på skrivesida og, og har bidrege med enorme mengder sketsjar og monologar opp igjennom åra.
Ein kan mest seia at Magnar er ein institusjon i seg sjølv.
Magnar er snill, smart, morosam og ein veldig veldig fin fyr. Ein sjelden blome i det Hjelmelandske landskapet.
Og tusen takk for at Silje og eg fekk koma på 50-årsfesten din!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta